Kanskje blir det tannhelseteneste tre dagar i veka i Valldal

Tannlege Markus Haberberger har fått godkjend permisjon i 60 prosent i 2020. I den perioden skal han arbeide to dagar i veka på tannlegekontoret i Valldal saman med tannhelsesekretær Randi Falling.

Fylkeskommunen si tannhelseteneste i Valldal kjem i 2020 til å behandle berre dei som har rett på gratis tannlege. Det er dei under 20 år, personar med nedsett funksjonsevne, dei som høyrer inn under heimesjukepleien og dei som bur på institusjon.

Andre som ikkje kjem inn under desse kategoriane og som har nytta tannklinikken i Valldal tidlegare, vil ikkje verte innkalla i 2020 og må sjølve ta kontakt med ein annan tannklinikk.

Kanskje tre dagar i veka

Tidlegare har tannlege Markus Haberberger teke imot andre pasientar. No har han søkt om 60 prosent permisjon frå tannklinikken i Valldal og skal ta til å arbeide på Skodje tannklinikk AS som er ein privat klinikk.

– Eg har eit ønske om å arbeide saman med andre tannlegar i eit større fagleg miljø. Eg søkjer  nye utfordringar og så får vi sjå kva som skjer når det året er over, seier Markus Haberberger.

Han vil halde fram i 40 prosent stilling på tannlegekontoret i Valldal. Randi Falling er tannhelsesekretær og tilsett i 100 prosent hos fylkestannlegen. Ho vil arbeide halve stillinga si i Valldal og elles på fylkestannlegen sine klinikkar i nærleiken.

Regionen

– Vi er ein del av Ålesund kompetanseregion og dei nyttar ressursane på best mogleg vis, seier Randi Falling. Dei ønskjer at tannpleiar Marte-Lise Klokk Bjørnevik skal kunne vere på tannlegekontoret i Valldal ein dag i veka, i dag er ho i Valldal i ein gong i månaden. Då vil tannlegekontoret i Valldal vere ope tre dagar i veka. To dagar med tannlege og tannhelsesekretær, ein dag med tannpleier og tannhelsesekretær.

Korleis det vert i framtida, er det overtannlegen i kompetanseregionen i Ålesund som bestemmer. Han rår over ressursane og kan nytte dei slik det passar best. Det er laga ein omstilllingsrapport som omhandlar organisering og strukturen for den offentlege tannhelsetenesta i Møre og Romsdal. Dei som har lyst til å sjå nærare på omstillingsrapporten finn den her: https://einnsyn.mrfylke.no/application/get_document/1627725?hash=a89ae65b3a84f71111e7b8158aacbbbf

Økonomi er ein viktig ingrediens i slik planlegging. I Sunnmørsposten onsdag 6. november kunne du lese at Fylkestannlegen skulle utvide tannklinikken i Valldal, det er ikkje tilfelle. I rapporten vert tannklikken i Valldal nemnt som ein av dei som vil verte oppretthaldne.

Alfred Nilsen
alfred@storfjordnytt.no