Kjenner du att denne?

Tafjord Transport, står det på denne lastebilen. No står bilen i nærleiken av Kragerø – og den nye eigaren tek meir enn gjerne imot både informasjon og historier om både bilen og firmaet. Foto utlånt av Helge Arvid Tørnes.

Denne karen har nok vore ein slitar med mange tunge lass bak seg i Tafjord og elles i området vårt her på indre strok.

Bamse?

På bilen står det ifølgje innsendar «Tafjord Transport, 6213 Tafjord, tlf 58187» og sjølve lastebilen er ein Volvo N88-modell, muligens er dette også modellen som vart kalla Bamse.

Ifølgje eit kjapt søk på internett var Volvo Titan ein serie lastebilar som vart produsert frå 1951 til 1973. Det starta i 1951 då Volvo introduserte den største lastebilen sin, L395, med ein sekssylindra VDF diesel rekkjemotor med 150 hestekrafter.

I 1965 kom Volvo med sin N88. Denne hadde framleis førarhuset frå Titan, men hadde ei ny åttetrinns girkasse med forsterka chassis og hjulfjæring. N88 hadde dieselmotor med ein stad mellom 165 og 200 hestekrafter, og ville ein ha ein skikkeleg kraftkar, kunne ein få N88 i turbodieselversjon med heile 260 hestekrafter. N88 vart produsert fram til 1973 då den vart etterfølgd av Volvo F88.

Til saman vart det produsert kring 40.000 eksemplar av Volvo Titan og dette eksemplaret av N88 har bevega seg frå å gjere teneste i Tafjord til Njåsgrenda i Drangedal der den no står.

Historieinteressert

Den nye eigaren er svært interessert i historia til lastebilen og lurer på om der er nokon som hugsar at den har vore i bruk – og som kanskje også vil skrive litt om selskapet som kanskje ikkje er meir i dag.

Kan hende har denne slitaren vore med på å byggje eller iallfall halde ved like Zakariasdammen?

Lastebilen har altså blitt sørlending, ettersom Drangedal er om lag fem mil frå Kragerø og den tilhøyrer Terje Kristensen som bur i Bamble kommune, ein fem-seks mil unna.

Kristensen har fleire slike Volvo-bilar og innsendaren av fotoet meiner at eigar truleg vil pusse opp denne.

Kva kunne ein slik lastebil koste då han var ny – og når var eigentleg bilen ny? Storfjordnytt får vite at den har kraftig understell og har også kran til å laste stykkgods med. Ergo er han relativt godt utstyrt. Var han slik utstyrt då han var ny, eller er har bilen fått «ekstrautstyret» seinare? Mange spørsmål altså, men få svar og her håper vi at Storfjordnytt sine lesarar kan hjelpe både avisa og eigaren av lastebilen.

Tek imot info

Oppmodinga går ut til lesarane: Storfjordnytt tek meir enn gjerne imot informasjon og historier om både lastebilen og verksemda og set det på trykk. Og så formidlar vi sjølvsagt det vi får vite vidare til karane som styrer med lastebilen no.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no

Video og meir lastebilstoff.