Let seg inspirere både av folk og omgjevnadene

Frå hytta si i Fjørå har Arne Ruset ei utsikt som inspirerer til så mangt. Hunden Buddy trivst også godt på hytta.

Ein ny roman kjem rundt påsketider og så har han lyst til å skrive en kriminalroman. Det var mellom det Arne Ruset fortalde då Storfjordnytt tok seg ein prat med psykiateren og forfattaren.

Berre nokre få minutts spasertur opp i lia ovanfor garden Ruset, ligg hytta til Arne Ruset med storslått utsikt innover fjorden mot Tafjord. Her stortrivest han, og her hentar han inspirasjon til å skrive. Han seier han blir berre meir og meir knytt til Fjørå og er glad for at han for nokre år tilbake bygde hytta.

– Eg har ikkje innlagt vatn og straum, men eg har gasskomfyr og gasskjøleskap, solcellepanel og aggregat, så eg greier meg godt, sjølv om familien helst hadde sett at eg hadde både vatn og straum og når eg ikkje har planar om slik oppgradering, får eg vere her mykje åleine, humrar han medan han serverer kaffi og kjeks.

Ny roman neste år

Arne Ruset er en produktiv kar og ein ny roman kjem ut allereie rundt påsketider.

– Den er til korrekturlesing no, fortel han.

Han vil ikkje røpe for mykje av kva boka handlar om, anna enn at romanen handlar som ein forfattar som isolerer seg på ei hytte for å skrive ei novellesamling.

– Sjølvbiografisk?

– Sjølv om det kan høyres slik ut, så er den ikkje det. Men kulissene er her på hytta og Fjørå er bakteppet, men alt det er sjølvsagt oppdikta, fortel Arne.

Han omtalar romanen som litt «spooky», litt Twin Peaks-inspirert – og som i Twin Peaks skjer det uforklarlege ting og merkelige personar dukkar opp.

  Om ein skal bli sett eller høyrt i dag, må ein være litt spesiell, meiner Arne og kallar den nye boka ein hybrid.

  Kvifor?

  Fordi det er ein roman om ein forfattar som skriv noveller og novellene er del av romanen.

Arne ser føre seg «ni noveller og ein roman» som undertittel, men kva boka endar opp med å heite, veit han ikkje enno.

– Eg må alltid krangle om tittel, seier han.

Han synest at marknadsavdelinga i forlaga har mykje makt i dag, både når det gjeld når ei bok skal kome ut – og anna. Ekstra ille synest han det er om det går så langt at marknadsavdelinga overstyrer redaktøren og dei litterære vurderingane av eit manus. Sjølv om han er kritisk til marknadsavdelingar i si alminnelegheit, understrekar han at marknadssjefen i forlaget hans, Bokvennen, er ein han har eit godt forhold til.

Pussige vanar

Arne Ruset er ein kar det er lett å snakke med, om så mangt – så vi sit der i sola med fabelaktig utsikt innover fjorden mot Tafjord og snakkar litt om nettopp det: så mangt. Og mellom det som sorterer under «så mangt», er vanar vi menneske legg oss til.

– Eg er nyheitoman, eg må ha med meg alt av nyheitssendingar, elles er ikkje dagen komplett. Har du nokre slike pussigheiter?

Arne synest ikkje mine greier er det minste pussige, han er litt slik sjølv når det gjeld nyheiter, men han har andre vanar som andre kan synest er ganske spesielle.

  Søndagskveldane klokka ni, er det fast at eg les Klassekampen og høyrer på salmar på radioen. Det er fast rutine, seier han og omtalar seg sjølv som litt sær. Nyheitssendingar på fjernsynet blir det lite av på hytta, for då må han starte aggregatet – og det gjer han sjeldan, iallfall til det føremålet. Det bråkar for mykje.

– Klassekampen er ei god avis – ofte grundigare og meir balansert i dekninga si enn veldig mange andre, kjem det ettertenksomt.

Vil skrive krim

  Har du planar om fleire bøker enn den som kjem neste år?

Arne Ruset dreg litt på det.

– Det er blitt fire bøker på fire år og no kjenner eg at eg er sliten, seier han og ser føre seg at det blir nokre bokfrie år.

– Men eg har lyst til å skrive ein krimroman, slår han fast og fortel at han alltid har likt å lese krim.

– Eg var med i ein krimnovellekonkurranse for nokre år sidan. Eg vann ikkje men novella mi vart med i ei krimnovellebok. Det gav meirsmak, fortel han.

Dermed kan det sjå ut til at ein krimroman blir neste prosjekt, men først blir det truleg eit par års pause for å vere litt meir heime.

