Lite laks går opp i elvane

Laksefiskar Kjell Even Nygård og engasjert grunneigar Jan Gregor Sandblåst har ei pause i fisket og gøymer seg for regnet i gapahuken ved Nedstehølen.

Like etter Hoelsbrua, i Nedstehølen, sit grunneigar Jan Gregor Sandblåst saman med ein laksefiskar. Grunneigarane er ikkje av dei ivrigaste laksefiskarane, men det er Kjell Even Nygård.

Grunneigaren er med i styret for elveeigarlaget i Valldøla og har mange og sterke meiningar om kvifor det er så lite laks i elva, og ei eigen evne til å formidle dei.

– Det er skummelt lite med gytefisk som går opp i elva i år, i fjor var det òg dårleg. Elveigarlaget bestilte ei undersøking av Rådgivande Biologar as i fjor og resultatet frå den viste at det var veldig lite yngel i elva. Bestanden er sterkt redusert, det er det ingen tvil om, seier Jan Gregor «Jagge» Sandblåst.

Vi må gjere det vi kan

I år har lakseelva i Valldal ikkje hatt så mykje vatn, men Valldaldøla går ikkje tørr på grunn av breane som smeltar og gir vatn. Som eit resultat frå undersøkingane i fjor, reduserte dei fisketida med 25 dagar. Dei starta ti dagar seinare og slutta sesongen 15. august, 15 dagar før vanleg stenging. Strekninga frå Hoelsbrua og framover vert halden ope ut august. Nokre medlemmer i elveigarlaget i Valldal ville stenge elva i år, men fleirtalet ville halde den opa.

– Vi må gjere det vi kan for at forholda er best mogleg for laksen når den kjem attende til elva for å gyte. Elva har mykje å seie og er grunnen til at mange kjem til Valldal, det er viktig å ha eit lakseførande vassdrag i bygda og det betyr mykje for mange. Ivrige sportsfiskarar gler seg hele vinteren og våren til å kome i gang med å fiske og ikkje alle er skapt for å sleppe fisken ut att. Det er som å fange eit dyr ein vil vise fram, eg skjønar dei som har spart og gledd seg til å fiske og at dei vil fange ein stor fisk og ta den med heim. Det er ikkje rett at den laksefiskaren som tek ein stor fin hofisk ikkje med godt samvit skal slå den ihel og ta den med heim utan at ein lakseentusiast skal stå på andre sida av elva med eit olmt blikk, seier Jagge i kjend stil.

Lakselus

– Eg er ingen ekspert, men det er blitt færre som fiskar med kilenot, det einaste det er blitt meir av er oppdrettsanlegg, så det må ha ein innverknad på laksebestanden. Etter eit par år i elva skal smolten forbi om lag åtte oppdrettsanlegg i Storfjorden før den kjem til havet og fleire vert det kanskje. Dei kystnære elvane har mykje mindre luseproblem fordi fisken ikkje har så mange anlegg å passere før dei når havet, det er mi meining. Eit dårleg år er i ferd med å verte normalen her i elva. Kan hende er det berre eit dårleg årskull av fisk som gjer at det er lite fisk dette året. Vi får håpe det årskullet som vandra ut i vår greidde å smette forbi lakselusa og andre variablar, seier Jan Gregor Sandblåst.

På nettsida til Valldal elveigarlag vert det opplyst at denne sesongen er det teke 168 laks, med ei samla vekt på 670 kilo 

Alfred Nilsen
alfred@storfjordnytt.no

 

Stor hannfisk

Heilt på slutten av fiskesongen i Valldøla kom det regn og vatnet i elva steig. Då tok Per Magnus Berdal med seg ei tohanda flugestong og gjekk ned til elva der dei har fiska i fleire generasjon på garden Berdal. 

– Det var 12. august og elva var litt større enn den hadde vore tidlegare i sommar. Eg fiskar med fluge, noko eg synest er ein fin måte å fange laksen på, då treng eg ikkje tre ein makk på kroken og eg slepp òg å sitte fast i elvebotnen med ein sluk. Eg kastar ut der eg vil ha fluga og let den drive med straumen, seier Per Magnus.

Etter ei lita stund nede ved elva fekk Per Magnus eit skikkeleg napp, og laksen vart sittande. 

– Det tok om lag ein halv time før eg skjønte at eg trong hjelp skulle eg få denne fisken på land. Eg ringte kona mi og ho kom springande med ein klepp. Det tok 45 minutt å få laksen på land. Det var ein hannfisk på 7,5 kilo. Eg inviterte foreldra mine på middag, og laksen smakte godt. Far min har i lang tid vore ein ivrig laksefiskar og han syntest dette var stas, og det syntes eg òg. Eg har aldri fått ein så stor laks før, seier ein stolt laksefiskar.

Alfred Nilsen
alfred@storfjordnytt.no

Ein flott laks på 7,5 kilo teken med fluge på Berdalen i Valldal 12. august. Per Magnus Berdal har aldri tidlegare fått ein så stor laks på kroken. Foto: Øyvor Grue Berdal.