Flott måte å formidle kunnskap på

Gunnar Aspehjell er ein av dei som har hjelpt Vidar Strøm Tingstad med å forklare korleis turbinar og anna fungerer.

Laurdag var det premiere på forteljarteater i Kraft- og skredsenteret i Tafjord og fredag ettermiddag var det førpremiere og generalprøve med inviterte gjestar.

Mange var der på førpremieren, både dei som kan mykje om den gamle kraftstasjonen, andre frå Tafjordbygda og representantar frå Tafjord-konsernet. Då publikum kom, fekk alle kvar sin namnelapp – og Storfjordnytt sin utsending vart som ved eit trylleslag ingeniør som alle dei andre.

År 1937

Klokka var skrudd attende til 1937 og ingeniørane var komne med skyssbåten til Tafjord for å lære om kraftstasjonen, og den som skulle vise oss rundt, var maskinist Andersen. Han viste seg å vere ein ganske streng ung mann som ikkje hadde synderleg respekt for dei besøkande, men kommanderte dei til å undersøke både det eine og det andre undervegs. Spørsmål fekk vi beskjed om kunne ingeniørane rette til direktør Bache-Fagerberg i etterkant av omvisninga, helst skriftleg.

Korleis ein generator verkar var også mellom det dei tilreisande ingeniørane fekk lære denne ettermiddagen – og som dei som deltar i framsyninga utover sommaren – vil få lære.

Denne måten å formidle kunnskap på, fungerer godt. Særleg når det gjerast på ein så overbevisande måte som maskinist Andersen i Vidar Strøm Tingstad sin skikkelse greidde. Manus har han for det meste skrive sjølv, med god hjelp frå Gunnar Aspehjell og dei andre ”gamlekara” i Tafjord.

– Og utan ein runde i maskinhallen med Gunnar i dag i forkant av framsyninga, hadde det blitt mykje feil, seier Strøm Tingstad.

Frå troll til maskinist

Strøm Tingstad vart kjent med Gro Marita Stennes Valdal i fjor då han søkte på jobb som troll. Ideen om å lage til ei framsyning som den som no vert vist utover sommaren, kom gradvis utover sommaren i fjor, og allereie då starta han arbeidet med manuset.

Forma med forteljarteater har han drive med tidlegare, då han arbeidde som omvisar på staden der Olav Duun vaks opp.

– Det vart lettare å fortelje om kven Duun var når eg kunne vere meir skodespelar enn guide og fortelje på den måten, fortel han.

Når han ikkje er maskinist Andersen i Tafjord, har trønearen gjort hovudstadsbuar av seg der han arbeider som hovmeister på ein veganrestaurant og driv som skodespelar på si’.

Då rundturen i maskinhallen der ”ingeniørane” måtte hjelpe til med så mangt, var dommen frå dei som kjenner kraftstasjonen at dette var bra. Også Kari Løken frå Tafjord syntest framsyninga var både lærerik og artig.

– Dette må vi få marknadsført slik at flest muleg får det med seg, slo ho fast.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no