– Når fruen vert pensjonist, trur eg ho ville bli glad for det, seier han og seier han er ganske sær av seg, og seier sjølv at han ikkje er veldig sosial av seg. Ekstra ille seier han det er når han låner leiligheita til sonen i Oslo, men då er han der for å skrive, ingenting anna.

– Då ser eg ikkje folk anna enn når eg må på butikken, fortel han. I Molde har han barnebarn, så då må han vere litt sosial.

– Barnebarn er kjekt. Og det blir kjekt å vere meir saman med dei. Men eg vil altså gjerne skrive ein krimroman før eg parkerer tøflane, seier han.

Eg er litt overraska over at han er glad i krim, ettersom det er ein sjanger som i alle år har vore sett ned på av både «kultureliten» og anmeldarar.

– Vel, alle sjangrar må lesast ut frå premissane for sjangeren, men det er faktisk veldig mykje krim som er god, både språkleg og i innhald. Eg slappar godt av med krim. Og poesi. Men prosa les eg for lite av, seier han.

– Poesi les eg særleg fordi sonen min er poet og eg må jo ha noko å snakke med han om, seier han med eit lunt smil.

Ord

Ettersom han har ei rykande fersk samling med ord i boka «Staurgale», er det naturleg å prate litt om også den. Arne Ruset fortel at det har gått fire år frå dei første 550 orda i «Røytegale» til dei 550 orda som er presenterte i «Staurgale».

– Det er blitt til saman 1100 ord, eg trur det skal gå litt lenger tid til neste, men det å samle ord er noko eg stadig held på med, fortel han.

Eg fortel at eg har fått kritikk for å ikkje halde «Staurgale» opp mot Arne Nydal si samling av ord. Kva forhold har Arne Ruset til Arne Nydal si samling av ord?

– Arne Nydal har gjort ein kjempeinsats. Og veit du, det første eg les i Storfjordnytt er «Storfjordordet» på baksida, seier han og legg til at det slett ikkje er nokon konkurranse mellom dei to.

– Vi gir ut desse bøkene for eiga rekning og eg har stor respekt for han, slår Arne Ruset fast.

– Korleis samlar du inn og vel ut orda?

– Orda finn eg ved å snakke med folk, seier han. Og med folk meiner han alt frå familien til folk han tilfeldigvis treff på.

– Ei gullgruve er kafekroken både på Spar og på Bunnpris i Valldal der karane sit og drikk kaffi, der har eg øyrene på stilk for å få med meg alt dei seier. Og så er det viktig å skrive det ned med det same, så eg har alltid med notisblokk når eg veit at eg skal ein stad der eg treff på folk, seier han.

Når det gjeld å velje ut kva ord som fortener plass mellom to permar, seier han at det blir å bruke eit slags skjønn og at han har eit heilt uvitskapleg forhold til dette.

– Nokre ord seier seg sjølve, dei som er så spesielle og lokale at det ikkje er nokon tvil. Men så er det også ord som vert nytta andre stader. Det pussige er at same ordet kan ha ulik betydning frå bygd til bygd også, kanskje er det også skilnad frå gard til gard, fortel han.

Dialektbøkene starta som eit prosjekt i samarbeid med Norddal Mållag medan Nils Eldar Linge var formann.

– Men så døydde han og det heile vart lagt på is inntil eg bestemte meg for å gjere det på eiga hand, seier han.

Då den første ordsamlinga kom, hadde Arne Nydal også sett i gang – og ordsamlinga hans kom ikkje så lenge etterpå. Arne Ruset meiner det er plass til dei begge, nettopp fordi ord kan ha ulik tyding frå bygd til bygd.

– Og når dei er samla i ei bok, så er dei på eit vis tekne vare på, det er viktig, seier han og synest det er artig at mange likar desse bøkene.

Noko anna han stadig vurderer i utvelginga av ord, er kor langt han skal gå med dei litt meir vågale orda og uttrykka.

– At enkelte av dei ikkje blir med, er ikkje noko tap, på den andre sida så sminkar en dialekta litt om ein utelet for mange av dei meir saftige orda og uttrykka. Det blir heller ikkje rett, seier han og utelukkar ikkje at det kan bli fleire bøker med ord. Etter kvart.

Starten

Når ein sit slik og pratar, er det naturleg å spørje om korleis det heile starta. Arne fortel at ettersom han er fødd i 1951, gjekk han på gymnaset i 1968 då vise- og lyrikkbølgja var på sitt mest heftige.

– Viser og lyrikk gjekk hand i hand på den tida og eg starta med poesi, fortel han.

