– Kom dykk ut, damer!

Saman med Jan Gunnar Døving og Håvard Heggen held Ann Kristin jegerprøvekurs. Nye damer dukkar opp på kursa kvart einaste år, seier ho nøgd.

Det starta med ei alt for stor kamuflasjeskorte og ein far som tok henne med. I dag jaktar Ann Kristin Godø Hoel kvar haust. Og ho nyt det.

– Eg hoppa rundt i ei lånt skjorte som far min hadde funne til meg når eg fekk vere med han på jakt heime på Godøya, utanfor Ålesund. Eg var vel om lag fem, og eg sa til far at han ikkje fekk skyte dyra vi møtte på, for dei måtte bli større først, ler ho.

Heller jakt enn ferie

Vi er heime hos Ann Kristin på garden der ho, mannen og dei fire sønene bur. Mellom førti og femti sauer held hus ute i fjøset, og ein merkar at terrenget er litt opnare her enn lenger framme i dalen når vi ruslar ein tur i marka.

I mange år valde Ann Kristin jakta framfor å reise på ferie.

Fire gutar har kome til, både ho og mannen er i full jobb ved sidan av og gardsarbeidet krev sitt. Det vert ikkje så mykje tid som før, men det byrjar å kome seg, som ho seier.

– Eg ser fram til å få fleire dyr på jakt-CVen no framover.

Viktig å kome seg ut

– Vi er eigentleg ein god del damer som jaktar, det har auka på dei siste åra og det er blitt greit for oss damene å seie at vi skal på jakt, fortel Ann Kristin.

– Nokre damer blir nok påverka av mannen sin, og fattar jaktinteresse av den grunn. Andre har, som eg, vakse opp med det, og det fell seg heilt naturleg å halde fram, tenkjer ho høgt for seg sjøl og legg til at det er «god medisin for hovudet».

– Fleire burde vurdere det, meiner ho.

Ho seier at ei av utfordringane som dukkar opp for ein del damer iblant, er at dei ikkje kjem seg ut. Dei tek kursa og prøvene sine, og er eigentleg klare for å reise ut og jakte. Så vert dei sitjande heime, anten fordi dei manglar nokon å jakte saman med eller fordi dei føler dei manglar nok kunnskap om det å drive jakt. Godø Hoel meiner ein er nøydd til å kome seg ut for å lære noko.

– Kurset er berre eit teoretisk grunnlag, det er ute i marka ein får praktisk erfaring, sosialisering og kjensla av at ein meistrar, seier ho.

Tryggleik

Våpen og våpenhandtering er ein del av det, og ifølgje Ann Kristin høyrer ein kvart år om folk som har ferdast i marka og reagert på åtferda til dei som driv med jakt.

– Marka er for alle. Det er utruleg viktig å ta hensyn til at alle slags folk ferdast der, og følgje reglane våre. Våpenet og respekta for det skal ein ta på alvor, både der det vert oppbevart og ute i terrenget, understrekar ho.

– No ser eg fram til å kome meg ut igjen, her på Hoel og framme på Furneset, kor ein nyttar tida til nettopp det; jakt, smiler ein glad jeger.

Mathilde vinje
mathilde@storfjordnytt.no