Kvar er det trygt å vere når bølgja kjem?

Det kunne godt ha vore fleire som tok turen til Kraft- og skredsenteret i Tafjord måndag kveld. Men dei som kom, fekk mykje og god informasjon.

Det og mykje anna skulle innbyggjarane i Norddal kommune informerast om då det denne veka vart invitert til folkemøte om oppskyljings- og evakueringssoner.

Ordførar i Norddal kommune, Bjørn Inge Ruset, understreka at ein ikkje hadde invitert til møte for å snakke om filmen “Bølgen”, men for å informere om dei nye utrekningane som er gjort med tanke på flodbølgjene som vil kome når Åkneset og Heggurdaksla dett i fjorden.

Link til gislink.no

– Oppskyljingshøgdene er om lag som før, men evakueringssonene er utvida, sa han. At evakueringssonene er blitt justerte, vil kunne få konsekvensar for kvar bygg kan plasserast i framtida, det må takast omsyn til dette i den vidare samfunnsplanlegginga.

– Skal kunne sove trygt

Stabssjef i i Sunnmøre politidistrikt, Jon Kåre Flo, kunne fortelje at ein har tatt utgangspunkt i maksimal oppskyljingshøgd og så lagt på 60 prosent. Han fortalde at sjølv om det slett ikkje er sikkert at alle dei millionane kubikk stein rasar på ein gong, er planane lagt med utgangspunkt i eit ”worst case”-scenarie.

– Fordi vi vil at alle skal sove trygt om natta, sa han.
Med unntak av Tafjord og Fjørå, har ein valt å operere med same høgder for både Åkneset og Heggurdaksla, men konsekvensane for Tafjord og Fjørå vil bli større om Heggurdaksla går enn Åkneset. Likevel har ein valt å operere med same evakueringssone for begge skreda, for å vere på den sikre sida.

Opne vegar så langt råd

Det er berre laga evakueringssoner der det er bebyggelse og veg. I tillegg meiner Flo dette bør løysast så praktisk som råd og difor er evakueringssonene lagt etter vegane. Ifølgje Flo skal vegane vere opne så lenge som råd, men at ein må ha kontroll på kven som er på vegane til eikvar tid.

– Ved raud beredskap vil det difor bli oppretta sperrepostar for å ha kontroll med trafikken, sa han og la til at utfordringane knytt til vegane har vist seg å vere mindre enn dei trudde då dette arbeidet starta. Derimot vil ferjer og tunnelar vere ei større utfordring, meinte han.

Objektplanar er under utarbeiding, og her kan alle berørte instansar som til dømes Statens vegvesen, Mattilsynet, kommunar, politi og andre gå inn og hente ut data om utfordringar knytt til eit særskild objekt som Åkneset eller Heggurdaksla.

Flo fekk spørsmål om kva som skjer, kven som har ansvaret for sikring av verdiar når folk blir evakuerte.

– Politiet har ansvar for huset ditt så lenge det står, slo Flo fast og bad folk tenke gjennom korleis dei skal forhalde seg når beredskapsnivået vert heva.

– Om ein har båt i småbåthamna kan det vere ein god ide å gjere tiltak for å sikre den. Og om du skulle ha ein ekte Munch hengande i stova, kan det vere ein god ide å ta med seg den om du vert evakuert, meinte han. For det er ikkje sikkert at forsikringsselskapa vert spesielt blide dersom ein har hatt tid til å sikre verdiar og ikkje har gjort det.

– I tillegg til dei overordna panane, er kommunar og verksemder nøydde til å ha sine planar, sa han.

Bikkar langsomt utover

Einar Anda som no er geolog ved NVE sin fjellskredseksjon ved Stranda og Kåfjord, tok møtelyden gjennom skred i området opp gjennom historia. Han forklarte også om instrumenteringa på Heggurdaksla, med strekkstag og tiltmeter (elektroniske vaterar) og anna. Heggurdaksla er ei blokk som langsomt bikkar utover mot fjorden og sjølv om blokka ikkje bevegar seg så fort, vert det sett på som eit høgrisikoprosjekt på grunn av skredhistoria i denne delen av fjorden. Han fortalde at dei to sprekkane i Heggurdaksla er gamle, at dei kanskje har eksistert i fleire tusen år.

– Og det er slett ikkje alle som utløyser skred, poengerte han.

Fargekodar og planverk

Aud Lindis Ødegaard er beredskapssjef i Norddal kommune. Ho fortalde at beredskapsplanane til kommunen vert reviderte årleg. Det vert operert med ulike fargekodar på ulike beredskapsnivå, der grønt er normalsituasjonen. Ved kode gul er det tid for å aktivere planane og gjere førebuingar. Ved oransje er ein over i flyttefasen, altså då innbyggjarar vert evakuerte og ved raudt nivå er det kritisk, og då er det politiet som tar over kontrollen.

