Livskraft eller avfolking

Eva Hove og Stordal kommune inviterer til folkemøte om kommunereforma.

Det er tittelen Stordal kommune har valt til folkemøtet om kommunereforma neste torsdag. Målet er å finne ut av kva stordalingane sjølve meiner vil vere viktig for å skape ei god framtid for Stordals-samfunnet, anten det er som del av ein større kommune eller ved å halde fram som i dag.

Stordal kommune inviterer til folkemøte om kommunereforma etter noko som vert kalla ”Open Space”-metoden. Det vil seie at mesteparten av møtet vil bli nytta til å drøfte tema og spørsmål deltakarane på møtet er opptekne av, og det vil skje gjennom samtalar i grupper. Hege Steinsland frå Relasjonsutvikling as vil vere den som held i trådane under folkemøtet, ho har også ansvaret for å samle alle innspela som kjem og i etterkant hjelpe til med å trekke ut essensen i det som kjem fram under møtet.

– Vi har bestemt oss for å prøve denne metoden, for det skal ikkje vere slik at det er den sterkaste si røyst som skal setje agendaen denne kvelden. Vi vil at alle skal føle seg trygge nok til å bidra med det dei har på hjartet, og håper dette vil opplevast som ei trygg ramme for nettopp det, seier ordførar Eva Hove.

Dei tidlegare folkemøta har vore tradisjonelle i forma, med innleiarar og så diskusjon i plenum. No meiner ordføraren tida er inne for å finne ut kva innbyggjarane i Stordal er opptekne av, kva dei lurer mest på, kva dei meiner er viktig for å skape ei god framtid i Stordal.

– Og ikkje minst, kva for krav og forventningar innbyggjarane har til ein ny kommune er det viktig for oss å vite noko om slik at vi i forhandlingar med andre er i stand til å gjere ein best muleg jobb, seier ho.

Ordføraren er oppteken av at ein gjennom å snakke saman, høyre andre sine tankar og synspunkt, blir ein klokare. Ho håper og trur at folkemøtet neste veke vil vere ein god læringsarena ikkje berre for politikarane, men også for innbyggjarane når alle får vere med og bidra med sine tankar og idear, ønske og bekymringar når det gjeld både det å bli del av ein større kommune og når det gjeld å halde fram åleine.

Med eit genuint ønske om å bli litt klokare, håper Eva Hove at så mange som muleg kjem på folkemøtet neste torsdag slik at ein får den gode dialogen, den gode debatten der mange har fått kome til orde.

– Det vil gi oss i forhandlingsutvalet ei heilt anna tryggheit i det vidare arbeidet når vi veit kva innbyggjarane våre meiner, avsluttar ho.

Om du fekk lyst til å vere med på folkemøtet, finn du opplysningar om tid og stad i annonse lenger bak i avisa.