Listekandidatar Fjord kommune 2019

Presentasjon av listekandidatar
I dei siste utgåvene av Storfjordnytt har vi presentert mange av dei som stiller på liste til kommunevalet måndag 9. september. Målet var å presentere alle som listekandidatane, det greier vi nok ikkje, men dei aller fleste blir presenterte. Om du har lyst til å sjå og lese om dei ulike kandidatane på nytt, finn du dei her. Lista vil bli oppdatert etter kvart som vi får svar frå fleire kandidatar fram mot valet.

 

Eva Hove

Alder: 64 år

Yrke: rektor

Parti: Arbeidarpartiet

Tal på periodar i kommunestyret: seks

Tre ord om deg sjølv: Eg er arbeidssam, har sterk ansvarskjensle og likar å sjå resultat.

Hjartesaker: Gode velferdstenester til alle grupper, folketalsauke og næringsutvikling, styrke fellesskapet.

Les heile intervjuet

 

 

 

 


 

Rune Hårberg

Alder: 60 år
Bustad: Tafjord
Yrke: Industrirørleggar
Parti: Arbeiderpartiet
Tidlegare politisk erfaring? Ingen.

Litt om meg: Oppvaksen i Verdal i Nord-Trøndelag. Har arbeidd som bilelektrikar hos Bosch og Opel, industrirørleggar og kranriggar/flaggmann ved Aker Verdal. Friluftsmann og ivrig jeger og fisker, spesielt storviltjakt med elghund. Flytta til Tafjord i 2008.

Viktige saker for meg: Natur og miljø.

 

 

 

 


Adriana Cadavid Mendieta

Alder: 39
Bustad: Stordal
Yrke: Assistent
Parti: Arbeiderpartiet
Tidlegare politisk erfaring? Nei

Litt om meg: Fødd og oppvaksen i Bogotá-Colombia. Har sambuar og to barn. Utdanna advokat i heimlandet. Flytta til Noreg for tolv år sidan. På veg til å bli helsefagarbeidar, er leiar i Fagforbundet Norddal sidan februar 2018 og HTV (hovudtillitsvald) i Stordal sidan 2015.

Viktige saker for meg: Mi hjartesak og mitt ønske er at Fjord kommune blir ein heltidskommune. Høg andel deltidsstillingar og bruk av vikarar svekker tenestekvaliteten, derfor må deltidsarbeid reduserast. Ønskjer vi å sikre kvalitet og ha tilstrekkeleg kompetanse i tenesta, må vi jobbe intensivt og aktivt. Vi får mange gevinstar om vi satsar på heiltidskultur, mellom anna å fremje Fjord kommune som ein attraktiv arbeidsgjevar, godt arbeidsmiljø, sikre kontinuitet i tenesta mm. ALLE bør ha moglegheit til å ha full stilling og ei lønn å leve av!

 

 

 


Svein Linge

Alder: 72 år
Bustad: Valldal
Yrke: Pensjonist
Parti: Arbeiderpartiet.
Tidlegare politisk erfaring? 20 år i kommunestyret, 12 år i formannskapet, leiar av driftsutvalet.

Viktige saker for meg: Å finne fram til fornuftige økonomiske løysingar slik at vi får ein god skulepolitikk, god eldreomsorg og støtte opp under kulturlivet i kommunen.

 

 

 

 

 

 


Nathalie Antonetta de Vrieze-Elshout

Alder: 46
Bustad: Stordal
Yrke: Sosionom
Parti: Arbeiderpartiet
Tidlegare politisk erfaring? Diverse styrefunksjonar både i Nederland og Noreg.

Litt om meg: Flytta med mann og barn til Norge for ti år sidan, starta opp med sauehald og lokalmatproduksjon for fire år sidan og tok over Valldal Safteri AS saman med mannen min i fjor. 

Viktige saker for meg: miljø, biomangfold, landbruk/matjord, trygg mat, levande bygder.

 

 

 

 

 


Ann Karin Rudi

Alder: 40 år
Bustad: Stordal
Yrke: tek til med sosionomstudie i desse dagar
Parti: Arbeidarpartiet
Tidlegare politisk erfaring? Er styremedlem i Fagforbundet Norddal, der eg og har rolle som fagpolitisk kontakt. Elles er det å vere listekandidat for Fjord AP i år, mi første politiske erfaring.

Litt om meg: Eg bur saman med dotter mi på 14 år. Har arbeidd som hjelpepleiar i mesteparten av yrkeslivet mitt. Eg har og arbeidd nokre år som produksjonsmedarbeidar på Helland møbler, og den siste arbeidsstaden min var servicekontoret i Stordal kommune. No i august startar eg eit nytt tilvære som student, og det gler eg meg til. Eg trivast godt i Stordal, og på fritida mi liker eg mellom anna å stelle litt med hage, sjå tv-seriar, og synge i kor.

Viktige saker for meg: Eg er godt nøgd med partiprogrammet vi har sett saman i Fjord Arbeidarparti. Om eg skal trekke fram enkeltsaker, er heiltidskultur ei viktig sak for meg. Eg har personleg erfaring med ein sektor som i stor grad har vore prega av deltid, og ser ulempene det medfører for både tilsette, for den daglege drifta og for tenestemottakarar. Å arbeide for at flest mogleg skal ha heil, fast stilling er ei framtidsretta investering som vil kunne auke både trivsel, kvalitet og effektivitet på arbeidsplassane i kommunen vår.

 


Alv Ivar Eliassen

Alder: 58 år
Bustad: Eidsdal
Yrke: Matros i Fjord1
Parti: Arbeidarpartiet
Tidlegare politisk erfaring? To periodar som vara i kommunestyret.

Litt om meg: Likar godt å vere ute i naturen, fjellturar, gjerne med fiskestanga i sekken.

Viktige saker for meg: Vil arbeide for å ha eit godt helsetilbod og ei verdig eldreomsorg. Få ungdommen til å flytte tilbake ved endt skulegang, ved å opprette nye arbeidsplassar. Og ikkje minst, få god dialog att mellom bygdene på begge sider av fjorden.

 

 

 

 


Geir Martin Holstad 

Alder: 53 år
Bustad: Stordal 
Yrke: Innehavar og dagleg leiar av Holstad Varetransport 
Parti: Arbeidarpartiet 

Viktige saker for meg: Lever og brenn for vegane våre i kommunen.  Rassikring av Norddalsstranda  og ny vegtrase (Børdalslinja) samt ferjetilbod på sambandet Linge-Eidsdal  utanom sesong, samt betring av mobilsamband langs vegane og tunellane våre.

 

 

 

 

 

 


Olav Løvoll

Alder: 68 år
Bustad: Oppe i Åsen i Valldal
Yrke: Gjekk av med pensjon 1. november 2018 (sjølvstendig næringsdrivande frå 1. august 2019).
Parti: Arbeiderpartiet
Tidlegare politisk erfaring? Min politiske «karriere» starta i Rygge kommune før eg flytta til Norddal kommune. Har representert ulike politiske parti sidan min retur til kommunen i 1994, dette med bakgrunn i eiga modning og interesse for det som skjer i vår kommune. Lokalpolitikk er heldigvis noko heilt anna enn det dei styrer med sentralt. Har vore kommunestyremedlem i fire periodar siden 1996, medlem av formannskap i tre av periodene. Tidlegare også medlem i teknisk hovedutvalg. I inneverande periode er eg kommunestyremedlem, del av formannskapet, leiar av partsamansett utval. Er også medlem av fellesnemnda for Fjord kommmune som ein av fire frå Norddal kommune, er også leiar av partsamansett utval for Fjord kommune. Eg er spent og forventningsfull når det gjeld det komande valet, der vi skal bli Fjord kommune, spesielt fordi eg har stor tru på vår ordførarkandidat Eva Hove som politisk leiar i vår nye kommune.

Litt om meg: Eg gift med Turid og bur i Valldal. Vi har til saman fire barn og sju barnebarn, dessverre bur ingen av dei her inne hos oss. Eg flytta som sagt tilbake til Norddal kommune i 1994, jobba i Norddal kommune i elleve år, 3,5 år i Stordal kommune og dei siste elleve åra hos I P Huse AS på Harøya.

