– Kjekt å gjere ein innsats 

Gjengen i 8. og 9. klasse ved Stordal skule har «Innsats for andre» som valfag, og sist torsdag arrangerte dei fotballturnering og kiosksal og fekk inn total 7735 kroner.

 – Finn på noko i forkant av TV-aksjonen som kan engasjere og generere inntekter!

Slik utfordra rådgjevaren ved Stordal skule gruppa med elevar frå 8. og 9. klasse som har valfaget Innsats for andre. Sist torsdag sette dei ideen sin ut i livet og heile skulen var med på aktivitetane dei hadde kome fram til.

Fotballturnering

Maja Arnes i 8. klasse kom med ein stor idé om ei fotballturnering. Ideen vart skalert ned og arrangert i Stordalshallen torsdag i førre veke. 

Dei starta med planlegginga og snakka seg fram til ein måte dei ville organisere turneringa på. Logistikk, kampoppsett og kva dei skulle selje i kiosken. Håpet var at foreldre skulle kome og vere publikum, noko som er litt vanskeleg midt på dagen, men nokre var til stades saman med lærarane. 

Dei elevane som ville, kunne betale deltakaravgift og få vaffel og saft inkludert. 

Lone Stavnes er lærar i valfagtimane og synest elevane hadde vore flinke, både i planlegginga og til å gjennomføre oppgåvene. Vaffelrøra, rømmen og syltetøyet var deira bidrag. På skulekjøkkenet er heile gjengen i aktivitet. I kioskvindauget kjem det stadige nye kundar, og før klokka var tolv, hadde dei fått inn heile 4000 kroner. Medan Storfjordnytt er til stades underheld småskulen med eit flott korinnslag. Resten av skulen er publikum.

Valfag

Det er andre året dei har dette valfaget på Stordal skule. I år er det ni elevar, og tre av dei er gutar. Året før vare det ingen gutar.

Kvar onsdag har dei éin og ein halv time på vekeplanen. Då planlegg dei aktivitetar dei vil gjere for andre. Dei har delt ut flygeblad i postkassane for å marknadsføre seg.

– Vi prøver å komme på ting vi kan gjere for andre. Det vi  ønskjer, er å gjere andre glad, seier ein av gutane. Han synest det er eit kjekt fag. Dei kan handle, vere samtalepartnarar og gjere enkle ting av husarbeid. 

Valfaget har heile tida hatt eit godt samarbeid med Frivilligsentralen. Dei får disponere lokala gratis og Bjørg Jakobsen har sett elevane inn i korleis sentralen arbeider. Dei tek del på eit seks timars kurs om demens etter jul, og då vil elevane få diplom for gjennomført kurs.

Denne hausten skal dei arrangere aktivitetar for barnehagen og datakurs for alle på Frivilligsentralen. I tillegg skal dei besøke omsorgsbustadene for å underhalde og prate litt med dei som bur der.

– Det krev ein del planlegging og det kan vere krevjande og ikkje så kjekt. Det er kjekkare å gjennomføre det vi har bestemt, seier dei to eldste i gruppa.

Vaffelsalet går mot slutten, og to elevar står å kuttar frukt i bitar. Det skal elevane som spelar fotballturnering, leske seg på. Alle har dei like t-skjorter med logo. Ho designa dei sjølve. Dei finansierte t-skjortene og fekk dei trykt opp i fjor. No fungerer ho som uniform slik at dei lett skal kjennast att.

Alfred Nilsen
alfred@storfjordnytt.no