Lærer vekk kjøtskjering

Odd Høiås i aktivitet medan Anne Berit Løseth tek med seg gode råd og praktiske råd.

Stordal skogeigarlag har arrangert kurs om nedskjering av hjortevilt på Nilsgardstunet i Stordal.

Kurset er i tre delar, der den fyrste delen var eit reint teoretisk kurs, andre delen praktisk nedskjering og det tredje kurset, som skal arrangerast i januar, tek for seg vidareforedling av kjøtet.

Deltakarane på kurset kom frå Stordal, Liabygda, Valldal og Norddal. Alle med ønske om å lære korleis dei betre kan nytte kjøtet etter at viltet er skote.

Nyttig erfaring

Andre delen med nedskjering var delt i to med fem deltakarar på kvart kurs. Ei halv kolle og ein halv kalv vart partert av kyndige hender, og deltakarane fekk sjå korleis det skulle gjerast, og stille spørsmål undervegs.

Odd Høiås er leigd inn for å dele sin kunnskap om emnet. Han har lang erfaring som lærar på Stranda vidaregåande skule, i dag er han pensjonist.

Å skjære ned ein hjort tek ei stund, og veit du ikkje akkurat kva du skal gjere, tek det enda lengre tid. Du vert ikkje ulært ved å sjå på at nokon som kan det, gjer jobben, men det er mange gode tips og råd å ta med seg. Å praktisere det er ofte det som skal til for å få kunnskapane til å sitte i fingrane, seier Harald Jøsvoll, som var ein av kursdeltakaren på kurset.

Vakuumpakka og klart

På den andre kvelden av den praktiske kursdelen hadde dei ein halv hjortekalv på 15 kilo å skjere ned.

Etter at deltakaren hadde sett, lært og forstått, sat dei att med to pakkar med produksjonskjøt, to pakkar med filet, éin med steik, éin med mørbrad, éin med rundbiff, éin med flatbiff, éin med lårtunge og éin med grytekjøt.

Då kjøtet var vakuumpakka og klart, avslutta kursdeltakarane kvelden med ein middag på Nilsgardstunet.

Alfred Nilsen
alfred@storfjordnytt.no

Nils Thomas Hove stilte med lokale til kurset og varta opp deltakarane med middag etter det praktiske kurset. Alle foto: Harald Jøsvoll

Nils Thomas Hove stilte med lokale til kurset og varta opp deltakarane med middag etter det praktiske kurset. Alle foto: Harald Jøsvoll.