Kreative og niandeklassingar

Juryen, Bente Selboskar (f.v.), Harald Espeland og Per Ivar Lied, får forklart korleis elevane tenkjer seg betre hjulløysing på fotballmåla.

Fem grupper frå niande klasse ved Stordal skule var med på gründercamp i førre veke. Oppdragsgjevarane var storleg imponerte.

At det var veka før dei skulle stå til konfirmajson såg ikkje ut til å ha teke bort konsentrasjonen om dei til dels vanskelege oppgåvene dei hadde fått tildelt. Fradag var det presentasjon med både jury og oppdragsgjevarar til stades i tillegg til medelevar som publikum.

Vegetarmat

Første gruppa hadde Peder Vikenes og Kokarsteinen som oppdragsgjevar. Under presentasjonen fortalde dei litt om bakgrunnen for Kokarsteinen, som kom på plass etter at Dyrkorntunnelen var opna.

Oppdraget no gjekk ut på å finne nye rettar på menyen, dei landa på ein vegetarrett og ein lavkalorirett. Dei presenterte arbeidet både gjennom video og bilde i tillegg til å fortelje og rappe. Ikkje nok med det, dei hadde også laga rettane, slik at både juryen og Vikenes fekk smake. Godlydane let ikkje vente på seg.

Gruppa hadde rekna ut kva kvar einskild rett kostar i innkjøp og tillagging, dei presenteret forslag til utsalspris og dermed også forteneste.

Musikkverkstad

Ei anna gruppe hadde fått i oppdrag å planlegge korleis ein kan pusse opp musikkverkstaden ved Stordal frivilligsentral på best mulig måte. Dei starta med å snakke med Bjørg Jacobsen, tok mål, teikna og laga ein modell. Resultatet vart grafitti på eine veggen, instrument på ein annan og fingermåling på ein tredje. Dei hadde også forslag om å arrangere workshop med instruktør og ei eiga side på facebook.

Storvasscamp

Frode Færøy og Øvre Stordal hadd gitt ei gruppe i oppgåve å kome med framlegg om korleis dei kan arrangere helgetur til Storvatnet for ungdom i alderen frå 13 til 17 år. To av dei i gruppa kom inn med sovepose og ryggsekk slik at det var tydeleg kva dei hadde i tankane.

“Instaopplevelsar og nye vennar” var tittelen dei kom fram til etter å ha teke fatt på oppgåva. Dei la fram detaljert program for ein helgetur til Storvatnet, med overnatting i lavvo, eller Storvasshytta. Dei hadde funne ut både korleis ein skal lokke ungdom til å vere med, transport til og frå og aktivitetar både på dag- og kveldstid.

– Det er viktig at alle kjenner at dei er trygge og at dei blir sett på ein slik tur, at alle blir inkluderte og har det kjekt i lag, sa dei.

Dei viste fram ulike måtar å marknadsføre opplegget på og å spreie det via sosiale medium.

Uteområdet

Gruppe fire hadde uteområdet ved Andershaugen barnehage som si oppgåve. Ei synfaring dei hadde gjennomført fortalde at uteomådet er nedslite og fargelaust, dei ville gjere det meir innbydande. Under besøket i barnehagen snakka dei med ungane og fekk mange idear. Dei kom med framlegg om å flytte leikehuset som står ved porten. Den kvite murveggen på huset ville dei friske opp med å måle på kjende figurar for ungane. Ungane synest det er for lite plass å sykle på, det kan løysast med å lage sykkelveg rundt heile barnehagen. Langs sykkelvegen ville dei lage små hus som kunne vere verkstad til sykkelreparasjon, butikk og bensinstasjon.

– Det som er der no, var der også når vi var i barnehagen, sa dei og la til at sjølv om det er planlagt ny barnehage kan det med enkle midlar gjerast meir innbydande.

Fotballmål

Bedrifta Simek lagar fotballmål, som dei leverer over heile landet. Simek hadde to oppgåver til ei av gruppene på gründercamp. Det var å finne ut korleis fotballmåla kan få betre hjul, svingbare og enkle å montere og parkere. Den andre problemstillinga handla om å gjere måla sikrare mot å velte. Gruppa hadde jobba hardt med å finne løysingar, under presentasjonen fekk publikum lære både om nasehjul fjøring og anna. Dei hadde laga ein modell av korleis dei såg føre seg løysinga, som dei viste fram både for Asle Olsen frå Simek og juryen.

Randi Flø
randi@storfjordnytt.no