Viktige saker for meg: Av politiske saker som eg spesielt er opptatt av, er eldreomsorg og barn og ungdom sine oppvekstvilkår. For tida er eg spesielt opptatt av samanslåinga av Norddal og Stordal kommunar til Fjord kommune. Det blir viktig at vi klarer å oppretthalde gode basistenester der folk bur og utvikle ein positiv identitet. Tja, dette var bittelitt om personen Olav Løvoll som står som nummer to på Fjord Arbeiderparti si liste for kommunevalget 2019.


Tanja Anette Mathiesen

Alder: 46 år Bustad:
Bur i Eidsdal
Yrke: spesialpedagog
Parti: Arbeidarpartiet
Tidlegare politisk erfaring? Sat i kommunestyret i to periodar, samt driftsutval ein periode og delar av siste perioden i formannskapet.

Litt om meg: Har tre born og ein sambuar, ein jobb eg trivst med der ein får utfordringar og oppgåver av alle slag. Eg trivest med å gå i fjellet, lese bøker og likar å bli kjend med nye byar og land. 

Viktige saker for meg: For meg er det viktig å bidra til at barn og unge får eit godt oppvekstmiljø med høve til å utvikle seg på eigne premissar; med utgangspunkt i interesser og behov. Barnehagar og skular skal vere kompetente og ha fagleg styrke til å gi alle barn og unge eit godt grunnlag for framtida.

 

 

 

 


Kjell Arne Valdal

Alder: 49 år
Bustad: Valldal
Yrke: Møbelsnikkar, driftsteknikkar, gartnar
Parti: Arbeidarpartiet
Tidlegare politisk erfaring? Fast medlem av kommunestyret i fire periodar med eit opphald. Vara i formannskapet i to periodar. Nestleiar i næringsfondet i siste periode. Set i samarbeidsutvalet for Valldal skule

Litt om meg: Bor i Murihøgda i Valldal med kone og ei dotter. Likar å arbeide og vere med på å skape gode lokalmiljø for alle. Aktiv i idrett og musikk når tida strekk til. Har i 2018 kjøpt gard som har tatt det meste av fritid i 2018 og 2019.

Viktige saker for meg: Eg tenkjer først og fremst på lokalt næringsliv. Viktig at kommunen blir meir aktiv og legg opp til dialog med det lokale næringsliv. Trur dette kan være med på å trygge lokale arbeidsplassar og ny satsing lokalt. Vi må snarast bygge omsorgsbustadar. Det vi kan tilby no er ikkje lenger i den standard som trengst for personale eller bebuar. Kommunen som arbeidsgjevar har eit ansvar for at alle tilsette skal bli sett og høyrt.

 

 


Palma Flåen Øvrebust

Alder: 60 år
Bustad: Vaks opp på Dyrkorn, bur i Stordal
Yrke: Dagleg leiar for SFO ved Stordal skule.
Parti: Arbeidarpartiet
Tidlegare politisk erfaring? Eg representerer Arbeidarpartiet i kommunestyret i Stordal. Inneverande periode er min tredje.

Viktige saker for meg: Gode oppvekstvilkår. Vidareutvikle busetnad, næringsverksemd og verdiskaping i alle bygdene. Vidareføre gode kommunale tenester. Det skal vere godt å bu og leve i Fjord kommune!

 

 

 

 

 

 


Nina Iren Hauglid

Alder: Enn så lenge 49 år
Bustad: Stordal.
Yrke: Helsefagarbeidar
Parti: Arbeidarpartiet
Tidligare politisk erfaring? Sit i styret til Ap. Er fast medlem i kommunestyret og vara til formannskapet.

Kort om meg: Har fire barn i alder 15-19 år. Har jobba i møbelbransjen i mange år før eg begynte å jobbe i Stordal kommune som assistent. Tok fagbrev til helsefag i april i år, og er veldig stolt av det. Har vore med i styret til Fagforbundet sidan 2013. Er med i det flotte koret Big Valley Voices.

Viktige saker for meg: At tilbodet til heimebuande eldre blir styrka gjennom fleksible og tilrettelagte tenester som stettar den einskilde sitt behov for til dømes hjelp til å utføre daglege gjeremål. Viktig at det blir bygd utleigebustader som gjer det lettare for unge menneske å flytte tilbake til bygda når dei skal etablere seg.

 

 

 


Kjetil Uri

Alder: 43 år
Bustad: Valldal
Yrke: Helsefagarbeidar
Parti: Arbeidarpartiet
Tidlegare politisk erfaring? Ingen.

Litt om meg: Oppvaksen i Valldal, er gift og har tre barn i alderen 13-17 år. Driv med rasehøns som hobby. Viktige saker for meg: Heiltidskultur og vi må få inn lærlingeplassar.

 

 

 

 

 

 


Elise Torvik

Alder: 23 år
Bustad: Valldal
Yrke: Sjukepleiarstudent NTNU Ålesund
Parti: Arbeidarpartiet
Tidlegare politisk erfaring? Ungdomsrådet i Norddal kommune, listekandidat ved førre kommunestyreval, medlem i AUF og ungdomstillitsvald i Fagforbundet. 

Litt om meg: Oppvaksen i Valldal. Sat i ungdomsrådet i to år på ungdomsskulen. Vore medlem av AUF sidan 2011, då vart eg verva av Jens Stoltenberg då han besøkte kommunen. Har sidan eg var 16 år budd i Ålesund og skal no til på siste året på sjukepleierutdanninga. 

Viktige saker for meg: God eldreomsorg, rekruttering av fagpersonell og fulltidsstillingar.

 

 

 

 


John Helge Larsen

Alder: 63 år
Bustad: Stordal
Yrke: Lærar ved Stordal skule
Parti: Arbeidarpartiet
Tidlegare politisk erfaring? Eg har tolv års erfaring i lokalpolitikken. Dei fire første åra som vararepresentant i kommunestyret, deretter åtte år som fast representant. I inneverande periode har eg også vore medlem i formannsskapet og i fellesnemnda.

Litt om meg: Eg er frå Stordal og er gift med ei valldalstaus. Vi har tre vaksne barn og tre barnebarn. Eg er eit organisasjonsmenneske som snart har vore 25 år som lokallagseigar og hovudtillitsvald i Norsk Lærarlag og Utdanningsforbundet. På fritida likar eg friluftsliv, gjerne i kombinasjon med jakt. Du finn alltid ei bok på nattbordet mitt.

Viktige saker for meg: For meg står mennesket i sentrum. Eg trur på dialogen og fellesskapet og vil vere med på å bygge den nye kommunen på desse premissane. Fjord kommune skal vere ei berekraftig kommune i utvikling der barn, unge og eldre har det godt og trivst.

 

 

 


Alv Ivar Eliassen

 


 

 

 

Jonas Falch

Alder: 75 år

Yrke: pensjonist

Parti: Framstegspartiet

Tal på periodar i kommunestyret: fem 

Tre ord om deg sjølv: Ser lyst på livet.

Hjartesaker: Eldreomsorg og barn og unge.

Les heile intervjuet

 

 

 


Hilde Hildrestrand

Alder: 53 år
Bustad: Dyrkorn
Yrke: Bowen-terapeut
Parti: Frp
Tidlegare politisk erfaring? Ingen tidlegare politisk erfaring.

Litt om meg: Bur aleine på Dyrkorn. Har tre voksne barn. Spelar i korps, likar å gå på fjellturar, køyre motorsykkel, reise.  

Viktige saker for meg: Betre vilkår for eldre og sjuke. Høgare lønn til minstepensjonistar og uføre. Kontroll på innvandring og integrering. Bruke av oljefondet til vegar, skular og sjukehus i Noreg.

 

 

 

 

 


Emil-Einar Kaldhussæter

Alder: 61 år
Bustad: Tafjord
Yrke: Sjåfør
Parti: Fremskrittspartiet
Tidlegare politisk erfaring? Har site i kommunestyret. Litt om meg: Som sagt, eg er 61 år, likar å gå turar, reise i innland og utland.

Viktige saker for meg: Ein kommune utan eigedomsskatt, kvalitet i eldreomsorg og fleire ledige bustadtomter slik at folk flyttar til kommunen.