Ho fortalde om planhierarkiet der ein på toppen har ein nasjonal beredskapsplan, det overordna planverket. Deretter har ein objektplanar, det vil seie samordna beredskapsplanar knytt til dei ulike objekta som til dømes Åkneset og Heggurdaksla og nederst på stigen har ein beredskapsplanane til dei ulike aktørane som kommunar, kraftselskap, politi og andre – som seier noko om korleis ein skal handtere ei hending.

– Difor er det viktig at alle aktørar som har ei rolle, har planar som heng saman. Vi må kjenne kvarandre og vite kva roller vi har, og her har fylkesmannen gjort ein god jobb med å koordinere og samordne arbeidet, sa ho. Objektplanane skal vere ferdige i løpet av inneverande år.

– Risikoen er kjent og grundig kartlagt, vi har påliteleg overvaking og system for varsling, slo ho fast.

Konsekvensanalysar

Det må også vere planar for tida etter ei bølgje, difor skal det også utarbeidast interkommunale konsekvensanalysar med omsyn til straumforsyning, vegar, vatn, avlaup og anna. Desse skal etter planen handsamast politisk i løpet av hausten. I følgje beredskapssjefen har kommunen fått skjønsmidlar frå fylkesmannen til dette arbeidet. I tillegg må innbyggjarar og næringsdrivane informerast om planar for drivstofforsyningar og matvarer.

– Vi kan få ein situasjon der luftrommet er vegen vår. Ei konsekvensanalyse vil nyttast i planverket, men det er viktig at alle har eigne planar. Vi veit ikkje i detalj korleis dette vil bli, det viktige er at grovrisset er på plass no, presiserte Ødegaard som samanlikna arbeidet med eit puslespel der bitane vert lagt bit for bit.

Informasjon

Det vart frå salen stilt spørsmål ved kor effektiv sms-varsling vil vere når det framleis er slik at det er område i kommunen der mobildekninga er så som så.

– Med erfaringane frå Mannen, veit vi at det vil bli eit vanvittig medieoppstyr, så det skal godt gjerast å gå glipp av det som skjer, meinte Anda.

Rådmann Tor Helge Stavdal meinte at det er utruleg viktig å få fram at kommunen har gode planar for beredskapen, men at det ikkje held med gode planar, det øvast også. Difor vil det i september neste år bli ei stor øving ala øving Tyr for to år sidan.

Før møtet vart avslutta, kom Jon Kåre Flo med ei oppmoding til møtelyden. Han sa at planarbeidet ikkje var avslutta, det skal vere eit planverk som lever. Han bad folk å å sjå på karta sjølve og gi tilbakemelding om det er ting som ikkje er kome med. Feil kan alltid skje.

På kommunen sine heimesider ligg det allereie ein del informasjon, meir vil kome. I tillegg finn ein link til gislink.no, nettstaden der ein kan sjå kart over evakueringssoner til dei ulike bygdene. Det ligg og link til fylkesmannen sine sider der det også er mykje informasjon å finne.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no


 

Evakuering av kommunale verksemder

I Norddal kommune sine beredskapsplanar er det bestemt kvar dei einskilde kommunale verksemdene skal evakuerast til.

Beredskapssjef Aud Lindis Ødegård fortalde på folkemøtet at ein kan risikere langvarig evakuering, og at ein difor har valt lokale der det går an å vere over tid.

Det er også tatt høgde for å opprette midlertidige tilbod med barnehage og undervisning om vegane vert utilgjengelege.

* Syltebøen barnehage vert flytta til klubbhuset på Omenås og Ystereiten, eventuelt til kjellarrom hos Marit Gjerde.

* Elvetun vert flytta til storhyttene på Gjerde camping.

* Loftet blir flytta til Jordbærhuset på Døving.

* Bebuarane på Valldal sjukeheim blir fordelt på sjukeheimar i Skodje, Ørskog og Stordal – eventuelt også ti andre sjukeheimar.

* Open omsorg flyttast til Valldal skule, der brukarane er tenkt innlosjert på musikkrommet og administrasjonen på sløydavdelinga.

* Helseavdelinga vert også flytta til Valldal skule, til lokala til vaktmeister og sosiallærar. Helsesøster vil halde til på naturfagrommet.

* Valldal skule blir verande, med planar for alternativ skuledrift i Fjørå barnehage og Tafjord skule.

* Rådhuset vert flytta til Valldal skule.

* Omsorgsbustaden i Eidsdal vert flytta til Eidsdal skule, her er det naturfagrom, musikkrom, grupperom og bibliotek som vert nytta. Administrasjonen får plass på kopirommet.

* Dalsbygda barnehage blir verande, alternativt kan det bli skuledrift her.

* Eidsdal skule blir verande, alternativt kan det bli barnehagedrift her.