Kronerulling for livet

I ambulansen som stasjonen fekk i fjor er det straumuttak for LUCAS. Frå venstre Sondre Hauland, Bente L. Håvoll, Bodil Waldal, Nina Grønningsæter, Hillevi Maria Gjerde og Annbjørg R. Linge.

Fleire er i sving for å få LUCAS til Fjord kommune. LUCAS veg omlag sju kilo, har ein pris på omlag 180.000 kroner og er for den som måtte trenge det, ubetaleleg. Det er hjartekompresjonsmaskina si det.

Bente Håvoll starta det heile ved å spørje Valldal helselag om dei kunne setje i gang ei kronerulling, og dei var ikkje seine om å støtte opp om forslaget.

Kronerullinga skal forhåpentleg føre til at Fjord kommune får sin eigen LUCAS.

Lokal men mobil

Leiar for helselaget, Nina Beate Grøndahl, seier at fleire instansar vert tekne kontakt med i etterkant av møtet på ambulansestasjonen i Valldal.

– Vi tek kontakt med mellom andre Sparebanken Møre, Gjensidigestiftelsen, Tafjord Kraft AS og dei andre helselaga i bygdene våre, fortel ho.

Vidare seier Nina at LUCAS vil få sin faste plass i Valldal, men at skulle bilen vere på tur og behovet er der så er sjølvsagt maskina mogleg å bruke kor som helst.

– Vi bur avsides til vi som bur i slike trakter, seier Bodil Waldal i Valldal helselag.

– Skulle ulukka vere ute er det betryggande å vite at ei slik maskin finst i ambulansen, er ho og dei andre einige om.

Ei av dei som har ambulansevakt denne dagen, Bente Håvoll, viser ein informasjonsfilm om LUCAS.

Maskina framstår som forholdsvis enkel å bruke. Den har eit ukomplisert kontrollpanel, den skal vere lett å feste til pasienten og maskina jobbar sjølv. Enkel, men viktig.

– Ja, det er både fysisk og psykisk svært krevjande å føreta ein kompresjon på eit menneske, seier Annbjørg R. Linge.

– Det er ikkje tvil om at ei maskin er kjærkoma for den som måtte bli sjuk og dei rundt, seier ho.

Primær standard

Hos ambulansestasjonen i Valldal er dei svært glade for tiltaket.

Sondre Hauland er seksjonsleiar for ambulansestasjonane i Valldal, Sjøholt og Brattvåg. I dag har han teke turen til Valldal.

I lag med dei som er på vakt snakkar han om korleis primærordninga er for ambulansane, og korleis ein heile tida jobbar for å oppretthalde og forbetre sikkerheit og nivå.

– Tilsette her inne vert såleis superbrukarar på LUCAS, seier han. Hauland snakkar om primærstandarden i ambulansane.

– Standard i dag er at ein som ambulansepersonell skal kunne kryssjobbe, seier Hauland.

– Med det meiner eg at ein tilsett hos ambulansestasjonen her skal til dømes kunne ta ei vakt nordpå i landet. Tilhøva i ambulansane og rutinane skal ha same standardnivå, legg han til.

Det føreligg nasjonal innkjøpsstandard.

Ei hjartekompresjonsmaskin er mellom dei objekta som ein håpar å aldri måtte trenge, men som set eit anten eller om den først må brukast.

Mathilde L. Vinje
mathilde@storfjordnytt.no