 

 

 

 

 

 


Idar Rønneberg

Alder: 67 år
Bustad: Eidsdal
Yrke: Pensjonert offshorearbeidar
Parti: Fremskrittspartiet
Tidlegare politisk erfaring? Fleire periodar i kommunestyret.

Viktige saker for meg: Dette som mange har trukke fram om gode skular og barnehagar og god eldreomsorg, er lett å slutte seg til. Men – det er også viktig å delta i den løpande debatten. Det er viktig å jobbe for at heile kommunen blir tilgodesett slik at ikkje alle ressursar vert avgrensa til nokre få hundre kvadratmeter i kommunen.

 

 

 

 

 


Yngve Hovden

Alder: 66 år
Bustad: Fjørå
Yrke: Ingeniør
Parti: Fremskrittspartiet
Tidlegare politisk erfaring? Ingen tidlegare politisk erfaring.

Litt om meg: Bur aleine i Fjørå. Tre vaksne barn.

Viktige saker for meg: Samferdsel. Sikker og god vassforsyning. Tilrettelegge for etablering av nye varige arbeidsplassar.

 

 

 

 

 


Espen Heitmann

Alder: 51 år
Bustad: Eidsdal
Yrke: Ufør etter yrkesskade
Parti: Frp
Tidlegare politisk erfaring? Nei.

Litt om meg: Innflyttar frå Oslo i 1999 med relativt brei arbeidserfaring både som tilsett og som sjølvstendig næringsdrivande. Har stor interesse for Amcar.

Viktige saker for meg: Å oppretthalde eit godt skule- og barnehagetilbod, spesielt på sørsida av fjorden, alle skal føle seg likestilte og ha ein glad og trygg oppvekst. At dei eldre og svakaste i kommunen skal bli tatt omsyn til og bli behandla med respekt. Vi skal ikkje ha eigedomsskatt på bustader og fritidseigedommar i Fjord kommune. Infrastruktur er viktig, eg vil arbeide for bru over fjorden og heilårsveg austover. Børdalslinja er også viktig å få på plass. Eg vil og at alle i kommunen skal ha moglegheit for internett over fiber. Helsehuset i Valldal bør vere hovudbasen for helsetenestene i kommunen. Å bruke millionar på eit nytt helsehus i Stordal heng ikkje på greip når vi allereie har eit godt hus til formålet. I «byte» kan Stordal få ordføraren. Fornuftig pengebruk er også viktig, det er viktigare å prioritere gode tenester til innbyggjarane enn alt mogleg anna som sikkert kan vere kjekt å ha, men som ikkje er nødvendig.

 


 

 

 

Jan Are Remme

Alder: 49 år

Yrke: Personalsjef/dagleg leiar

Parti: Høgre

Tal på periodar i kommunestyret: tre periodar

Tre ord om deg sjølv: målretta, engasjert, (litt) bedageleg

Hjartesaker: Vekst i Fjord, kommunale tenestetilbod, samferdsel.

Les heile intervjuet

 

 

 

 


Gudmund Relling

Alder: 73 år
Bustad: Bygda Norddal
Yrke: Pensjonist, tidlegare rektor, fagsjef og bonde
Parti: Høgre
Tidlegare politisk erfaring? Seks periodar i kommunestyret fast + to periodar som vara. Ordførar i seks år. Tre periodar som vara til fylkestinget. Tidlegare medlem i fylkeslandbruksstyret, styremedlem i Tafjord kraft og 20 års tenestetid som tillitsvald i bank. 1 periode som leiar i Soknerådet + diverse andre tillitsverv.

Litt om meg: Eg er spesielt interessert i historie, samfunnsspørsmål og friluftsliv.

Viktige saker for meg: Av viktige saker for meg kan eg nemne: 1. Ein sunn og berekraftig kommuneøkonomi. 2. Gode kommunale vegar. 3. Trygg og tenleg eldreomsorg.

 

 

 

 


Viktor Valdal

Alder: 52 år
Bustad: Valldal
Yrke: Stabs- og økonomisjef på Muritunet
Parti: Høgre
Tidlegare politisk erfaring? Kommunestyre frå 2003 til d.d. Formannskap frå 2007 til d.d, varaordførar 2007-2011 pluss eit knapt år i 2014.

Viktige saker for meg: Samferdsel: svært viktig for ein utkant kommune som Fjord. Børdalslinja viktigaste prosjektet. Må mellom anna få etablert eit aksjeselskap for å få nødvendig framdrift. Næringsutvikling: å skape arbeidsplassar er det viktigaste for auka folketall og positiv utvikling i Fjord. Bør bruke næringsfondsmidlane i mykje større grad på prosjekt som har potensiale med omsyn til etablering av varige arbeidsplassar. I dag vert for mykje midlar «strødd utover» på prosjekt utan særleg potensiale/hobbybasert. Sentrumsutvikling: i alle bygder, dette er viktig for trivsel og utvikling.

 

 

 

 


Kjell Magne Moe

Alder: 37 år
Bustad: Stordal
Yrke: Anleggsarbeidar/dagleg leiar
Parti: Høgre

Viktige saker for meg: • legge til rette for eksisterande og nytt næringsliv, • trygge arbeidsplassar, • riktig og fornuftig bruk av kommunale midlar,  • samferdsel, • helse og omsorg, • skule og oppvekst.

 

 

 

 

 

 

 


Stein Kristian Valdal

Alder: 57
Bustad: Valldal
Yrke: B2B Salg Næringsliv
Parti: Høgre
Tidlegare politisk erfaring? Sunnmøre Kontrollutvalg .

Litt om meg: Styreleiar Valldal Eigedom AS, leiar Valldal Elveeigarlag og styremedlem i Lakseelvane på Sunnmøre. Opptatt av næringslivet og levande bygder og aktive lag og organisjonar.

Viktige saker for meg: Eg er ein politiker med hjartesaker i alle felt, som næringsliv, helse, samferdsel, utdanning og landbruk. Det viktigaste for at alt dette skal vere optimalt, er at infrastruktur og samarbeid fungerer. Legg all lokal stridigheit død, skap verdiar og utnytt potensialet i vår flotte kommune. Vi må gi grunderar og entreprenørar den støtta dei treng for å skape levande bygder.

 

 

 

 


Heidi Toreli Sylte

Alder: 50 år
Bustad: Valldal, Gjerde krins
Yrke: Rehabiliteringssjef, utdanna rehabiliteringssjukepleiar
Parti: Høgre
Tidlegare politisk erfaring? Medlem av Norddal SP  i 1,5 periodar. Uavhengig representant i to år. Er medlem av både formannskap og kommunestyre. Ein periode som medlem av Tverrpolitisk liste i Norddal, medlem i kommunestyre.

Litt om meg: Gift, fire vaksne barn. Jobbar som rehabiliteringssjef ved Muritunet. Er no under utdanning i tillegg; Master i organisasjon og ledelse ved NTNU, Trondheim. Fritid: friluftsliv, samvær med familie og vennar, samt reiser fjernt og nært.

Viktige saker for meg: Bidra til å byggje og utvikle Fjord kommune til ein god kommune å bu i, med eit godt tenestetilbod og høg trivselsfaktor. Dette gjennom fornuftig, planlagt struktur og ressursbruk i utviklingsprosjekt og på tenester, som til dømes skular.

 

 

 

 


Rune Støversten

Alder: 57 år
Bustad: Dyrkorn
Yrke: Tilsett i Busengdal Transport AS som anleggsleiar, er for tida PHF (Pipe Handling formann) Subsea7 Vigra
Parti: Høgre

Litt om meg: Eg er dagleg leiar i Arena Overøye AS, er styremedlem i Ørskog Energi og varamedlem Nordvest Nett.

 

 

 

 

 

 

 


Jan Ole Strand

Alder: 54 år
Bustad: Øvrebust i Stordal
Yrke: Controller og marknadssjef  i Stillasmontering AS som eg eig og er styreleiar i.  Styreleiar i Protector Norway AS 
Parti: Høgre
Tidlegare politisk erfaring? Eg har ingen tidlegare politisk erfaring. Men ein plass må ein byrje … så mi erfaring startar i år.

