– Må støtte når noko skjer

Fourierov Rad frå Slovakia var første band ut laurdagskvelden. Fourierov Rad består av Semo på gitar, Andrej på trommer, Oliver på bass og Teo på vokal.

Kan hende var det ikkje alle som fekk heilt grepet om musikken, men folk såg ut til å trivast på  rockekonsert likevel.

Mr Solfjord himself, Kurt Oksnes, fortel at fredagskvelden var stille. Lenge såg det ut til at det skulle bli ein roleg laurdagskveld også, men frå klokka ti og utover kvelden, seig det på med folk, og etter kvart var det godt besøk på rockefestivalen.

Tre band skulle spele i helga, Storfjordnytt fekk med seg heile settet til eitt av dei, og det var faktisk eit triveleg bekjentskap der vi vart tekne med inn i eit dystert landskap av lyd, masse lyd. Første bandet ut var Fourierov Rad frå Slovakia. Av alle ting, har dei tatt namnet sitt frå matematikkens verd, ein måte å rekne på som vert nytta innan mange ulike delar av matematikken, fourieranalyser, oppkalla etter Joseph Fourier. Vokalisten i bandet fortel at dei tok turen frå Slovakia til Eidsdal eins ærend for å spele fredag og laurdag. Oksnes hadde dei truffe på ein av dei mange turane hans, dei vart kjende og no var dei altså inviterte til festival i Eidsdal.

Mange av dei som tok turen til Solfjord i helga, hadde ikkje nødvendigvis sansen for musikken, men dei kom likevel.

– Det er viktig å ta seg ein tur for å støtte opp om det som foregår, var det som stort sett vart nytta som grunn for kvifor dei ville tilbringe laurdagskvelden med musikk dei ikkje nødvendigvis likar.

Og Oksnes får mykje skryt frå publikummarane for å ta initiativ til at noko skjer.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no