Kreative ungdommar på Stranda vidaregåande skule

På tampen av fjoråret heldt Stranda vidaregåande skule lanseringfest for ungdomsskulebedriftene ved skulen i 2016. Etter lanseringsfesten laga skulen også ein video som presenterer bedriftene og arbeida deira.

Dei fire bedriftene Zup UB, Smelt i hjertet UB, Rein Energi UB og Lokalmat UB viste fram arbeida, produkta og bedriftsideane sine. Til dømes hadde Zup utvikla ein jordbærsmoothie med bær frå Valldal Grønt AS.

Storfjordnytt skreiv om ungdomsbedriftene i avisa som kom ut 20. desember.

Her finn du ein video som skulen sjølv har laga frå jubileumsfesten:

https://www.youtube.com/watch?v=C-YwZ9erAxI&t=10s