Konnjøl rundt om i bygdene

I fjor samla dei seg i Geiranger, i år på Fjellro i Valldal. Mange av heimebryggjarane her på indre samlast ein gong i året for å smake på ølet og for å dele erfaringar.

Dei har gjort dette i iallfall sju år og på ei facebookgruppe bestemmer dei tid og stad. Det vert kåra ein vinnar i kvar klasse og ølkonge vert den med den høgaste poengsummen. Stemninga på Fjellro laurdag i førre veke var det ingenting å seie på.

29 sortAr denne gongen

Sekretariatet, ølsortar på fat, flasker og kanner saman med smilande servitørar held til i eit rom i kafeen medan ølbryggjarane og ølsmakarane sit rundt fem bord nede i kjellaren.

Det er 29 sortar som skal smakast på og dei er delte inn i to klassar. Ti av dei er lyst øl, fire IPA og resten mørkt øl. Med så få IPA vert dei med i klassa mørkt øl.

Sekretariatet har hendene fulle med mugger og øl og har stålkontroll på kva som vert servert. Mange av ølbryggjarane leverer ølet sitt på corneliusfat, andre held fast på plastdunkar og elles er det glas- og plastflasker, alle tydeleg merka. Det er korleis kvaliteten er på innhaldet i emballasjen som tel.

Fire smilande servitørar spring opp og ned trappa ned til kjellaren med mugger fulle av øl. Fem sortar vert serverte i fyrste omgang. Glasa er merka frå ein til fem og på det viset kan dei smake seg attende om dei vert i tvil. Midt på bordet står det ein rustfri bakke til å spytte ut att øl i. Den var så godt som tom på alle dei fem borda.

På eit av borda sit Håvard Sunde og han seier kvaliteten på ølet som vert servert er høg og at ølbryggjarane har skaffa seg mykje god erfaring etter kvart. 

– Vi lærer av kvarandre, det er litt av vitsen med desse samlingane, seier han.

Kvart bord har ein sekretær og eit skjema som skal fyllast ut med poengsum på kvart øl. Frå null til 20 er skalaen.

Torkjell Bjørstad sit på eit anna bord og er ein av dei ivrige ølbryggjarane som er til stades.

– Dette har blitt ein tradisjon og er fole kjekt. Heldige var vi òg at Fjellro har lagt det slik til rette for oss slik at det vert lett å arrangere. Alf Helge Fiskarstrand sit ved same bordet og seier dei var tre frå Fiskarstrand som tok det som ein helgetur til Valldal og at dei har det heilt supert.

Det kjem til å ta ei stund, for det er seks rundar som skal serverast med fem ølsortar i kvar.

– Det må vi tole, seier Ivar Normann Heggen og gir 15 poeng til øl nummer ni av det lyset slaget.

… og vinnaren er

Konnjølentusiastane seier det kan vere vanskeleg å kjenne att sitt eige øl. Fleire av dei Storfjordnytt stiller spørsmålet til, seier dei trudde det skulle vere enkelt, men at det er det slett ikkje. 

– Kanskje med unnatak om du har eit skikkeleg dårleg øl, kjem det frå ein stad etterfylgd av samstemt latter. Det finst ikkje surt øl på desse samlingane lenger. Det kunne hende frå tid til anna tidlegare, får Storfjordnytt høyre.

Ølet som vert bryggja ligg på ein plass mellom fem og sju-åtte prosent. Storfjordnytt er til stades ein runde og forsvinn lenge før vinnaren vert kåra. På epost frå velvillige arrangørar får vi vite at Laurits Mauseidvåg vart ølkonge med høgast score og vinnar av klasse lyst øl, og Peder Iver Linge vart vinnar i klasse mørkt øl med sin IPA.

Alfred Nilsen
alfred@storfjordnytt.no

Resultatliste

Mørkt øl

Peder Iver Linge IPA336

Gunnar Hoel333

Szymon Kowalski IPA 1330

Jamtebrygg Torkjell323

Frank Maråk310

Henning Gjerde IPA304

Kåre Antonsen300

Håkon Myklebust/
Karl Johan Tafjord 298

Jamtebrygg Håvard285

Olav Kaldhusdal284

Szymon Kowalski IPA 2282

Terje Drege Rusten275

Knut Palmar Gjerde273

Ivar Normann Heggen268

Jørg Barthel259

Gjerde Bryggeri/ Johnny246

Olav Inge Sylte242

Jamtebrygg Håvard234

Geir Sylte «Bayer»223

Lyst øl

Laurits Mauseidvåg366

Alf Helge Fiskergård304

Torgeir Myklebust283

Terje Drege Rusten281

Øystein Bjørkavåg256

Gunnar Hoel251

Szymon Kowalski243

Stian Høihjelle233

Frank Maråk209

Jamtebrygg Marius187