Krattet gror og siste kua har reist

Matvika er eit svært godt døme på kulturlandskapsverdiane som er del av det som ligg til grunn for verdsarvstatusen.

Slik oppsummerer ordførar Arne Sandnes situasjonen for kulturlandskapet i verdsarvområdet idet han oppmodar alle som kan til å delta på seminar om kulturlandskapet måndag.

Seminaret som går av stabelen i Geiranger har fått tittelen «Kulturlandskap i fare», med attgroing som hovudtema. Spørsmål som blir stilt under seminaret – og kanskje får ein også nokre svar er mellom anna korleis nasjonen Noreg skjøttar ansvaret sitt for å ta vare på eigen verdsarv og korleis vi kan ta vare på kulturlandskapet for framtida.

– Dette er avgjerande viktig med tanke på framtida til verdsarven, seier Sandnes og minner om at utan det unike kulturlandskapet der folk gjennom århundrer har sett sine spor, hadde vi neppe hatt verdsarvstatusen.

– Om kulturlandskapet slik vi kjenner det forsvinn, kan vi rett og slett miste verdsarstatusen, slår han fast og seier det ikkje er meir enn tid av vegen for å få på plass tiltak for å gjere noko med situasjonen.

Sandnes fortel at forsking viser at einaste måten å vidareføre kulturlandskapet på, er å vidareføre det husdyrbaserte småskalalandbruket vi har hatt i området i generasjonar. Han fortel at Verdsarvrådet gang på gang har påpeikt faren for attgroing overfor sentrale styresmakter og bede om tiltak, utan at det har skjedd så mykje. Rett nok vart det gjort ein god jobb då det i 2007/2008 vart løyvd midlar til bønder innanfor verdsarvområdet.

– Det var nødvendig, men ordninga er ikkje justert beløpsmessig og den er heller ikkje omfattande nok og må rustas opp for å sikre eit framleis levande husdyrhald, seier Sandnes og tenkjer då på at ordninga må utvidast til også å gjelde dei som grenser til verdsarven, særleg i Eidsdal og Norddal, men også Fjørå.

– Eg meiner at buffersonene er livsviktige for kulturlandskapet i området, mange av bøndene driv innanfor verdsarvområdet sjølv om dei eigentleg held til rett utanfor området. Desse må også kunne ta del i tilskotsordninga, slår Sandnes fast.

Sandnes ser fram til måndagen der listetoppane i dei politiske partia stiller og vil bli konfronterte med situasjonen. I tillegg kjem både fylkesmannen og fylkesordføraren.

– Vi har eit ansvar lokalt for å skape merksemd om problematikken på nasjonalt nivå og eg meiner det er eit nasjonalt ansvar å ta vare på verdsarven. Men det må litt vaksenopplæring til, og det er det som er noko av poenget med seminaret, seier han.

Sandnes avsluttar med at det er svært viktig at folk møter opp på Hotel Union på måndag – reiselivet, bøndene i området uansett om dei får verdsarvstøtte eller ikkje og andre. Av omsyn til planlegging og servering, ber han dei som vil ta turen om å melde seg på seinast i løpet av morgondagen (fredag).

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no