Lærer å finne kadaver

På Omenåssetra var det gode forhold for å halde kadaverhundkurs. Frå venstre: Torill Albrektsen, Siv Elin Brevig, Nils Steinvik og Jens Terje Tennfjord med hundane Tigri og Akte.

Ein viktig del av jobben er å finne og påvise sau på beite som er drepen av rovdyr.

Denne helga var Torill Albrektsen og Nils Steinvik i Valldal for å halde kurs for kadaverhundar. Dei er instruktørar for organisasjonen Norske kadaverhunder. Fredag kveld starta det med teori.

Nils Steinvik fortel at organisasjonen har som føremål å trene opp og kvalitetssikre arbeidet med å finne kadaver i beiteområde. Dei held kurs og godkjenningsprøve. Det var Valldal og Fjørå Sau og geit som inviterte til kurset.

– Dersom ein sau blir drepen av rovdyr på beite, er det slik at i naturen forsvinn kadaveret ganske fort. Derfor er det viktig å finne kadaveret så fort som mulig for å kunne dokumentere om det har ore eit rovdyr på ferde, seier Steinvik og legg til at dette er det beste middelet for å finne kadaver.

Praktisk

Laurdag, søndag og måndag var det tid for den praktiske delen av kurset, her var praktisk bruk av GPS som støtteverkty ein del av opplegget. To og to ekvipasjar var på Omenåssetra for å kurse seg i GPS og kadaversøk.

I Møre og Romsdal har det vore utdanna 45 hundar sidan 2011, men det er få som er godkjende, tre til no, men det fleire etter kvart.

I august kjem instruktørane tilbake for testing.

Fleire

Det var fleire frå vårt område som var med på kurset i helga. ei av dei var Siv Elin Brevig frå Valldal saman med hunden Brutus, ein labrador retriever. Ho var ute i feltet saman med Jens Terje Tennfjord frå Brandal som trenar opp to hundar, ein pyreneisk vaktarhund, Tigri, og ein border collie kalla Akte.

Tennfjord fortel at han tek kurset for å førebu seg til jobben han skal ha i sommar som gjetar i Ulvådalen. Ein viktig del av jobben kan bli å finne og påvise sau som er drepen av rovdyr for å kunne rapportere og dokumentere.

Randi Flø
randi@storfjordnytt.no