– Og så var det «Impulsbåten».

Han fortel at Lauritz Godøy hadde eit prosjekt på Sunnmøre der han leigde båt, samla poetar og visesongarar og reiste rundt med lyrikkprogram. Skal ein tru Arne, var denne poesibåten svært så populær rundt om på bygdene. «Impulsbåten» hadde også ein diktkonkurranse – og Arne sende inn dikt.

– Eg vann den konkurransen og dermed fekk eg også vere med på poesibåten, fortel han og minnest at dei var mange stader, også her i nærområdet.

– Eg hugsar spesielt Eidsdal, der gjekk folk nesten mann av huse for å høyre på oss, seier han.

På denne tida trefte han mellom andre Rolf Sagen som i 1968 hadde fått Tarjei Vesaas sin debutantpris for diktsamlinga «Dørklinker».

– Hadde det ikkje vore for han, hadde eg kanskje ikkje vore der eg er i dag for utan trur eg ikkje eg hadde tort å sende inn skriveria mine til noko forlag, slår Arne fast.

– Eg sende inn eit manus til eit forlag og vart refusert så det rauk, både ein og to gongar. Rolf støtta meg og kom med råd og tips, og tredje gongen vart eg antatt. Etter det vart det lettare, eg var på eit vis blitt ein del av gjengen, humrar han.

Psykiatri og bøker

Forfattarskapet til Arne Ruset er variert – han har vore innom det meste av sjangrar, også barnebøker. Han debuterte i 1973 med diktsamlinga «Spelemannslaget Love».

Han fortel at skrivinga for han var ein måte å fokusere på noko anna enn jobben på, på den måten kunne han leggje vekk jobben etter arbeidstid, noko som ikkje alltid var like enkelt ettersom den «ordentlige» jobben hans var psykiater.

– Det er meir dei seinare bøkene at jeg har brukt ting som er direkte relatert til psykiatrien, seier han og legg til at det å jobbe som psykiater har vore fantastisk.

– Det har vore kjempekoseleg å få treffe så mykje bra folk, både tilsette og «innsette», seier han.

«Songbok for hesten», den siste romanen hans, er sett saman av mange historier frå hans lange virke i psykiatrien.

– Alt er reelt, det er ikkje ting eg har funne på. Slik sett har eg fått mykje gratis gjennom jobben i psykiatrien.

«Songbok for hesten» har selt godt og Arne fortel at ein no er langt inne i det andre opplaget.

– Det er litt artig å oppleve det også, humrar han.

Ligg i familien

Sonen Endre har gått i faren sine fotefar, men Arne seier at han er i ein høgare divisjon enn han sjølv når det gjeld poesi.

– Eg ønsker at han også skal utforske prosasida, og no når han har fått statsstipend, kan han konsentrere seg om skrivinga, seier Arne. Likevel, sjølv om sonen er dyktig, seier Arne det er eit tøft beite der ute med mykje flinke folk slik at det ikkje er så lett å slå seg fram.

– Kanskje han og eg kan gjere noko saman på eitt eller anna vis, det hadde vært fint, seier han.

Arne Ruset har stor sans for samarbeidet sonen har med mellom andre Stian Omenås og meiner det er mange flinke folk som ættar frå kommunen og som gjer det godt, både musikalsk og litterært.

– Forteljartradisjonane har alltid stått sterkt i bygdene våre, seier han og minner om at det i februar er hundreårsjubileet til Martha Schumann.

– På hennar tid var det status å ha evna til å fortelje, seier han og undrast på om det kan vere slik at det er litt slik enno.

Har gjort det meste

– Er det noko – ved sidan av ein krimroman – du gjerne vil gjere før du gir deg?

– Ei siste diktsamling hadde vore moro, men nivået er blitt så høgt at eg ikkje er god nok lenger. Eg likar slett ikkje dei som kokketterar med kor dårlege dei er, men ei diktsamling er urealistisk, sjølv om eg gjerne skulle ha gjort det, meiner han som elles er ganske nøgd med det han har gjort.

– Eg føler at eg har vore innom det meste, med unnatak av science fiction og fantasy, men det har eg ikkje hatt lyst til heller, seier han.

Arne seier han har vore heldig som opp gjennom åra har treft på gode folk som har hjelpt han – det er viktig, for det er ikkje alltid så lett å vere åleine. Og så handlar det om å ta sjansen, å våge. Viss ikkje, kjem ein ingen stad.

– Det er omtrent som det første badet om sommaren. Om ein vassar, kjem ein seg aldri uti. Nei, ein må stupe uti. Slik er det med litteraturen også, avsluttar han.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no