Kan berre ikkje køyre forbi

Nils Gjerde på taket av saga på Gjerde i Valldal med snøfres for å få vekk snøen.

På Gjerde i Valldal den fyrste dagen i februar måtte Storfjordnytt stoppe på sin ferd fram i dalen. Oppe på eit tak like ved vegen stod snøspruten høgt til vers. Med kamera i nevane nærmar vi oss hendinga og Nils Gjerde stoppar opp snøfresen han har fått med seg opp på taket der saga hans held hus.

– Jasså dokke har ikkje så mykje å skrive om no då, seier han.

– Eg prøver å spare meg litt arbeid på denne måten. Det fungerer greit, kanskje hadde det vore betre med belte i staden for hjul på snøfresen. Taket er bølgjeblekk og held i massevis avsluttar han, og så står snøspruten høgt til vers att.