Kommunestyret i Stranda vil sende liabygdaelevane til Valldal på skule der

Nok ein gong er Liabygda skule vedteken nedlagt – og no vil strandapolitikarane kjøpe skuleplassar i Valldal. Arkivfoto.

Sist onsdag ombestemte kommunestyret i Stranda seg nok ein gong når det gjeld elevane ved Liabygda skule. No vil dei kjøpe skuleplass i Valldal for elevane ved Liabygda skule.

Det er tredje gongen kommunestyret gjer vedtak om Liabygda skule. I fjor vart skulen vedtatt lagt ned og Stranda kommune bad om pris på skuleplass anten i Valldal eller i Stordal. Den gongen landa kommunestyret i Stranda på å  flytte alle elevane til Stranda.

Så kom saka opp på nytt på nyåret i år, då vedtok kommunestyret at første- til fjerdeklasse og barnehagen skulle samlokaliserast ved Liabygda skule – og at elevane frå femteklasse og oppover skulle til Stranda.

I slutten av april var det folkemøte i Liabygda, det munna ut i eit skriv til strandapolitikarane der dei vart oppmoda om å sjå til Valldal på nytt.

Nytt vedtak

Ønsket frå folk i bygda førte fram og førre veke ombestemte altså strandapolitikarane seg igjen, dei oppheva vedtaket i KOM-sak 032/19 og bestemte at Liabygda skule vert lagt ned frå august i år.

Det vart også vedteke at Stranda kommune kjøper skuleplass i Valldal av Fjord kommune for elevane frå første til tiande trinn, men at dei elevane frå Liabygda som no er elevar ved Stranda ungdomsskule, held fram der som i dag.

Liabygda barnehage skal tilby SFO til dei som ønskjer eit slikt tilbod, i tillegg får dei tilsette ved skulen tilbod om tilsvarande arbeid i Stranda kommune.

Det siste og sjuande punktet i vedtaket seier at kommunestyret ber administrasjonen og ordførar om å framforhandle avtale med Fjord kommune om kjøp av skuleplass i Valldal frå og med skulestart i august 2019 – og at avtalen skal endeleg godkjennast av kommunestyret i Stranda på møtet i juni 2019.

Tilbodet frå Fjord

Administrasjonssjef for Fjord kommune, Karl André Birkhol, har – i tråd med råd frå KS sentralt – i sitt tilbod til Stranda kommune lagt KOSTRA-tal til grunn for utrekning av økonomisk oppgjer mellom kommunane.

Det står å lese i brevet til Stranda kommune at det økonomiske ansvaret for skuleskyss og spesialundervisning ligg til heimkommunen til barna og ettersom utgifter til spesialundervisning ligg i kostra-tala til kommunane, er det praksis for å trekkje frå 20 prosent når ein skal berekne det økonomiske oppgjeret.

Ifølgje KOSTRA-tala brukar Norddal kommune 164.038 kroner per elev i grunnskulen, Stordal kommune ligg noko lågare med 137.600 kroner. Gjennomsnittet for Fjord kommune blir såleis 150.819 kroner. Til samanlikning viser dei same KOSTRA-tala at Stranda kommune brukar 151.054 kroner per elev.

I utrekninga si har administrasjonssjefen tatt utgangspunkt i gjennomsnittet for Fjord kommune, med fråtrekk for 20 prosent, noko som gir ein pris per elev på 120.655 kroner.

Så har administrasjonssjefen lagt seg noko lågare enn det og tilbyr Stranda kommune grunnskuleopplæring til 110.000 kroner per elev – føresett at Stranda kommune dekkjer utgifter knytt til spesialundervisning og skuleskyss.

I tillegg står det å lese at avtalen skal regulerast årleg i samsvar med KOSTRA og avtalen kan seiast opp innan 31. desember med verknad frå komande skuleår.

Rotete prosess

Skulesaka var naturleg nok tema på møtet i fellesnemnda tysdag ettermiddag.

Leiar av fellesnemnda, Eva Hove, meinte at fellesnemnda må oppnemne eit forhandlingsutval som kan forhandle fram avtalen med Stranda kommune.

Hove kommenterte også prosessen som har vore kring Liabygda skule, ein prosess ho synest har vore både underleg og rotete. Ho var også tydeleg på at tilbodet til Stranda kommune ikkje er behandla av fellesnemnda, tilbodet er heller ikkje utarbeidd med godkjenning frå fellesnemnda.

– Fellesnemnda må oppnemnde eit forhandlingsutval og så må også fellesnemnda ha moglegheit til å seie noko om tilbodet til Stranda kommune, sa ho.

Det var Olav Løvoll samd i og han føreslo at leiar av fellesnemnda og administrasjonssjefen skulle utgjere forhandlingsutvalet. Ettersom ein avtale må liggje føre før sommarferien, vart det også antyda at det kunne vere behov for eit ekstra møte i fellesnemnda i denne saka.

Billegsal

John Helge Larsen kommenterte at samanlikna med KOSTRA-tala, så har Stranda kommune fått ein svært god pris på skuleplass.

– Det er greitt, men vi skal vite om det. Det er kjekt med mange i klassen, men det er ingenting å tene på det, sa han. Eva Hove var samd i at tilbodet frå Fjord kommune er godt, men meiner at ein bør tolke det slik at Fjord kommune ønskjer at elevane frå Liabygda skal ha ein landfast skuleveg.

Elles vart det frå fleire i fellesnemnda kommentert at ein skulle ønske at Liabygda gjekk «all in», og at ein gjerne ønskjer heile Liabygda velkomen inn i Fjord kommune.

Administrasjonssjef Karl André Birkhol var ikkje til stades på tysdagens fellesnemndmøte, men sa i ein kommentar til Storfjordnytt at det er interessant at dei no ønskjer å kjøpe tenester frå Fjord kommune. Birkhol understrekar at ein frå Fjord kommune si side er ute etter eit godt samarbeid med og vil såleis vere imøtekomande overfor foreldre og elevar i Stranda kommune.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no