Litt om meg: Eg kjem opphavleg frå Fiskåbygd i Vanylven kommune. Eg og mine tre søsken voks opp på ein gard med mellom anna mjølk- og griseproduksjon.  Eg er utdanna kokk og økonom frå Norsk Hotellhøgskole. Eg har tre søner, og er så heldig å få vere bestefar til fire barnebarn. For sju år sidan flytta eg til Stordal, der eg no bur saman med Birgit og hunden vår, Evita. Birgit har ein son som for tida studerer i Bodø. Eg er sosial og likar godt å lage mat til både familie og venner. Ølbrygging er blitt ein hobby og lidenskap, og her har eg lært mykje av dei lokale bryggjarane. Dei har inspirert meg såpass at eg har laga meg mikrobryggeri i vinterhagen! Eg har gjennom yrkeskarrieren arbeidd innan fiskeri, vore sjølvstendig næringsdrivande som mellom anna bonde og innanfor overnatting, event- og cateringbedrift, og no innan stillas og fasadefornying. Eg har også jobba i offshore innan catering, hotelldrift og flyplasscatering, samt vore avdelingsleiar for 110-sentralen i Møre og Romsdal. Gjennom åra  har jeg skaffa meg erfaring frå mange bransjar, både i privat og offentleg sektor som alle har sine utfordringar. Dei kjem godt med når eg no ønskjer å prøve meg i politikken.

Viktige saker for meg: Ei av dei viktige sakene for meg er å få eksisterande næringsliv til å lykkast ved tilrettelegging, samt jobbe for og legge til rette for nye bedrifter som har lyst til å satse i Fjord kommune. Lykkast Fjord kommune med ein god næringspolitikk så er eg overtydd om at bedrifter kjem til å satse i området vårt. Då vil fleire arbeidsplassar bli etablerte, som igjen gjer at arbeidstakarar  ønskjer å etablere seg i Fjord kommune. Utan tilflytting vil vi ikkje lykkast på lang sikt.


Andreas Håvoll

Alder: 37 år
Bustad: Valldal
Yrke: Fiskar
Parti: Høgre
Tidlegare politisk erfaring? Vara til kommunestyret for Tverrpolitisk liste for Norddal kommune.

Litt om meg: Trebarnsfar, gift med Anne Marit. Jobbar på fiskebåten «Atlantic». 

Viktige saker for meg: Få fleire arbeidsplassar og befolkningsvekst.

 

 

 

 

 


Bente Elisabeth Skarbø

Alder: 51
Bustad: Har budd i Valldal i 10 år, og tenkjer å fortsette med det.
Yrke: Helsesjukepleiar (helsesøster)
Parti: Høgre

Litt om meg: Er gift med Odd Rune Heggen, har tre vaksne søner og ei dotter på snart 9 år. Barnebarn på 2 ½ år. Jobbar som helsesjukepleiar i Norddal kommune, samstundes som eg tek vidareutdanning. Er og spesialsjukepleiar i psykisk helse. Eg er oppteken av at barn og unge skal få ein god oppvekst, og stod «på barrikadane» då Valldal FAU la fram forslag til fellesnemda om at Fjord kommune skulle bli MOT-kommune. Stor glede då det vart vedteke!  Eg jobbar i det offentlege, men har drive eiga verksemd i ti år (sist som drivar av Lykkeriet i Valldal). Er korps-entusiast og strikkegal, og tek meg gjerne ein tur på fjellet!

Viktige saker for meg: Eg har tidlegare jobba i eldreomsorga både i Stordal og Norddal, og brenn for at vi i Fjord skal kunne oppretthalde eit tenestetilbod av høgste kvalitet, og med høg kompetanse. Det vert stilt mykje høgare krav til kommunale tenester no, enn berre for få år tilbake, og det er veldig viktig at kommunen klarer å knytte til seg kvalifisert arbeidskraft, spesielt på høgskule- og universitetsnivå. Som høgrepolitikar er eg ikkje imot at vi skal dele på gode i samfunnet vårt, men er veldig klar over at desse verdiane først må skapast. Det er difor viktig at det vert lagt godt til rette for næringslivet i nye Fjord kommune .

 

 


Claus Hoff

Alder: 37 år
Bustad: Stordal
Yrke: Produksjonssjef/salsansvarleg hos Sitwell as
Parti: Høgre
Tidlegare politisk erfaring? Ein periode i kommunestyret i Stordal. Leiar i Stordal Høgre. Leiar i Fjord Høgre.

Litt om meg: Oppvaksen i Liabygda. Gift med Sunniva Øvrebust, og har ei jente på snart 2 år, og ein på veg med termin to dagar etter valet. Jobbar i møbelbedrifta Sitwell, der det blir ein del reising som salsansvarleg for Vestlandet og Trøndelag. Er elles med i Stordal Brannvesen, og er fenrik og lagførar i Heimevernets innsatsstyrke Archery.

Viktige saker for meg: Det er fleire viktige saker for Fjord kommune, og dei heng saman. Først må vi få alle bygdelaga til å bli éin kommune, og jobbe saman. Det politiske samarbeidet i Fjord Høgre lovar godt for at dette skal gå bra. Vi har fått god kontakt og har same målet om framgang for alle bygdene. Den viktigaste saka for Fjord kommune er å snu den negative folketalsutviklinga. Dette krev fleire tiltak. Vi må jobbe aktivt med næringsutvikling. Her må vi vri fokuset frå støtte, til det å skape arbeidsplassar. Ikkje berre hos nye grunderar, men også eksisterande bedrifter. «Kor mange arbeidsplassar ser du føre deg prosjektet du søkjer støtte til vil gi?» bør vere eit viktig spørsmål når søknadene vert vurderte. Vi treng også fleire bustader, for bustader står som regel ikkje tomme, og vi ønskjer jo også at eventuelle nye tilsette skal bli busette i kommunen. Her kan kommunen bidra med billege tomter og areal, og kanskje etter kvart bidra med kjøp av bustader for å realisere gode prosjekt. Dette føreset at vi har ordna opp i økonomien til kommunen, då gjeldsgraden er høg, og begge kommunane har dei siste åra brukt av sparepengar for å dekke underskot på driftsbudsjettet. Å bruke av fond for å dekke drifta av kommunen går sjølvsagt ikkje i lengda. Derfor må politikarane i Fjord kommune evne å prioritere. Kva må vi ha? Kva er kjekt å ha? Å byggje eit helsehus i Stordal når vi har eit fungerande eit i Valldal, er ikkje eit godt økonomisk val. Derfor bør helsehuset forbli i Valldal, og ordførar, rådmann og det meste av staben vere i Stordal.


Bjørn Ove Olsen

Alder:  54 år
ustad: Vinje i  Stordal
Yrke: Maskiningeniør, røyrleggjar og sjåfør
Parti:  Høgre
Tidlegare politisk erfaring? Tre periodar i kommunestyret for Stordal Høgre

Litt om meg: Har tre døtre, og bur saman med den yngste av dei på tolv år. Bestefar til snart fire. Bruker mykje tid på kontoret, men er veldig glad i å vere på Langsætrane. Viktige saker for meg: Stort sett alt som er viktig for å få samfunnet til å fungere i desse bygdene våre. At vi ikkje blir for lokalpatriotiske, og greier å sjå andre sine kvalitetar, samtidig som vi bruker og styrker det lokale næringslivet.

Viktigaste oppgåva for Fjord kommune, blir å få opp barnetalla. Oppgåvene blir då å skaffe arbeidsplassar, leilegheiter og arbeidskraft.

 

 

 

 


Caroline Bjerk Maurstad

Alder: 30 år
Bustad: Eidsdal
Yrke: Sal- og marknadsføringskonsulent i Geiranger Skysslag
Parti: Høgre
Tidlegare politisk erfaring? Eg er heilt fersk, men alle må jo begynne ein stad.

Litt om meg: Eg er ei engasjert mor med stor lidenskap for området mitt. Eg er aktiv i fleire forskjellige lag og organisasjonar. På fritida likar eg godt å gå turar, spele volleyball og fotball, men eg kan også like gjerne ligge på sofaen med ei god bok, eit kryssord eller ein film.

