Mange sceneinnslag

Gromgutane åt ho besta spelte: Working on a tan (Tekst og melodi: Brad Paisley) Deltakarar: Elias Indreeide - 19 år (Gitar), Jørgen Gjerde - 19 år (Trommer), Elling Heggen - 18 år (Gitar og vokal) og Andreas Ødegaard - 18 år (Bass og vokal)

Ungdommens kulturmønstring i Valldal laurdag 28. mars var full av innslag frå scena, heile 15 innslag var det denne gongen.

Amund Kårstad Sunde fekk prisen for teikninga si av Harry Potter.

Amund Kårstad Sunde fekk prisen for teikninga si av Harry Potter.

Då alle hadde gjort frå seg på scena og det hadde vore ei pause på 20 minutt, vart publikumsprisen delt ut. Amund Kårstad Sunde fekk prisen for teikninga si av Harry Potter og Gromgutane åt ho besta på sitt sceneinnslag.

– Det er ikkje ein konkurranse, men ein mønstring, seier Kristi Linge Stakkestad i Norddal kommune som saman med 10. klasse ved Valldal skule stod for arrangementet.

Samfunnshuset i Valldal var godt besøkt og i kiosken var det mat og kaker å få kjøpt. Alle inntektene er det 10. klasse som får og dei var i sving frå tidleg til seint.

Desse sceneinnslaga har fått tilbod om å representere Norddal på fylkesmønstringa:

Gromgutane åt ho besta, Solveig Eide Grønningsæter og Hannah Jørstad og Maria K. Sunde

Frå utstillingane har Andreas Jemtegård og Jenny Nystad fått tilbod.

 

Alfred Nilsen
alfred@storfjordnytt.no