Kulturlivet feira Fjord kommune

Kristian Almås og ordførar Eva Hove tok seg tid til å vise Dag Øistein Endsjø rundt i rosekyrkja, som hans mormors morfars morfar Vebjørn Hamarsbøen i 1799 fekk i oppdrag å måle. 50 riksdalar var betalinga for det store arbeidet den gongen.

Søndag var det stor kulturmarkering for å feire at to kommunar er blitt til éin. Det var i Stordalshallen det gjekk føre seg, då ein med å vise fram delar av det rike kulturlivet i Fjord kommune skulle markere overgangen frå to kommunar til éin.

Lista over dei som var med var lang, det var fleire innslag med kulturskulen, i tillegg var det dans og spelemannslag – og fire av dei fem korpsa i nykommunen var til stades og fekk vist seg fram for publikum.

Fylkesmann og varaordførar

Det heile starta – bokstavleg tala – med eit smell og konfettidryss då Stordal Hornmusikklag under leiing av Nick Ost opna det heile med «Festive Winds». Deretter gjekk det slag i slag med kulturinnslag.

Ordførar Eva Hove var ikkje til stades, men helste forsamlinga via ein videosnutt. Dagens programleiar var kommunalsjef for oppvekst og kultur, Charles Tøsse – han brukte fødselsdagen sin til å leie publikum gjennom dei ulike innslaga med stødig hand. Mellom andre har fylkesmannen hatt ei viktig rolle i samanslåingsprosessen – og assisterande fylkesmann Berit Brendskag Lied var på plass i Stordal og skrytte av det gode arbeidet som har vore gjort gjennom heile prosessen. Ho gjorde også eit poeng ut av at det no er 356 kommunar i Noreg, noko det heilt sikkert vil bli spurd om i kvissar framover.

Brendskag Lied meinte at det gå gå saman var eit klokt val, og ho syntest Fjord kommune har fått både eit flott og godt namn og ikkje minst, eit fint kommunevåpen.

Varaordførar Viktor Valdal hadde også ei helsing til forsamlinga – han sa at sjølv om det er sjarmerande små dialektforskjellar ute og går mellom bygdene, er dei ikkje større enn at ein skal greie å skape ein kommune det er godt å bu i og som gir gode tenester til innbyggjarane sine.

– Og det er viktig med felles opplevingar som dette, slo han fast og meinte at Fjord kommune vil bestå i mange tiår framover.

Kommunevåpen

Framlegget til kommunevåpen som vart valt, er laga av Dag Øistein Endsjø. Han er til dagleg professor i religionshistorie ved Universitetet i Oslo – og har ein heilt spesiell grunn til å gle seg over at nettopp hans framlegg vann kommunevåpenkonkurransen: det var nemleg hans mormors morfars morfar som i 1799 måla rosekyrkja innvendig! Vebjørn Hamarsbøen, heitte han.

Han hadde aldri vore inne i rosekyrkja før – og eigentleg hadde han berre køyrt gjennom området ein gong for mange år sidan. Men då han såg at det var lyst ut konkurranse om kommunevåpen, fekk han lyst til å melde seg på.

Dagen etter den store festen i Stordalshallen fekk han kome inn og sjå kva hans mormors morfars morfar hadde skapt i rosekyrkja. Med seg hadde han ordføraren og Kristian Almås.

– Dette var kjempegøy å få oppleve, sa ein entusiastisk Endsjø etter omvisinga i den gamle stordalskyrkja.

Slagord

Innslaget frå NRK-programmet «Eides språksjov» der «kommuneslagordgeneratoren» vart nytta, var sjølvsagt også med, til mykje humring i salen.

Av kulturinnslaga publikum fekk nyte denne ettermiddagen, var musikk frå Stordal Hornmusikklag, Stordal skulekorps, Big Valley Voices, Eidsdal Musikkorps og Valldal skulekorps. Kulturskuleinnslag var det tre stykker av – med stor variasjon, her var det både song, det var klarinettspel – i tillegg til piano og fele. Jenny Marita Sørås er ein tidlegare elev i kulturskulen, ho bur for tida i Oslo og har nettopp avslutta ein bachelor ved Musikkteaterhøgskulen og hadde funne vegen til heimbygda denne dagen. At Jenny Marita Sørås kan synge, visste vi frå før, men det ho viste fram denne søndagen, var framifrå. Saman med Stordal Hornmusikklag song ho «I Dreamed a Dream» frå musikalen Les Misérables og Adele sin James Bond-låt «Skyfall».

Dansarar fekk vi også sjå – først med seniordansdamene frå Valldal, så fekk vi nyte drilltroppen til Valldal skulekorps og heilt til sist var det Stordal Folkedanslag som svinga seg til lokale tonar frå Valldal Spelemannslag.

Eva Hilde Lingås, for Storfjordnytt sine lesarar kanskje best kjent under signaturen «ehili», bidrog med kåseriet «Sus i serken», ein passande tekst på ein dag som denne.

Det var altså eit breitt spekter av kultur som vart vist fram i Stordalshallen denne ettermiddagen – og om den nye kommunen held fram med å prioritere ein god kulturskule og kulturlivet elles, blir det nok mange slike høve til kulturelt påfyll for innbyggjarane i Fjord kommune i åra som kjem.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no