Viktige saker for meg: Eg har eit ønske om at vi skal ha levande bygder i heile kommunen som barna våre kan vekse opp i i dag, og som dei også skal kunne flytte heim att til seinare, og forhåpentleg kunne bli gamle i. Det er derfor viktig for meg at Fjord kommune legg til rette for, og er ein støttespelar for både lokalt næringsliv og frivillige lag og organisasjonar som skaper og opprettheld arbeidsplassar og tenester rundt om i kommunen.

 

 

 


Gry Annette Bonsaksen

Alder: 45 år
Bustad: Stordal
Yrke: Sjølvstendig næringsdrivande/lærar
Parti: Høgre

Litt om meg: Bur i Stordal, gift med Jan Are Remme. Har tre barn i alderen 11-19. Utdanna innan klesdesign og arbeider i dag ved Stordal skule. I tillegg driv eg Red Shoe, der eg designar og syr klede.

Viktige saker for meg: Vi må skape vekst, etablere fleire arbeidsplassar og få folk til å flytte til Fjord kommune.

 

 

 

 

 


Rebekka Strandmann Hansen

Alder: 21, men 22 i dette året
Bustad: Valldal
Yrke: Student
Parti: Høgre
Tidlegare politisk erfaring? Har tidlegare vore i ungdomsrådet i Norddal kommune, samt fire år i ungdomspanelet i Møre og Romsdal. Har vore medlem i kommunestyret og formannskapet i Norddal kommune i perioden 2015-2019.

Litt om meg: Er for tida i Bergen, der eg startar på mitt siste år av bachelor i samanliknande politikk. Har alltid engasjert meg i lokale lag, og brenn veldig for ungdom.

Viktige saker for meg:
• Ungdom: I Fjord kommune ønskjer eg at vi skal få eit sterkt og engasjert ungdomsråd. Det er viktig at dei blir meir inkluderte i alle saker som vil bli å berøre dei, i tillegg til at det er dei unge som ein dag skal ta over kommunen vi no skal byggje! • Samhald. Eg ønskjer at alle bygdene som no blir del av nye Fjord blir sett likt, og at vi klarer å byggje eit sterkt samhald mellom alle bygdene. Det blir viktig å fokusere på at vi no er ei eining, og at det ikkje blir å argumentere for «vi og dei», men heller jobbe for «oss alle». • Etablere ein robust kommune der alle vil trivast. Ingen ønskjer å havne på Robek, og med dette meiner eg det vil bli viktig å få til rekruttering og etablering av ny næring i Fjord. Vi treng tilflytting, men og arbeidsplassar, som samla vil skape ressursar for den kommunale økonomien. Ved ei styrking av den kommunale økonomien vil vi kunne få gjort meir i kommunen, og skape betre løysingar for alle dei kommunalt tilsette!


Ingrid Ch. Linge

Alder: 28 år
Bustad: Valldal
Yrke: Sjukepleiar på Muritunet.
Parti: Høgre
Tidlegare politisk erfaring? Nei.

Litt om meg: Eg flytta tilbake til heimbygda saman med sambuar for 2,5 år sidan. Saman har vi ein liten gut på 9 månader og ein labrador. Vi har kjøpt oss gard og ønskjer å satse innan fruktdyrking. På fritida likar eg godt å gå på fjellet både til fots og på ski.

Viktige saker for meg: Skape meir arbeidsplassar. Dette for å gjere Fjord kommune meir attraktiv for unge familiar og for den utflytta ungdommen. God eldreomsorg. Gi støtte til grunderar, lag og organisasjonar.

 

 

 

 


Jarle Hove

Alder: 58 år
Bustad: Stordal
Yrke: Sjølvstendig næringsdrivande
Parti: Høgre
Tidlegare politisk erfaring? Fleire periodar som vara til kommunestyret for Høgre, medlem av kontrollutvalet i Stordal kommune.

Litt om meg: Sjølvstendig næringsdrivande sidan 1985. Tidlegare gardbrukar, no mest innan utmarksnæring, opplevingar og turisme. Har hatt mange tillitsverv opp igjennom, no leiar i Stordal Elveeigarlag. Ivrig jeger, laksefiskar og friluftsmann.

Viktige saker for meg: Næringsutvikling og trua på at nye næringar, og auke i eksisterande, kan skape fleire arbeidsplassar i vår nye kommune. Sikre at helsesektoren vert driven på ein forsvarleg måte, skape ein sunnare økonomi i den nye kommunen, oppretthalde den gode skulestrukturen i nye Fjord kommune.

 

 

 

 


Oddbjørn Lianes

Alder: 70 år
Bustad: Tafjord
Yrke: Pensjonist
Parti: Høgre
Tidlegare politisk erfaring? Mi tidlegare politiske erfaring er fem periodar i kommunestyret i Norddal kommune.

Litt om meg: Eg er fødd og vaks opp i Lianeset i Stordal og har no bodd over 40 år her i Tafjord. Eg er gift med Ingunn og har to døtrer og seks barnebarn + 1 bonusbarnebarn. Fosterson til eldste dottera vår. Har alltid likt turar i skog og fjell enten på jakt, fisketur eller berre for å oppleve naturen. Elles er eg svært glad i å vere på hytta vår i Folldal. Dit reiser vi så ofte vi kan. Som pensjonist har eg stor glede av å ha tid til å vere saman med barnebarna våre.

Viktige saker for meg: Viktige saker for meg vil vere å nytte dei moglegheitene som eg ser i nye Fjord kommune til å skape næringsutvikling og vekst. Det er dette som, saman med god økonomistyring, gir grunnlag for at kommunen skal kunne yte gode tenester der folk bur. Som barnehage, skule og eldreomsorg. Infrastruktur er også saker eg brenn for. Der ser eg «Børdalslinja» som den saka det må jobbast for å få realisert.

 

 


Per André Rønneberg

Alder: 41 år
Bustad: Eidsdal
Yrke: Field Specialist offshore
Parti: Høgre
Tidlegare politisk erfaring? Ein periode i kommunestyret.

Litt om meg: Pappa til tre, så det går i fotball, ski, hornmusikk, trail osv. Sikkert kjent for dei fleste foreldre? Men prøver å få tid til litt anna og. Så viss eg er heldig blir det litt jakt og arbeid i skyttarlaget eller Eidsdal næringsutviling AS.

Viktige saker for meg: Lokale tenester der folk bur. Skule / barnehage og eldreomsorg er det som er viktigast for meg. Men samferdsel er og viktig. Gode heilårsvegar.

 

 

 

 


Karl Jostein Rødset

Alder: 51 år
Bustad: Valldal
Yrke: Eig og driv Elvebakken Camping i Valldal sommarhalvåret. Køyrer drosje om vinteren
Parti: Høgre
Tidlegare politisk erfaring? To periodar i kommunestyret for
Norddal Høgre samt vara for Tverrpolitisk liste dei siste periodane. Har erfaring frå formannskap, planutval og viltnemd.

Litt om meg: Budd heile livet i Valldal. Var aktiv innan fotball og spesielt volleyball i mine yngre dagar i Valldal IL samt vore innom volleyballen i Stordal og jobba på Helland Møbler. Elles ivrig laksefiskar.

Viktige saker for meg: I og med det er tre ting som er særs viktige for at eit samfunn skal blomstre og utvikle seg i positiv retning (arbeid, bustad og barnehage/skule), er det det som er det viktigaste, og sjølvsagt ein sikker samferdsel både innad i og ut av kommunen.

 

 

 

 

 

 

 

Roger Lillebø

Alder: 71 år

Yrke: pensjonert lærar.

Parti: Fjord Kristeleg Folkeparti

Tal på periodar i kommunestyret: Ein periode + eitt år i Gjemnes kommune, tre periodar i Stordal kommune, og ein periode i Gjemnes skulestyre.

Tre ord om deg sjølv: Ein påliteleg, roleg, kristen fråhaldsmann.

Hjartesaker: Borna sine oppvekstvilkår, eldreomsorg og fråhaldssak.

Les heile intervjuet

 

 

 

 


 

Monika Tettli

Alder:55 år
Bustad:  Valldal
Yrke: Tilsett i Bufetat
Parti: KrF
Tidlegare politisk erfaring? Har vore leiar for KrF Kvinner 2012-2014. Har site i Haram kommunestyre i perioden 2012-2016. Er no nestleiar i Fjord KrF.

