Markering av byggestart for ny barnehage

Ordførar Eva Hove og byggenemndsleiar Palma Flåen Øvrebust plasserer grunnsteinen – godt hjelpt av barn frå barnehagen. Kristen Leganger og Trygve Kvisterø, begge erfarne innan anleggsbransjen, passar på at alt går rett for seg.

I dag, torsdag 24. mai, vart den symbolske grunnsteinen lagt på plass for den nye barnehagen i Stordal.

Arbeidet med å planlegge ny barnehage starta i 2011. Først ved at det vart sett ned ei prosjektgruppe i januar og så ved at lokalisering vart bestemt i juni same året.

Bakgrunnen for arbeidet var både at noverande barnehage var for liten i forhold til barnetalet, men også fordi bygningsmassen var utdatert og uteområdet for knapt og lite stimulerande.

Prosessen fram til bygging har av ulike grunnar vore svært lang, og i mellomtida har dessverre talet på barnehageborn gått ned. Det har ført til at planane er blitt justert under vegs. Då ein starta planlegginga, tenkte ein seg ein barnehage stor nok for 70 born. I dag bygg vi ein fleksibel barnehage som tar utgangspunkt i 48 plassar. I tillegg er det på er der plass på tomta for ei avdeling til, om det skulle bli behov for det seinare.

Barnehagen har fått ein flott arkitektonisk utsjånad og vert kanskje det aller finaste kommunale bygget i Stordal når det vert ferdig. Barnehagen har også fått ei veldig fin plassering i bygda. Han ligg på solsida, har utsyn mot fjell og fjord – og naturen og skogen som næraste nabo. Det siste har hatt stor betydning når val av tomt skulle gjerast. Etter framdriftsplanen skal bygget stå ferdig og klar til bruk 3. mai 2019. Prosjektet har ei total kostnadsramme på 26 millionar kroner. Totalentreprenør Christie& Opsahl AS vart valde etter ein pris- og designkonkurranse. Arkitekt er Sporstøl Arkitekter AS.

Vi har for få år sidan investert i nytt skulebygg, og no er vi altså i gang med å bygge ein flunkande ny barnehage. Stordal kommune kan med enda større kraft kalle seg «Barnas kommune» når dette bygget står ferdig til bruk. Ein god oppvekst varer heile livet, vert det sagt. Det har vi tru på, og i dette bildet er ein god barnehage viktig for alle som skal vekse opp her. Stordal kommune vil gjere det vi kan for å legge til rette for ein god barndom med dei beste oppvekstvilkåra.

På markeringa deltok representantar for born og tilsette ved Andershaugen barnehage.

Medlemmer frå byggenemnda var leiar av byggenemnda Palma Flåen Øvrebust, Kristen Leganger og Trygve Kvisterø. Frå Christie& Opsahl AS stilte Margunn Øverås og frå Stordal kommune møtte byggeleiar Asbjørn Eide og ordførar Eva Hove.