Korsmyra skal sikrast først

Norddalsstranda er no kommen opp på andreplass over mindre skredsikringstiltak på vegane i Møre og Romsdal. (Arkivoto: Ingvild Parr)

Sikring av fylkesveg 63 mellom Indreeide og Korsmyra er no det høgast prioriterte tiltaket i fylket.

Korsmyra rykker opp etter at tiltaka på fylkesveg 60 Røyr–Hellesylt er ferdigstilte. Ein ny tunnel slik han er planlagd på fylkesveg 63, er kostnadsrekna til om lag 700 millionar kroner.

Samferdsleutvalet i fylkeskommunen handsama i går sak om behova for skredsikring i fylket. I tillegg til tunnelen frå Indreeide til Korsmyra er to av vegane i området vårt høgt oppe på prioriteringslista.

Mindre tiltak

Fylkestingsvedtaket i 2012 opna for å gjennomføre mindre skredsikringstiltak med ein kostnad på opp til ti millionar kroner, og det var slike tiltak som skulle prioriterast på møtet i går.

Slik det ligg føre i innstillinga i saka, er fanggjerde på fylkesveg 91 Norddalsstranda og skredvarsling på fylkesveg 63 Grandefonna på andre og tredje plass på prioriteringslista.

Norddalsstranda

Statens vegvesen omtaler Norddalsstranda som ei strekning med høg frekvens av steinsprang, spesielt ved Reinshammaren. Det er fleire skredpunkt på strekninga, men dei har ikkje like høg skredfaktorkategori som Reinshammaren. Vegvesenet meiner at den beste sikringsmetoden på strekninga er ein tunnel i fjellet; han kan bli fleire hundre meter lang og få ein kostnad på godt over hundre millionar kroner. Fordelen er at ein på den måten kan sikre fleire skredpunkt.

Alternativet som er sett opp i innstillinga i saka, er å montere fanggjerde på toppen av bergskjeringa ved Reinshammaren. Fanggjerdet skal stoppe steinspranga før dei når vegen. For å sikre heile lengda av dette skredpunktet meiner vegvesenet at gjerdet bør vere om lag 300 meter langt og fem meter høgt. Vegvesenet reknar med at fanggjerdet skal stoppe 75 prosent av steinspranga.

Estimert kostnad for tiltaket er om lag ni millionar kroner.

Grandefonna

Statens vegvesen seier at det oftast er kremfonner som sperrar vegen ved Grandefonna. Av totalt fire fonner er det denne som hyppigast kjem ned på vegen mellom Grande og Geiranger. Sist gong Grandefonna stengde vegen, var i 2013.

Ei løysing kan vere å sikre med skredoverbygg, men dette er dyrt. Kostnaden for noko slikt kan truleg bli minst hundre millionar kroner. Eit alternativ kan vere å varsle skredet med raudt lys på begge sider av skredløpet slik at trafikantar ikkje køyrer inn i skredløpet når skredet kjem. Ein kan løyse dette teknisk ved å identifisere skredet ved hjelp av ein radar (doppler) som kontinuerleg måler eventuell rørsle i skredløpet. Når skredet losnar, har ein i teorien 30 sekund frå skredet blir detektert, til det når vegen. Bilistane får raudt lys om lag 20 sekund før skredet kjem.

Vegvesenet peiker på at slik skredvarsling ikkje reduserer skredfrekvensen, men gjer bilistane ryggare på at dei ikkje blir tekne av skredet.

Berekna kostnader ved varslingsanlegget er på om lag fire millionar kroner, og det er denne summen som ligg på prioriteringslista til fylket.

Utvalet vedtok at tiltaka vert innarbeidde i rulleringa av investeringsprogrammet.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no