Litt om meg: Etter vidaregåande skule i 1982, reiste eg til Brighton for engelskstudiar. Deretter tok eg strake veien til Qatar. Der budde eg i ni år. Jobba som engelsklærar, dagleg leiar for ein hud- og helsesalong. Underviste i aerobic m.m. Studerte arabisk og islam. Var medlem i ei kristen undergrunnskyrkjelyd. Var gift med ein muslim og har fire barn. Etter gulfkrigen i 1992 reiste eg tilbake til Noreg. Starta lakseeksport til Midtøsten, samt eit reingjeringsbyrå. Har jobba som morsmålslærar, tolk, sjølvstendig næringsdrivande. 

Viktige saker for meg: Brenn for berekraftige bygder. Utvikling av arbeidsplassar.  At Noreg må vere sjølvforsynt med mat. Auka støtte til bønder som på mange måtar er livsnerven i eit berekraftig samfunn.  Bygge opp eldreomsorga, i dag vert eldreomsorga ramma av kraftige nedskjeringar. Vern om grendeskulane og kulturmangfaldet.

 

 


Malin Ulvestad

Alder: 18 år
Bustad: Stordal
Yrke: Frisørlærling
Parti: KrF
Tidlegare politisk erfaring? Nei.

Litt om meg: Tilsett innanfor kommunal helse og held på med vidare utdanning til frisør. Er også hjelpeleiar for Stordal barnekor.

Viktige saker for meg: Ønskjer at barn og ungdom i kommunen skal ha eit variert fritidstilbod.


Ragnhild Fauske

Alder: 63 år
Bustad: Stordal
Yrke: Førstelektor ved HVO
Parti: KrF
Tidlegare politisk erfaring? Har vore med i nemnda for kommunale vegnamn, elles inga politisk erfaring.

Litt om meg: Har vore lærar sidan eg var 22 år. Har undervisningserfaring frå grunnskule, folkehøgskule, høgskule og vaksenopplæring (norsk som andrespråk). Er interessert i frivillig organisasjonsarbeid og har vore aktiv i forskjellig korarbeid sidan lærarskulen. Leiar i dag Stordal Barnekor. Er interessert i handverk og skulle gjerne hatt meir tid til å veve.

Viktige saker for meg:
At barn og unge har gode oppvekstvilkår utan mobbing og utestenging. For rusfrie tiltak og eit allsidig og rikt kulturliv.

 

 

 

 


Anna Sølvi Kvamme Stemland

Alder: 60 år
Bustad: Stordal
Yrke: Barnepleier
Parti: KrF
Tidelegare politisk erfaring? Har site i styret for Stordal KrF i fleire år, og no i Fjord KrF.

Litt om meg: Eg har ein vaksen son og to barnebarn, som opptar mykje av tida mi. Har vore aktiv korsongar i mange år. Har no ei pause fra det. Har jobba i barnehage, og med barn i snart 40 år. Sit i forskjellige styrer, sekretær for Fjord Krf, kasserar for Stordal bedehus, har site i styret i fleire år. Så er eg plasstillitsvald i jobben min, og då er det for Fagforbundet.

Viktige saker for meg: Barn og unge. Helse og omsorg. Gang- og sykkelvegar.

 

 

 

 


Morten Gravdal

Alder: 63 år
Bustad: Valldal
Yrke: Sokneprest
Parti: KrF
Tidlegare politisk erfaring? Ingen politisk erfaring.

Litt om meg: Har vore sjømannsprest i Los Angeles i 10 år. Selvstendig næringsdrivende fotograf i sju år.

Viktige saker for meg: Vidareføre den norske og kristne kulturarven som vårt samfunn er bygd på. Sikre matproduksjon i Norge ved å styrke vilkåra for bønder og andre i bygder der jordbruk er livsgrunnlaget.

 

 

 

 

 


 

 

 

Per Magnus Berdal

Alder: 54 år

Yrke: Gartnar

Parti: Senterpartiet

Tal på periodar i kommunestyret: fire

Tre ord om deg sjølv: Aktiv, ansvarleg og lyttande.

Hjartesaker: Gode kommunale tenester og næringsutvikling.

Les heile intervjuet

 

 

 

 

 


 

Lars Kristian Øvrebust

Alder: 1973 – 46 år
Bustad: Stordal
Yrke: Er tilsett hos REMPRO i Liabygda.
Parti: Senterpartiet
Tidlegare politisk erfaring? Har vore aktiv i kommunestyret i fem periodar og ser fram til nye fire år der eg ønskjer å gjere ein god jobb for bygdene inne i Storfjorden.

Litt om meg: Eg er oppvaksen på gard og tok derfor utdanning som agroteknikar. Har arbeidd i møbelindustrien og som lagersjef hos Xl-bygg Stavseng.

Viktige saker for meg: Mi hjartesak for Fjord kommune blir å kunne få god kontroll på økonomien. Med god økonomisk styring kan vi sikre best moglege tenester til brukarane i heile kommunen. Vekst i næringslivet er avgjerande for å sikre tilflytting. God og langsiktig bruk av næringsfond er dermed også viktig meiner eg.

 

 

 


Kari-Anne Hove

Alder: 51 år
Bustad: Stordal
Yrke: Rekneskapsførar
Parti: Senterpartiet
Tidlegare politisk erfaring? Varamedlem i kommunestyre og fire år i hovudutval for oppvekst og kultur som det heitte den gongen.

Litt om meg: Fødd, oppvaksen og busett i Stordal. Mor til ein son på 15 år. Oppdame for gutar 16 år Stordal i fotball. Held no på med å byggje opp eige rekneskapsbyrå i Stordal og håper på sikt kunne skape fleire arbeidsplassar. Glad i dyr.

Viktige saker for meg: Det som er viktig for meg er at Fjord Kommune skal vere ein attraktiv kommune å vekse opp i, bosette seg i og bli gamal i. Det er også viktig å arbeide for at landbruksnæringa og anna næring skal oppretthaldst i Fjord Kommune og samtidig ha fokus på å skape nye arbeidsplassar.

 

 

 

 


Kristin Gilje Sandnes

Alder: 40
Bustad: Valldal
Yrke: bonde, hestetrenar, ridelærar
Parti: Senterpartiet 
Tidlegare politisk erfaring? Har site i Norddal kommunestyre dei siste to periodane.

Litt om meg: Har mastergrad i økonomi frå Norges landbrukshøgskule og coach frå BI. Er gift med Håkon Myklebust og har fire ungar i alderen 7 – 13 år. Har tatt over slektsgarden på Bjørstad og bur på Håkon sin slektsgard. Vi driv begge gardsbruka saman med jordbær og hest. 

Viktige saker for meg: Eg brenn for at folk skal kunne velge å bu i distrikta utan å få dårlegare tilgang til offentlege tenester og tilbod enn dei som bur i byane. Eg vil arbeide mot at sentralisering skal bli påtvinga oss gjennom stadig struping av økonomien til distriktskommunene. Eg trur at folk flest sjølv veit kvar dei finn «det gode livet» og at det offentlege ikkje skal velge for oss.

 

 

 

 


Marius Høihjelle

Alder: 38 år
Bustad: Valldal 
Yrke: Brannkonstabel/røykdykkar i Valldal og sikringsleiar offshore 
Parti: Senterpartiet
Tidlegare politisk erfaring? Har vore leiar i Norddal, og er leiar i Fjord Senterparti. Aktiv i politikken sidan 2015. 

Litt om meg: Opphavleg frå Ålesund. Har budd i Valldal i 10 år. Bren for at vi skal sjå framover og bygge ei berekraftig kommune for framtida. By er bra, landet er best! 

Viktige saker for meg: Tenester nær folk. Legge tilrette for etablering av nye arbeidsplassar. Oppretthalde dagens barnehage- og skulestruktur. Og ikkje minst, ein god plass for folk å bli gamle.

 

 

 

 


Ragnar Lødøen

Alder: 79 år
Bustad:  Valldal
Yrke:  Pensjonist
Parti: Senterpartiet
Tidlegare politisk erfaring? Har lang og variert politisk erfaring og har heilt sidan 1972 representert Senterpartiet. Var ordførar i Norddal i 1972-73 og varaordførar i 1974-75, i tillegg til å vere del av både kommunestyre og ei rekkje ulike utval og nemnder opp gjennom åra.

