Kanskje blir det motbakkeløp i Norddal

Ole Magnus Ljøen Melchior, Peter Melchior og Nathalia Rivero klypper snora før dei testar det som kan bli ei ny styrkeprøve for motbakkeløparane.

Norddal idrettslag har mange spenstige planar for framtida. Ein av desse er å få til motbakkeløpet Torvløysa opp. Det vil seie: dersom verneområdestyret gjev løyve til det, då. Det veit ikkje Oddmund Dalhus, Else Ragni Yttredal og dei andre som har arbeidd med dette før uti oktober ein gong – først då vert saka behandla.

Laurdag vart løypa testa, og tre spreke sjeler stod på startstreken nede ved sjøen: Ole Magnus Ljøen Melchior, Peter Melchior og Nathalia Rivero, jenta frå Kanariøyane som i sommar har halde til hos Tove Løvik og Roar Hjelle.

– Er ikkje dette litt galskap? – Jau, det er det, sa Ole Magnus før start og tippa han ville bruke halvannan til to timar opp. Etter testløpet var han eigentleg godt nøgd, med ei tid på 4 timar og 27 minutt opp og ned. Dermed var det ikkje så gale tipping på tid. Fire personar deltok med start på Rellingsetra, desse var Tore Relling, Siv Berge, Wenche Hareide og Else Ragni Yttredal. Oddmund Dalhus fortel at løpet blir unikt dersom verneområdestyret gir idrettslaget lov til å arrangere motbakkeløp.

– Det vil vere det einaste løpet i landet som går frå null til 1851 meter over havet på ein distanse på 24,42 kilometer. Dalhus er også nøgd med vêret denne dagen og seier dei fekk testa i både sol, skodde og regn. Om dei får lov til å arrangere løp, må saka behandlast i styret i idrettslaget for endeleg avgjerd om dei skal arrangere noko slikt eller ikkje.

– Det må skje raskt etter eit eventuelt ja frå verneområdestyret, slik at vi får marknadsført løpet, får det inn på terminlister og slike ting, avsluttar Dalhus.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no