Lærte skuleelevane om nettvett

Øyvind Skarbø, politibetjent ved Sykkylven lensmannskontor (til venstre) og politistudent David Skjerstad Rendulich ga tilhøyrarane sterke og lærerike timar.

Fredag var elevane og lærarane ved mellom- og ungdomssteget på Valldal skule samla for å høyre politiet informere om internettbruk.

Hovudemnet var korleis internett vert brukt og misbrukt i samfunnet vårt.

Politiet informerte om korleis ein kan verte lurt og utnytta om ein kjem i kontakt med dei som har negative intensjonar med å vere på nettet. Litt lærdom om korleis desse jobbar for å misbruke tilliten til nettbrukarar fekk ein og.

Mobbing

– Det er ingen tvil om at det som var ein arena for kommunikasjon mellom elevane tidlegare, skulegarden, i stor grad no er bytta ut med kommunikasjon via nettet, sa Øyvind Skarbø, politibetjent ved Sykkylven lensmannskontor.

– Det ein tidlegare vart ueinige om og gjorde opp andlet til andlet foregår no i stor grad via nettet, sa han.

Det gjorde inntrykk på dei som var til stades då han fortalde at han ofte snakkar med vaksne og born som opplever internett som ein trugsel.

Politiet er mellom anna ansvarlege for å førebyggje negativ og farleg kommunikasjon i samfunnet, og arbeidsmengda berre aukar og aukar.

– Eg nemner ulike former for mobbing, utestenging frå vennegrupper, utfrysing og trakassering. Det foregår så mange stader til eikvar tid, og det øydelegg ofte ikkje berre kvardagen men og resten av livet for dei det råkar, sa Skarbø.

– Og eg lurar på om de elevane er opptekne av at foreldra dykkar ikkje skal sjå det de held på med på nettet, spurde han ut i salen.

– De er framleis born, og de kan plage andre eller verte plaga sjølve via nettet over lang tid, utan at nokon veit om det, la Skarbø til.

Han fortalde at politiet brukar mykje tid på å undersøkje og løyse slike problem. Skarbø la vekt på at dersom born og unge oppdagar at vaksne rundt dei opptrer krenkande ovanfor andre på nettet, er det lov å seie frå til dei.

Grooming

– Dei vaksne som brukar nettet til å kome i kontakt med born og unge er ofte uhyre dyktige, heldt politibetjenten fram.

Elevane vart spurde om dei visste kva pedofile er for noko. Nokre nikka.

– Dette er vaksne personar som ynskjer ein eller annan form for seksuell relasjon med born og andre mindreårige, fortalde han og forklara med dette kva som ligg i begrepet «grooming».

– Dei brukar gjerne all si tid på det, og dei utviklar til stadigheit nye måtar å utføre misbruket på. Noko ein ser ofte er at dei lagar falske profilar på sosiale medier som chat, ulike spel, Facebook, Instagram, Duo og mange fleire.

Av politiet fekk vi vite at alle sosiale medier som er kopla til internett kan misbrukast både nasjonalt og internasjonalt. Det er altfor lett å stjele eit bilete frå ein framand profil og utgi seg for å vere eit barn eller ein ungdom på alder med den misbrukaren tek kontakt med.

– Det fins mange unge som har blitt kjende med menneske via internett, og dei trudde dei hadde fått ein ny ven på sin alder. Når «venskapet» har vore over lang tid er det lett å tru at dette er noko ekte og fint, og misbrukaren får større spelerom i forhold til kva han eller ho føretek seg. Bilete der barnet eller ungdomen er meir eller mindre avkledde førekjem ofte, og med auka bruk av kompliment frå misbrukaren kan dette utarte seg til ei kontakt der offeret trur at dette er eit gjensidig godt forhold, fortalde politet.

Bestikkelsar som å gi dei unge valuta å spele for er heller ikkje uvanleg at misbrukarane gjer.

– Ein del avtalar å møte den dei har vorten kjend med. Det kan verte tragiske utfall av det, la han til.

Viktig med kommunikasjon

– Dersom de veit av eller oppdagar at de sjølve eller nokon andre har fått kontakt med nokon som ikkje er bra å ha kontakt med på nettet, er det viktig at de seier det til nokon. Er det vanskeleg å seie det til ein vaksen, så fortel det i det minste til ein ven eller til søsken. Dei kunne fortelje at slike opplevingar ofte pregar heile familien til den som vert råka, og at misbrukarar ofte spelar på tilliten til born og unge ved å gi dei kompliment og opprette eit langvarig forhold gjennom nettet. I og med at det og er mogleg å nytte applikasjonar der ein kan vere anonym, er det ofte ein stor jobb å avsløre dei som misbruker desse. Men det er mogleg, fekk ein vite.

– Det er viktig å hugse på at om ein blottlegg seg på nettet, så må ein vere klare for å ta det som kjem. Sjå alltid over kva for bilete de deler, og kva måte de framstår på, sa David Skjerstad Rendulich.

Han minna om at ein open Facebook-profil utgjer ein mykje større risiko enn å halde det på eit privat nivå, og at det er lett å screenshotte (ta skjermbilete av bilete på nettet, red.anm.) bilete av andre.

– De skal verte vaksne menneske som skal kommunisere på ulike stader i livet. De skal løyse konflikter, kommunisere med medstudentar, arbeidskollegaer og familie gjennom åra. Det er sers viktig at de tenkjer over korleis de går fram i måten de kommuniserar på, slik at det ikkje kan verke øydeleggjande på nokon måte for dykk sjølve og andre, minna politet om.

Politiet i Sykkylven har eiga Facebook-side. Den er tilgjengeleg om nokon ønskjer å kome i kontakt med dei, men politiet understrekar at facebooksida ikkje skal nyttast i naudsituasjonar.

Mathilde vinje
mathilde@storfjordnytt.no