Litt om meg: Samfunnsinteressert, spesialist i samfunnsmedisin, erfaring i utvalsarbeid innan helse, næring og samferdsel og kan bidra med å dele denne erfaringa i råd og utvalg.

Viktige saker for meg: Engasjert i Distriktspolitikk i tråd med SP si grunnhaldning mot sentralisering og styrke aktiviteten der folk bur. Bygge opp lokale kompetansemiljø for å hindre etablering av arbeidsplassar  basert på pendling utanfrå. Bygge opp eit komplett helsefagmiljø innan helse, pleie og omsorg som rekrutterer og stabiliserer. Medlem av Senterpartiet sin  programkomite sentralt til Stortingsvalet 1973, med akkurat same utfordringar i dag og det same klare Senterpartisyn!

 

 


Kristian Gjerde

Alder: 42
Bustad: Valldal 
Yrke: Mjølkebonde 
Parti: Senterpartiet 
Tidlegare politisk erfaring? Tidlegare vararepresentant i kommunestyret for Senterpartiet 

Litt om meg: Tidlegare avløysar, langtransportsjåfør, anleggsarbeidar og no mjølkebonde. 
Viktige saker for meg: Arbeide for eit aktivt landbruk som får høve til å ta vare på og pleie kulturlandskapet med ein fornuftig rovdyrpolitikk. Styrke infrastrukturen i kommunen. Lys i alle hus, få mest mogleg hus i kommunen attende til heilårsbustad.

 

 

 

 

 


Per Ove Hjelme

Alder: 40 år
Bustad: Valldal
Yrke: Energimontør for Tafjord Kraftproduksjon AS og bonde som er med i Valldal samdrift
Parti: Senterpartiet
Tidlegare politisk erfaring? Nei.

Litt om meg: Bur og driv gard på Hjelme i lag med Anita og våre tre barn. Har jobba for Tafjord Kraft sidan 1997. Er tillitsvald for EL og IT i Tafjord kraft. Sit i styret til Tafjord Kraft AS på femte året.

Viktige saker for meg: Vidareføre Norddal sin status som nasjonalparkkommune (NPK), kraftkommune (LVK) og utmarkskommune (USS) i Fjord kommune.

 

 

 

 


Anders Jørgen Gjerde

Alder: 55 år
Bustad: Valldal.
Parti: Senterpartiet
Tidlegare politisk erfaring? Har vore i kommunestyret i snart fire år for Senterpartiet.

Kort om meg: Sjølvstendig næringsdrivande innanfor jordbær, camping og tømrar.

Viktige saker for meg: Fjord kommune må ha eit rikt kulturliv og kommunen må støtte opp under frivillige lag og organisasjonar. For å få folk til å bosette seg i kommunene er ein aktiv kulturskule ein viktig del, og den må styrkast. Kommunen må vere endå meir aktiv i lag med næringa for å få fram heilårsturisme.

 

 

 

 

 


Egil Berge

Alder: 77
Bustad: Eidsdal.
Yrke: Dagleg leiar Eidsdal Kraft, pensjonert lærar og bonde.
Parti:Senterpartiet.
Tidlegare politisk erfaring? Kommunestyre, skulestyre, eldreråd, diverse råd.

Litt om meg: Allsidig engasjert.

Viktige saker for meg: Skule, eldreomsorg, arbeidsplassar, samferdsel, tilbod i alle bygder.

 

 

 

 

 


Laila Olsen

Alder: 54 år
Bustad: Eidsdal
Yrke: Helsefagarbeidar og arbeider i Norddal Kommune
Parti: Senterpartiet
Tidlegare politisk erfaring? Har vore representant to periodar i kommunestyret, representant i formannskap. Medlem i fellesnemda for Fjord kommune.

Litt om meg: Opphavleg frå Eresfjord i Romsdal. Bur i Eidsdal.

Viktige saker for meg: Skule, oppvekst og helse. Gode tilbod av basistenester i alle delar av Fjord kommune.

 

 

 

 

 


Per Ivar Skodjereite

Alder: 53 år
Bustad: Stordal
Yrke: Gardbrukar
Parti: Senterpartiet Tidlegare politisk erfaring? Kommunestyret i Stordal.

Litt om meg: Opphavleg frå Skodje, arbeidd tidlegare i bilbransjen og daglegvare, engasjert innan skidretten.

Viktige saker for meg: At dei eldre skal få ein trygg og god alderdom. Skape arbeidsplassar, støtte opp om frivillig arbeid, legge til rette for at landbruksnæringa skal få utvikle seg.

 

 

 

 

 


Kornelius Linge Glomnes

Alder: 20 år
Bustad: Valldal 
Yrke: Er for tida i førstegongsteneste i Forsvaret
Parti: Senterpartiet
Tidlegare politisk erfaring? Ingen tidlegare politisk erfaring, men mormor (Solveig Linge) har. Er også interessert i lokalmiljøet då.

Litt om meg: Eg bur på Linge, men er for tida i Forsvaret. Har gått idrettsfag på Stranda vgs, toppidrettslinja på Rønningen Folkehøgskole i Oslo der eg satsa ski og løp, samt leiartreningslinja (miljøstipendiat) på same skule. Med andre ord står trening og aktivitet ganske sentralt i mitt liv. 

Viktige saker for meg: Dei viktigaste sakene for meg er samferdsel og kollektivtilbod, klima/miljø og sist, men ikkje minst, legge til rette for eit godt tur- og treningstilbod for alle.

 

 

 

 


Solveig Linge Stakkestad

Alder: 75 år
Bustad: Linge
Yrke: Hustellærar, har arbeidd i Norddal kommune i 40 år
Parti: Senterpartiet
Tidlegare politisk erfaring? Representert Senterpartiet i Norddal kommune, kommunestyre og formannskap frå kring 1985 til no. Representert Fylkestinget frå 1995 til 2007. 

Litt om meg: Engasjert i frivillig arbeid, spesielt Bygdekvinnelaget, lokalt, fylke og sentralt.

Viktige saker for meg: Gode vilkår for frivillige lag. Legge til  rette for godt folkehelsearbeid.  Gratis skulemåltid.

 

 

 

 

 


Ola Grønningsæter

Alder: 25 år
Bustad: Norddal
Yrke: Bonde og lastebilsjåfør
Parti: Senterpartiet
Tidlegare politisk erfaring? Ingen.

Litt om meg: Bonde frå Norddal, utdanna agronom. Tatt over barndomsgarden og driv med mjølkeproduksjon.

Viktige saker for meg: God og stabil kommuneøkonomi.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Dagrun Agnes Vikesland

Alder: 51

Yrke: faglærar, spesialpedagog og musikkterapeut

Parti: SV

Tal på periodar i kommunestyret: ingen

Tre ord om deg sjølv: Engasjert, nysgjerrig, turglad. 

Hjartesaker: Miljøet og menneska. At vi tek vare på lufta, jorda og vatnet og at kvart menneske får vere seg sjølv og leve eit verdig liv i lag med andre. 

Les heile intervjuet

 

 

 

 


Hanne Beate Uri

Alder: 52
Bustad: Valldal.
Yrke: Lærar i barnehagen (på Stranda)
Parti: SV Tidlegare politisk erfaring? Ingen.

Litt om meg: Huseigar på Sylte, glad i å jobbe i hagen. Går gjerne i fjellet, men ikkje nokon toppturentusiast.

Viktige saker for meg: Eg er opptatt av miljøet, kjeldesortering, matsituasjonen (kjøp kortreist!). På det lokale plan er eg opptatt av samferdsel/ferje blant andre ting.

 

 

 

 

 


Terje Normann Linge

Alder: 73 år
Bustad: Valldal
Yrke: Pensjonist
Parti: SV
Tidlegare politisk erfaring? Snart ein periode i kommunestyret i Norddal.

Litt om meg: Bladstyrar for Norddal bygdeblad i ei rekke år. Engasjert i arbeid med bygdebøker og årbøker for Norddal. Før fotballfrelst, no fjellfrelst.

