Lei av hærverk og tilgrising

Dei tilsette ved Geiranger skule og barnehage har ikkje berre funne uappetittelege restar etter besøkande som avføring, snusposar, søppel og sigarettsneipar, men har også opplevd at ting på uteområdet vert øydelagde. Som denne benken. Bilete utlånt av Geiranger barnehage.

Tilsette, foreldre og born ser seg leie på at uteområda ved Geiranger skule og barnehage vert brukte på måtar som både er utrivelege og kan vere skadelege for dei som oppheld seg der.

I eit brev til Stranda kommune poststempla i første halvdel av september ynskte foreldrearbeidsutvalet (FAU) i Geiranger å ta opp problemstillingar knytt til dette.

FAU ber no kommunen sjå på moglegheita til å stenge av leikeområdet, og heller ha open ballbinge med eigen inngang.

Ekskrement og øydeleggingar

– Vi ser på denne utviklinga av situasjonen som heilt uakseptabel. Den går utover borna våre som skal ha ein trygg og god kvardag i barnehagen og skulen, seier Oddbjørg Solhaug i Foreldrearbeidsutvalet ved Geiranger skule og barnehage til Storfjordnytt.

Naboar til skulen har sett vaksne personar hoppe på trampolina med sko og bruke benkar og bord som springbrett til trampolina. Ikkje minst har det vore ubehageleg å sjå at vaksne nyttar plassen som toalett. Solhaug seier at plassen sin umiddelbare nærleik til fossevandringa og manglande toalettfasilitetar der kan ha noko å gjere med at nokre besøkande tek seg slike friheiter.

Ho rosar innsatsen til dei tilsette og engasjerte ved skulen og barnehagen.

– Dei har teke dei verste oppgåvene med å fjerne søppel og haldt ved like leikeapparat som har vorte øydelagde. Det er likevel nødvendig at situasjonen vert teken på alvor av kommunale krefter som kan gå inn og gjere endringar på permanent nivå, meiner ho.

Solhaug seier at innbyggjarane i Geiranger er takksame for turismen som pregar bygda i sesongane og at interessa for å ta imot besøkande ikkje må falle bort, men at eit skilje mellom stadar der turistar og dei fastbuande kan opphalde seg og kanskje utbyggjing av fleire uteareal med toalett hadde lønt seg for alle partar.

Ikkje for ein kvar pris

– Vi ynskjer ikkje innrykk på denne måten uansett følgjene av det. Trykket frå turisme og andre besøkande til bygda har auka veldig dei siste få åra, og ein kan føle at Geiranger vert noko nedprioritert når det gjeld å få kommunale løysingar på plass, seier ho.

– Områda vert brukt av både born og vaksne til leik, ballspel, toalett, luftegard til hundar og meir. Tidvis vert leikeapparata og ballbingen utsett for hard bruk og hærverk. Personalet i barnehagen og vaktmeisteren går daglege rundar for å rydde vekk uønskte gjenstandar som hundeavføring, menneskeekskrement, sneipar, brukte hygieneartiklar og anna søppel, seier ho vidare. Sprøyter har og vorte funne på området.

Ber om forståing

I brevet til kommunen kjem det fram at foreldrearbeidsutvalet føler seg usikre på om kommunen har innsikt i kor omfattande bruken av staden er, og kva konsekvensar det har for dei som skal nytte områda. Solhaug seier at dette skaper belastningar for både born og vaksne. FAU ynskjer eit møte der mellom anna ordførar, kommunal sjef for plan og utvikling og dei berørte ved skulen og barnehagen deltek.

Administrasjonen i Stranda kommune svarar at dei har full forståing for problema kring uteområdet i Geiranger.

– Underteikna var saman med leiaren for maskinstasjonen i møte med rektor ved skulen, einingsleiar for barnehagen og einingsleiar for omsorgssenteret for å drøfte desse problemstillingane i byrjinga av september, svarar teknisk sjef i svarbrevet til FAU.

Ein kom då fram til, etter erfaring siste åra, at frå mai til september må ein syte for at uteområda til skulen og barnehagen er ryddige kvar morgon. Turistar brukar desse områda i mangel på anna leikeareal. I staden for høgare gjerde og avstenging må det satsast på gode rydderutiner, anbefalar dei.

Administrasjonen foreslår vidare at to eller fleire bør dele på dette arbeidet, gjerne som ein del av anna arbeid då det vert sårbart for ein person å stå åleine om oppgåva.

Det er aktuelt med dialog mellom fleire aktørar for å prøve å finne ordningar, og finansiering gjennom vinteren er behøveleg. Før oppstart av barnehage etter sommaren må ein gå over leikeapparat og gjerde for å sikre at dette er i tilfredsstillande stand.

Statens vegvesen har teke initiativ til eit turistvegmøte saman med andre aktørar i slutten av november.

Det vert difor foreslått å avhalde eit møte om planen vidare for uteområdet, i etterkant av det.

Eit medisinsk faremoment

Ove Økland, kommuneoverlege i Stranda kommune, seier at dette er ei sak med mange sider.

– Det er klart at dette er jo ikkje bra, seier han.

– Ein har mange liknande tilfeller i fleire delar av Noreg, så dette er diverre ikkje det einaste. Eit godt døme på stader slikt er ganske vanleg er større byar som Oslo, og generellt stader med mykje gjennomtrekk av folk. Geiranger er jo i høgste grad ein slik stad i periodar, held Økland fram.

I ei slik sak er det mange aspekt. Eigar av området er ein av dei ansvarlege partane som må sørgje for å halde staden fri for uønskt avfall. Medisinsk og hygienisk sett så er det kjempeviktig å forebyggje for slike forhold.

– Eg skal inn til Geiranger den 13. oktober og sjå på saka, og vil halde meg i kontakt med andre aktuelle partar frå kommunen som kan vere med på å utbetre dette, seier kommuneoverlegen.

Vil auke tilsynet i sommarmånadene

Det har vore oppe til vurdering om ein skal gjerde inne skule- og barnehageområdet, men dette prøvar vi å unngå, seier Jan Ove Tryggestad, ordførar i Stranda kommune, og trekkjer fram at spesielt ballbingen treng auka tilsyn.

– Planen er å få opp fleire skilt på språk tilpassa både lokalbefolkning og turistar, i tillegg er det behov for å auke ressursane på rydding. I utgangspunktet er det lett å forstå at både tilflytt ungdom som jobbar i Geiranger og andre har behov for å møtest på fritida. Ballbingen har vore ein stad for dette. Det som vert problemet akkurat her er konsekvensane av det, seier Tryggestad og legg til at sprøytespissar og ekskrement sjølvsagt helst ikkje skal forekomme ein slik stad, men at mykje kan utbetrast med å auke tilsyn og toalettkapasitet i området.

Mathilde vinje
mathilde@storfjordnytt.no