Konsert som gjekk rett i sjela

Dirigent Elisabeth Grønningsæter-Olsen og Valldal Hornmusikklag formidla eit breispektra repertoar med litt for ein kvar smak denne kvelden.

Haustkonserten til Valldal Hornmusikklag på Martin Linge-huset sist laurdag minna ein nok ein gong på at korps er så mykje meir enn taktfast marsjering på nasjonaldagen vår.

«Can You Dig It» var ikkje berre tittelen på konsertopplevinga denne laurdagen, men er og hovudtittelen til filmen Iron Man 3 – Harmonie. Komponist Brian Tyler og arrangør Steven R. Walker har laga eit musikalsk arrangement som er mogleg å nyte både i film- og korpssamanheng. Når konferansier Thea Marie Ytterdal ynskte velkomen innleia ho ein kveld som rett og slett gjorde at ein gledde seg til konserten vidare. Det er noko heilt spesielt å kunne gå inn frå haustkjøleg ver, setje seg ned og berre verte servert rause porsjonar av musikalske arrangement som mettar hovud så vel som sjel.

– Vi i hornmusikklaget hadde ein filosofi om å klare oss med med den besetninga vi har, men nokre gongar må ein likevel ha hjelp. Difor er det på sin plass å rette ein spesiell takk til dei som har steppa inn og spelt saman med oss eller på annan måte hjelpt oss i kveld, sa Britt Ingunn Maurstad, leiar av hormusikklaget.

– I klarinettrekka har vi vore forsterka med Anders Hovland i kveld. Og kva skulle vi gjort utan slagverk. Thomas Bjermeland har vore vikar der i kveld, stor takk til han. Hornmusikklaget takkar den nye dirigenten vår, Elisabeth Grønningsæter-Olsen, for god innsats. Sist men ikkje minst stor takk til Thea Marie Ytterdal som på kort varsel tok på seg oppgåva som konferansier, og som har gjennomført det på ein formidabel måte, sa Maurstad.

Uventa versjonar

Eit snev av dramatikk er ikkje å forakte, i alle fall ikkje om det føregår i kontrollerte ramer.

Richard Strauss sin «Also Sprach Zarathustra «gir ei slik oppleving, og den legg eit ypperleg grunnlag for korleis kvelden skal bli vidare.

Musikalen Les Misèrables har gleda mange gjennom tida, og denne kvelden var det «selections from the motion picture» som gjaldt. Det Claude-Michel Schönberg og Johnnie Vinson ein gong komponerte og arrangerte fekk hornmusikklaget videreformidla på ein slik måte denne kvelden at solide tonar som gjekk over i sarte rytmar før marsjtakta tok over ga ei ny og spennande oppleving av musikkstykket som i alle fall ikkje avisa sin utsendte rekna med på førehand.

Filmmusikk

Det gjer ikkje noko om det vert rom for å minnast litt medan ein nyt god musikk, det gjer gjerne berre opplevinga endå sterkare.

«Circle of Life», ein gong skriven av Elton John og arrangert av Michael Sweeney.

Filmen Løvenes konge er det mange små born, og eldre born, som har lagt sin elsk på gjennom tida og det skulle ikkje forbause meg om musikken har gjort det ekstra lett å hugse den. Hornmusikklaget si evne til å gjere alt ikring ein usynleg for ei stund og berre ta inn deira versjon, var eit faktum. Tankane hamna «Somewhere Out There», som neste komposisjon skriven av James Horner og arrangert av John Moss, heitte. Vakkert.

«Ikkje gråt for meg, Argentina», men la det vere klinkande klart at låta som var den neste på programmet let ein gjere nettopp det. For denne tilhøyraren, og kan hende for fleire, er det eit mysterium kven artisten Madonna eigentleg er. Flotte variasjonar i hornmusikklaget si framføring gjorde låten litt mystisk, denne kvelden òg.

Musikalen Evita kom med songen i 1978, atten år seinare kom filmen med same namn og arbeidet til komponist Andrew Lloyd Webber og arrangør Rieks van der Velde mettar ein så gjennomgåande både der og når ein høyrer versjonen til hornmusikklaget at ein føler ein har ete desserten før ein er ferdig med middagen. Takk.

Tid for å mimre

Etter ein pause der gode kaker og kaffi var sett fram slik at alle kunne kose seg med det og ein prat, kom åttitalet på banen.

Skinnreimer ikring handledda, dei høge luggane og sceneopptredenar med intens blikkbruk gjennom kunstig røyk og like kunstige fargar vil for alltid bety noko ekstra for dei som byrja å oppdage musikk på den tida. Kanskje hugsar du den blyantteikna handa som kom opp gjennom bordet i musikkvideoen og oppfordra både Morten Harket og andre til å «Take On Me».

Popverda hadde fått noko som skulle fenge mange gjennom Paul Waaktaar, Magne Furuholmen og arrangør Paul Murtha, og vokalist Morten Harket og fenga vart vi gjennom, nettopp, intense blikk og fargar som berre åttitalet kan vise til.

Hornmusikklaget gjenskapte dette denne laurdagen, kult som ungdomen seier. Vel å merke med hendene trygt på instrumenta, slik at ein kjende det i både hjartet og i rockefoten, etter å ha nytt eit knallgodt og sakralt arbeid frå blåsarar og musikantar for øvrig i «Highlights From Chess». Her fekk ein smake på både våren og hausten i same stykket. Eg kan jo ikkje vere sikker, men eg trur medlemmane i ABBA hadde likt det ilag med meg.

Forrykande avslutting

Grekaren og komponisten Vangelis har laga mykje flott musikk. Om ein meiner at 1492 – «The Conquest of Paradise» er ein av høvdingane i arbeidet hans så var ein lur om ein var på konsert denne kvelden.

Hornmusikklaget gjorde ikkje komposisjonen til Vangelis til skamme. Krafta frå slagverket og ei påminning om at dei som spelar sine instrument er på rette stadane fekk ein nok ein gong. Gripande greier. Ikkje meir å seie om det.

ABBA var innom tidlegare denne kvelden, og dei kom att. «Fernando» og «Mamma Mia». Så leikent og så frilynd som mykje av syttitalet jobba for at det skulle bli, og så rocka og friskt som mange trur at korps ikkje kan få det til. Hurra for uventa kryssingar.

Kunne ein digge dette? Kunne ein få meir enn det ein allereie hadde fått i øyregangane og hjartet denne kvelden?

Å ja. Forrykande og rått, med trommeslagaren sentralt på scena og medspelarane solide på sidene blåste dei Brian Tyler og Steven Richie Walker sin filmmusikk frå filmen «Iron Man» ut i salen.

De må halde fram med å glede folk på denne måten og så må folket møte opp og bli overraska, for det einaste som er tamt slike kveldar er når det heile er over.

Mathilde Vinje
mathilde@storfjordnytt.no