Marsj for hjartet til Omnossetra

Blide representantar for Valldal Helselag gjer klar ein av quiz-stasjonane langs marsjruta, medan marsjklare quiz-løysarar ventar på å få sleppe til.

Etter at Valldal Helselag byrja å legge dei årlege hjartemarsjane til Omnossetra har det vore bra oppslutning. Så også i år, trass noko kjøleg temperatur og varslar om mogleg nedbør. Men veret heldt seg bra, og folk virka å kose seg på tur på søndag.

Deltakarane parkerte ved klubbhuset på Omenås, og gjekk så vegen opp til setra, om lag 2 kilometer å gå. Undervegs langs vegen var det hengt opp spørsmål, ein uhøgtidleg quiz med lokalt tilsnitt der ein fylte ut svar på eige skjema og leverte dette på Omnossetra når ein kom fram. På Omnossetra fekk deltakarane utdelt ein pins for deltakinga, det var utdeling av informasjonsmateriell og ein kunne få kjøpe seg kaffi og kaker. Det var også tent på ein grill for den som ville grille. I det flotte grindbygget som er sett opp på Omnossetra kunne ein så sette seg ned og kose seg og slå av ein prat saman før ein sette nasen til bygds att.

John Kristian Hjelle
john.kristian@storfjordnytt.no