Lågmælt paneldebatt utan den heilt store temperaturen

To ordførarkandidatar og fire listetoppar med både likskapar og forskjellar i programma sine svarte på spørsmål frå dei frammøtte.

Den har sove lenge og godt som eventuelt ikkje har fått med seg at kommunevalet er like om hjørnet. Paneldebatten tysdag denne veka presenterte dei to ordførarkandidatane og dei fire andre listetoppane seg.

Midlar til breiband

23 representantar skal veljast til kommunestyret i Fjord kommune 9. september. På Martin Linge-huset gav paneldebatten som var arrangert av Storfjordnytt dei frammøtte høvet til å få vite noko meir om kva ordførarkandidatane og dei andre listetoppane står for. Nokre ledige stolrekkjer var det i kultursalen, men oppmøtet måtte seiast å vere bra. Ei gladmelding frå Maurstad bekrefta at det denne tysdagen hadde vore vedtak i regional- og næringsutvalet i fylket på at nye Fjord kommune får nesten 7,5 millionar kroner til utbygging av breiband. Det betyr at ein kan halde fram med det arbeidet.

Intensjonsmål

Avtalen som vart utarbeidd på Nilsgardstunet i desember for snart tre år sidan seier mellom anna noko om kvar kontora til ordførar, rådmann og staben til rådmannen samt helsehus med lækjar og helsevesen skal liggje.

Jan Are Remme frå Høgre fekk forklare kva partiet eigentleg meiner med å ville snu om på det intensjonsavtalen seier om plassering av dei ulike funksjonane i den nye kommunen og den einaste som gjekk imot høgragruppa sine tankar om dette, var Senterpartiet sin ordførarkandidat. Resten av listetoppane kunne heilt eller delvis vere med på å sjå på dette.

Nokre av dei overordna måla for den nye kommunen er å skape ein kommune med livskraft og uviklingsmoglegheiter, og skape ein felles identitet. Å byggje ny merkevare for den nye kommunen, samt skape grunnlag for folketalsvekst, sikre gode offentlege tenester og leggje til rette for god demokratisk involvering av innbyggarane er andre viktige punkt i avtalen.

Panelet

Debatten vart leia av Storfjordnytt sin redaktør, Britt Ingunn Maurstad. Det låg ro og orden over arrangementet, ikkje ein gong konfronterande spørsmål frå debattleiar si side om partia sine program såg ut til å fyre på bålet nemneverdig. Paneldebatten vart opna med at Jonas Falck frå Framstegspartiet, Jan Are Remme frå Høgre, Roger Lillebø frå Kristeleg Folkeparti, ordførarkandidat Per Magnus Berdal frå Senterpartiet, ordførarkandidat Eva Hove frå Arbeidarpartiet og Dagrun Agnes Vikesland frå Sosialistisk Venstreparti presenterte seg sjølve. Dei fortalde litt om seg sjølve og informerte om kva partia deira står for. Kva kvart einskild parti meiner og ynskjer for ulike saker i Fjord kommune, fekk ein og innsyn i.

Er dei så einige som dei framstår når dei sit slik på rekkje, så vert det ikkje mykje politisk uro i perioden som kjem. Er det stor avstand eller det at ein trur ein veit alt om kvarandre allereie som manar til stillheit? Kanskje er det fleire enn underteikna som har sett filmar der brudeparet står framme ved alteret, og ein høyrer presten kome med følgjande anbefaling til gjestane: «Tal no, eller ti for alltid». Vi lever heldigvis i eit demokrati, og taleretten er ein sentral del av det å få vere seg sjølve. Likeeins er det med stemmeretten, som det er å håpe at så mange som mogleg nyttar.

Behov for engasjement

Det er klart at det må vere spennande å stille til val i ein kommune som i praksis ikkje finst enno, noko fleire frå panelet og gav uttrykk for. I tillegg er det to kommunar med synkande folketal, stor lånegjeld og ein anstrengt økonomi som no skal verte til éin. I det ligg mange utfordringar og ikkje minst behovet for å vise innbyggjarane at dette vil ein gjere sitt for å justere over til plussida. Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at folketalet har gått jamnt ned dei siste åra, og skal halde fram med det.

Noko humor vart det rom for då behovet for å bidra til folketalsvekst i bygdene fekk fleire av partirepresentantane til å vedkjenne seg at akkurat der såg dei ikkje seg sjølve som aktuelle. Nokre av tilhøyrarane stilte gode og viktige spørsmål til panelet. Ingunn Torvik, teamleiar for Elvetun i Valldal, hadde spørsmål om rekruttering av personar til lærlingeplassar og med høgskulekompetanse til stillingar. Korleis kan Fjord kommune bli ein attraktiv kommune og få tak i nok flinke folk, som det er stort behov for, undra Torvik.

Eva Hove svara at Arbeidarpartiet ønskjer fire lærlingeplassar i kommunen.

– Rekruttering av høgskulekompetanse er det ikkje noko konkret svar på, meinte ho.

– Men eit fagmiljø der fagfolk er samla og ikkje blir ståande fagleg og personleg åleine, er ei god byrjing, heldt ho fram. Det var fleire av partia som var einige i dette.

Merete Løvoll Rønneberg, tok mellom anna opp problematikken ikring dette med villcamp, som ho sjølv kan konstatere det er mykje av, berre langs vegen ho reiser til og frå jobb. Ho ville vite kva politikarane har tenkt å gjere for å både smittefaren og miljøproblemet villcampinga representerer. Dagrun Vikesland lurte på kvifor dette ikkje er i orden allereie, og behovet for regulering vart nemnt som eit viktig tiltak i framtida.

Eit tilsvarande debattmøte vart halde i Eidsdal søndag ettermiddag – med dei same i panelet. Her kunne ein mellom anna notere seg for semje om at dagens tenestestruktur, også når det gjeld skule, skal vere uforandra den komande fireårsperioden.

Avsluttingvis, då listetoppane og ordførarkandidatane, heldt sine sluttappellar, fekk ein inntrykk av at samtlege er spente på perioden som ligg føre. Det er ønske om ein god og samlande kommune, der kommunikasjon og partia sine moglegheiter til å gjere innbyggjarane sin kvardag god, står tydeleg.

Mathilde Vinje
mathilde@storfjordnytt.no