Lattermild helgestart

Manageren til karane i Kommu9kazjon kler seg konsekvent i arbeidsklede og har sterke meiningar om det meste.

Det kunne godt ha vore fleire publikummarar, men dei som var til stades, fekk ein munter start på helga då dei tre kompisane midt i livet med dameproblem var attende i Valldal.

For eit år sidan fekk publikum oppleve ”Midt i livet” med dei tre kameratane Knut, Thomas og Halvard som starta bandet  Kommu9kazjon i håp om at det skulle hjelpe dei med å få seg dame – rett og slett finne den store kjærleiken.

Karane har stått på, dei har reist rundt om i fylket og til saman spelt framsyninga kring 40 gongar.

– Til og med kronprinsen har vi spelt for, kunne dei stolt fortelje publikum i Martin Linge-huset.

No er dei attende for å fortelje korleis det har gått i ”Midt i livet 2”. Er dei framleis single, eller har dei funne kjærleiken?

Parterapi

«Du er eit nei-menneske,» meiner Halvard. «Nei!» svara Trude.Parterapi er ikkje berre berre. Særleg ikkje når Trude – i tillegg til å seie mykje nei utan å vere nei-menneske, har tendensar til å vere «kattekvinne» som hvesar både ved berøring og når Halvard seier ting som ikkje passar henne.

I byrjinga av framsyninga ser det ut til å ha «ordna seg» for dei alle tre. Iallfall på eit vis.

Thomas har møtt Charlotte – av alle ting på flyplassen og skal på date. Også Knut har møtt ei – det skjedde på ein bar i Ålesund. Halvard er saman med Trude og går allereie i parterapi. I framsyninga fekk vi høyre «alt» om dei tre kjærestane og ikkje berre det, vi fekk vere med på litt parterapi også. Ikkje berre enkelt dette med forhold, iallfall ikkje når ein ikkje heilt stettar krava og forventningane til damene. Og kva er eigentleg ein alliansering som dama til Knut ønskte seg.

– Er det ein slags Star Trek-ring, undra han.

Og vil ho som Knut har møtt akseptere at han berre jobbar i halv stilling? Truleg ikkje, er konklusjonen.

Charlotte som Thomas skulle på date med, avlyste – med grunngjevinga at den «verkelege» han ikkje var heilt den same som Thomas i bandet. Og Trude? Vel, Halvard innsåg til slutt at eit liv i parterapi ikkje var liv laga. Så var dei altså framleis single.

Manager Olav

Alt saman vart fortald med bøttevis av sjarm, humor og mykje song.

Olav Hesthagen er framleis som manager – ein artig figur med sterke meiningar som vi møtte både før framsyninga tok til og også mot slutten av den.

Men sjølv om karane måtte innsjå at dette med kjærleiken kanskje hadde gått litt for fort og utan særleg resultat, så var dei samde om at bandet måtte bestå og så gledde dei seg til å ta seg ein fest.

For som Hesthagen seier: «det er en menneskerett å ta seg en fest!»

Dei glade karane som sjølv med små tilbakeslag som dei på damefronten, var dei likevel optimistar og avslutta framsyninga med nettopp det: «Optimist» av Jahn Teigen.

Det vart med andre ord ein særs fornøyeleg fredagskveld på Martin Linge-huset.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no