– Lokalavisa er miljøfyrtårnsertifisert

Storfjordnytt er miljøfyrtårnsertifisert.

Det kan ein strålande nøgd dagleg leiar i Storfjord Bladlag AS og redaktør i Storfjordnytt, Britt Ingunn Maurstad, fortelje.

Miljøfyrtårnsertifiseringa kjem som eit resultat av at det var ein del ting som måtte takast tak i uansett, slik som HMS og system for internkontroll.

– Og ettersom det for ei verksemd som vår stort sett er dei krava vi må stette for å bli milijøfyrtårnsertifiserte, syntest eg vi like godt kunne gjere eit forsøk på å bli sertifiserte, seier Maurstad og legg til at verksemda også er Grøn fjord-partnar, eit partnarskap initiert av Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv.

– Sett i lys av det, var miljøsertifisering eit naturleg neste steg.

Arbeidet med sertifisering starta før jul i fjor, og målet var sertifisering tidleg på året. Sjølve sertifiseringa gjekk føre seg sist torsdag, og denne veka kom altså gladmeldinga: ”Stiftelsen Miljøfyrtårn har gleden av å gratulere Storfjord Bladlag AS i Norddal kommune med nytt Miljøfyrtårn-sertifikat.”

– Det gjekk lenger tid enn planlagt, men når ein skal halde på med dette i tillegg til alt anna, så tek ting nokre gongar noko lenger tid enn ein trur. Derfor er det ei god kjensle å ha kome i mål, seier Maurstad og legg til at det eigentleg er no arbeidet startar – planverket er på plass, no skal det takast i bruk. Mellom anna håper Maurstad at fleire av samarbeidspartnarane til lokalavisa også blir inspirerte til å starte arbeidet med miljøsertifisering. Ho fortel at ho for lokalavisa sin del håper å bli meir medvitne om kva ein held på med og kvifor – og forventar at avisa etter kvart vil kunne kutte ein del kostnader, mellom anna på papir.

– Bra for miljøet og bra for økonomien, slår ho fast.

Maurstad har også stor sans for tankegangen i Miljøfyrtårn om at ingen kan gjere alt, men alle kan gjere noko – alt ut frå eigne føresetnader og mål.

– Eg vil takke styret i Storfjord Bladlag AS og ikkje minst, medarbeidarane mine for å ha vore positive til dette gjennom heile prosessen, avsluttar ho.