Kulturskulerektor for to kommunar

På veg ut for å ta bilete av den nye kulturskulerektoren Gøril Vidhammer, trefte vi Martine Dahl Frostad som er ein av mange elevar i kulturskulen i Norddal kommune. Gøril kjem nok til å treffe både Martine og dei andre elevane i dei to kulturskulane mange gongar i tida som kjem.

Gøril Vidhammer har nettopp starta i jobben som felles kulturskulerektor i Norddal og Stordal kommunar. No skal ho vere med på å byggje kulturskulen for Fjord kommune.

Gøril Vidhammer har ikkje hatt mange dagane i rektorstolen, ho starta for fullt i jobben førre veke.

– No er eg i gang og det er mykje å setje seg inn i, seier kulturskulerektoren.

Musikk er viktig

Den nye kulturskulerektoren er utdanna lærar, både allmennlærar og musikklærar. Ho fortel at ho har jobba i kulturskulen tidlegare, i tillegg har ho også mange år bak seg i grunnskulen.

– Men eg hadde lyst tilbake til kulturskulen, så då eg såg at denne stillinga var lyst ut, var det fristande å søkje, seier ho og synest ho er heldig som var den som fekk jobben.

Ho og familien som består av mann og to ungdommar, bur på Sjøholt og ho fortel at heile familien driv med musikk i ein eller annan form. Derfor synest ho det er ekstra kjekt med jobben ho no nettopp har starta i.

– Det er eit privilegium å få kombinere interesse og hobby med jobb, seier ho og legg til at ho har vanskeleg for å tenkje seg tilværet utan musikk.

Men det er ikkje berre musikk ho er interessert i, det er mykje anna også – kultur og kunst er så mykje meir enn det.

– Eg er glad for å vere tilbake i kulturskulen og eg gler meg til å bli kjent med både kollegaer og elevane, seier ho.

To skal bli ein

Det ho synest er ekstra spesielt med nyjobben, er at ho har ansvaret for kulturskulen i to kommunar – og at dei etter kvart skal bli éin.

– Ein viktig del av jobben vil vere å få slått saman dei to kulturskulane på ein god måte, seier ho.

Ho har allereie merka seg at det er mykje som er likt i dei to kommunane, og så er det også mykje som er ulikt.

– Det er i tilbodet til elevane det er mykje likt, også er det ulik drift. Men det er ikkje unaturleg ettersom Norddal og Stordal er to ulike kommunar, seier ho.

Gøril ser at det kan vere krevjande med brei drift i to så små kommunar og har eit håp om at det skal vere muleg å tilby fleire aktivitetar og kulturuttrykk når to små blir ei litt større eining.

– Det vil handle om å utnytte ressursane på best mogleg vis, men dette vil vere ein prosess der alle må få lov til å vere med, seier ho og vil først og fremst konsentrere seg om å bli kjent og å finne ut av kva ønske dei tilsette har. Men ho er klar på at det er svært mykje positivt ved begge kulturskulane.

– Vi må ta med det som er godt og bra i begge kommunane og utvikle det vidare, slår ho fast.

Spennande tider

Ho er tydeleg på at ho enno ikkje har dei store ”programerklæringane” å kome med for korleis kulturskulen i Fjord skal bli.

– Det er tidleg i prosessen enno, men det er ingen tvil om at det er spennande tider for alle. Eg synest eg er heldig som får vere med å denne prosessen og håper eg kan bidra på ein god måte, seier ho.

Førebels har ho merka seg at kulturskulen i begge kommunane har svært mange flinke og engasjerte tilsette og at det er rik kulturell aktivitet i alle bygdene i dei to kommunane.

– Det er eit supert utgangspunkt for vidare arbeid, slår ho fast.

Ho er heller ikkje framand for samarbeid med andre kulturskular på sikt når det gjeld utveksling av lærarkrefter, ho trur det kan vere avgjerande om ein skal greie å utvide kulturskuletilbodet med fleire og andre aktivitetar enn i dag – anten som fast tilbod eller på prosjektbasis.

– Om vi er medvitne og flinke til å bruke kvarandre, trur eg vi kan få til mykje. Men vi må ta tida til hjelp og igjen, det handlar om å byggje på det vi allereie har, seier ho.

Mange i små stillingar

Når det gjeld å ”smelte saman” to kulturskular til ein, vil ho ta ting gradvis og i lag med dei tilsette.

Gøril fortel at det i desse to kulturskulane, som så mange andre stader, er slik at det er få årsverk i kulturskulen, men dei få årsverka er fordelt på mange lærarar som har små stillingsbrøkar.

– Eitt av måla med å få to til å bli ein vil vere å kunne tilby større stillingsbrøkar enn i dag. Det trur eg fleire kunne ønskt seg og det vil nok heilt sikkert gjere det lettare å rekruttere lærarar i kulturskulen i framtida, seier ho og legg til at er det noko ho har merka seg etter berre ei veke i jobb, så er det at kulturskulelærarane er svært engasjerte i jobben sin og legg ned mykje meir innsats enn det stillingsstorleiken tilseier.

– Det er kjekt, for det betyr at vi kan få til mykje i lag, seier ho.

Kontor begge stader

Gøril Vidhammer har som ambisjon å dele arbeidsveka si mellom Norddal og Stordal og ser føre seg to dagar i veka i kvar kommune.

– Eg har i utgangspunktet tenkt å vere i Valldal måndag og tysdag og i Stordal onsdag og torsdag, men eg må prøve meg litt fram og finne fram til ein modell som fungerer både for meg og for kulturskulane, seier ho.

Både i Valldal og i Stordal vil ho ha kontor på skulen – og Storfjordnytt har funne vegen til kontoret på Valldal skule som ho skal dele med teamleiarane ved skulen for å få denne praten med henne.

Ho fortel at tanken er at ho også skal undervise litt sjølv, men kva det blir – og kor mykje det vil bli av slikt, verken vil eller kan ho meine noko om no.

– Vi får sjå kva det etter kvart blir behov for og så tar vi det derfrå, seier ho som fortel at ho i utgangspunktet er messinglærar, noko kulturskulane allereie har eit godt tilbod på.

– Og slik skal det halde fram å vere, eg skal ikkje ta jobben frå nokon, berre så det er sagt, slår ho fast.

Bli med i kulturskulen

Når det gjeld søknad til kulturskulen for komande skuleår, så er søknadsfristen i Stordal allereie ute. Men kulturskulerektoren seier at om det er nokon som enno ikkje har søkt, men som har lyst til å søkje, så kan det kanskje vere muleg å få med nokre fleire – om dei er raske med ein søknad.

I Norddal kommune er søknadsfristen 20. mai og her skal ein søkje digitalt, altså på heimesidene til kommunen. Kulturskulerektoren håper på retteleg mange søkjarar i begge kommunane og seier det berre er å melde seg på, det er mange tilbod å velje mellom, idet ho ramsar opp opplæring på blåseinstrument, gitar, piano, fiolin og song – tilbod som stort sett er dei same i begge kommunane.

– Og så gler eg meg stort til sommaravslutningane til kulturskulane, det skal bli fint å møte elevane og høyre kva dei har halde på med siste året, avsluttar ho.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no