Viktige saker for meg: Klima trumfar alt. Distriktspolitikken og kvifor den slår negativt ut for bygder som våre. Tapet av statlege arbeidsplassar.

 

 

 

 


Jenny Justine Nystad

Alder: 19 år
Bustad: Norddal/Dalsbygda
Yrke: Student
Parti: SV

Tidlegare politisk erfaring?

Fødd og oppvaksen på gard i Norddal. Interessert i friluftsliv og kulturutveksling.

Viktige saker for meg: Skule og miljø.

 

 

 

 

 


Marit Helene Rønneberg

Alder: 56
Bustad: Norddal
Yrke: Hjelpepleiar og gardbrukar
Parti: SV
Tidlegare politisk erfaring? Har stått på liste fleire gongar, men ikkje vore i kommunestyret.

Viktige saker for meg: At bønder og gartnarar kan drive sine verksemder over heile landet, i alle storleikar og omfang. Treng støtte lokalt med til dømes å sikre trygg og etterretteleg veterinærteneste, samt rådgjevartenester og moglegheiter til å utvikle bedrifta. At omsorg og utdanning i hovudsak skal vere det offentlege sitt ansvar. Heier på leksefri ettermiddag og eit varmt måltid på skulen. At kommunen har eit godt kulturtilbod til barn og unge. At kommunen bidreg til å minske forskjellane i samfunnet.

 

 

 

 

 


Torbjørn Storås

Alder: 38 år
Bustad: Tafjord
Yrke: Produksjonsmedarbeidar, REMPRO AS
Parti: SV
Tidlegare politisk erfaring? Har inga tidlegare politisk erfaring.

Litt om meg: Frå Eidsdal; har budd her og der, men kom heim til Norddal i 2013 etter 12 år i Bergen/Askøy. Tidlegare sjølvstendig næringsdrivande innan illustrasjon/skogsarbeid.

Viktige saker for meg: Det er så mykje som er viktig. Om eg skulle få høve, vil eg gjerne ta del i å løfte fram dei ungdommane i Fjord som ikkje heilt finn sin plass. Mangfald og fridom er ein berebjelke i utvikling. Er ellers oppteken av kulturlivet generelt, men særleg naturbruk og berekraftig næringsutvikling i fjordane våre.

 

 

 

 


Martin Nystad

Alder: 59 år
Bustad: Dalsbygda/Norddal
Yrke: Byggteknikar/tømrar, småbrukar og turistvert
Parti: SV
Tidlegare politisk erfaring? Utvalmedlem i Norddal kommune: Helse og omsorg, oppvekst og undervisning. Vararepresentant i fleire periodar i kommunestyret.

Litt om meg: Ikkje den store skribenten, men aktiv debattant og aktivist i kulturfomidling, kulturminnevern, bygdeutvikling, næringsutvikling, internasjonal solidaritet og fagforeningsarbeid.

Viktige saker for meg: For meg er det ei sjølvfølgje å følge partiet sitt program lokalt og sentralt i dei aller fleste vurderingar og saker. Men det betyr ikkje at eg er upåvirka av lokalt engasjement og dei brillene eg har på frå eit sauesmåbruk oppi ei fjellside på indre Sunnmøre. Vektlegging av miljø og sosialutjamling skal prege mine standpunkt og val. Nøysemd i kommunale investeringar og drift. Auke kommunen sine inntekter for å betre tjenestetilbodet til innbyggjarane. Tilrettelegge for auka omsetting av eigendom til aktive gardsbruk og fastbuande sambygdingar. Stranda er den kommunen som er naturleg å søkje samarbeid med i oppgåver som vert for store for Fjord kommune. Trygge vegar og betra fergetilbod framom nye dyre prosjekt. Heilårsveg til aust i tilknytning til ny Strynefjelltunell vil eg gjerne arbeide for. Behalde alle skulane i kommunen og vidareutvikle lokale satsingar som Verdsarvskulen i Eidsdal, gjerne med måltid og nye aktivitetar/trening. Ønskjar å betre samarbeidskulturen over Norddalsfjorden og ser fram til å samarbeide med trivelege Stordalingar.

 


Karl Otto Henriksen

Alder: 37 år
Bustad: Valldal
Yrke: Kokk på Muritunet
Parti: SV
Tidlegare politisk erfaring? Ingen (eitt kommunestyremøte).

Litt om meg: glad i friluftsliv, glad i å lage mat, synest fjella våre er fantastiske, familiefar.

Viktige saker for meg: Det er viktig at barna har det bra i heimen, på skulen og i barnehagen. Synest det er viktig at dei eldre har det bra der dei er. I heimen eller på heimen.

 

 

 

 

 


Nina Grøndahl

Alder: 68
Bustad: Valldal
Yrke: Pensjonist
Parti: SV
Tidlegare politisk erfaring? Rundt årtusenskiftet var eg kommunestyrerepresentant for SV i Norddal kommune i tre periodar.

Litt om meg: Eg er gift og har tre vaksne barn og fem barnebarn. Eg har arbeidd som lærar eit lang liv og budd like lenge i Valldal

Viktige saker for meg: Viktige saker i lokalpolitikken for meg er at Fjord kommune blir ein trygg kommune å bu og arbeide i for alle. Barnetrygda skal kome i tillegg til ytingar frå Nav. Alle tilsette skal få tilbod om heiltidstillingar. Eit godt utbygd gang- og sykkelstinett slik at unge og vaksne kan sykle trygt i kommunen, noko som er viktig for folkehelsa.

 

 

 

 


Stein Inge Rem

Alder: 57 år
Bustad:  Valldal
Yrke: Dagleg leiar
Parti: SV
Tidlegare politisk erfaring? Vararepresentant til Kommunestyret i to periodar, sit i styret for næringsfondet.

Litt om meg: Har vore mjølkeprodusent og jordbærbonde, var med å starte og drive Valldal Naturopplevingar, starta eigen fabrikk (Rempro) som driv med utvikling og produksjon av komposittprofilar.

Viktige saker for meg: At kommunen leverer høg kvalitet på lovpålagte oppgåver til alle innbyggjarane.

 

 

 

 

 


Elin Tafjord Skoge

Alder: 51 år. 
Bustad: Tafjord
Yrke: Jordmor 
Parti: Sosialistisk venstreparti
Tidlegare politisk erfaring? Stått på SV si valliste ved fleire val. 

Litt om meg: Vokse opp i Tafjord og budd i kommuna det meste av mitt liv. Arbeidd i mange år på sjukeheimen i Valldal bl.a. før eg tok jordmorutdanning i godt vaksen alder og arbeider no i Stranda kommune. Eg er engasjert i menneskerettar og internasjonal politikk. Eg likar å reise og å møte ulike menneske og kulturar og utfordre mitt verdsbilde. Eg likar å vere i naturen, vi er fantastisk heldige som har eit så vakkert land, som vi kan hauste av og bruke i fellesskap. I disse dagar er eg ofte å finne i skogen, vimsande rundt med ei soppkorg. 

Viktige saker for meg: Lokale saker som er viktige for meg er å verdsette levande bygdemiljø og legge til rette for at alle har moglegheit til å vere med i fellesskapet uavhengig av økonomi, bakgrunn, levesett, alder og kvar du bur. Ikkje kutt i barnetrygd til familiar som mottek sosialhjelp, søskenrabatt på tvers barnehage-SFO. Transportordningar for sårbare grupper som fattige familiar, ungdom og eldre. Lavterskeltilbod med helsefremjande og livsberikande aktivitetar.  Eg er oppteken av at alle har reell rett til 100% stilling, med dette meiner eg at jobbkvardagen  skal vere til å leve både av og med. Støtte til vidareutdanning og kompetanseheving av tilsette vi allereie har framfor vikarbyrå.  Eg er oppteken av at vi ikkje må miste det enkelte menneske av syne. Vi må verdsette kvart einskild menneske ut frå deira føresetnad, alle kan bidra med noko.  Vi må framsnakke kvarandre og støtte opp om dei som satsar på å skape noko nytt og nye arbeidsplassar, det må vere lov å vere god.  Verdsette kvarandre og skape ei kjensle av fellesskap på tvers av bygdelag. Eg er oppteken av å legge til rette for å ta vare på miljøet og støtte opp om berekraftig landbruk og gardsproduksjon.