Martine følgde opp i noregscupopninga

Martine Lorgen Øvrebust held fram med å gå fort i sporet. Denne helga var seniorane samla på Gålå til opning av noregscupen. Der vart det topp ti-plasseringar på stordalsjenta både fredagen og søndagen. Foto: Svein Halvor Moe.

Martine Lorgen Øvrebust gjekk to gode løp under sesongopninga på Beitostølen. 20-åringen følgde opp då noregscupen til seniorane vart innleia på Gålå i helga.

Stordalsløparen beviste på Gålå og i Midt-Gudbrandsdal at det ikkje var tilfeldig at det gjekk så fort som det gjorde på Beitostølen for halvanna veke sidan.

Heldt farta oppe

Ho klinket nemleg til i begge distanserenna. Lorgen Øvrebust heldt minst like stor fart som ho gjorde på Beitostølen. Det vart topp ti-plasseringar både på fredag og søndag. Det tyder på at ho er i form foran Skandinavisk Cup-opninga i Finland. I Voukatti har ho ambisjonar om å gå minst like fort.

– I vinter er det slik at eg aller helst vil prestere i noregsmeisterskapen og Skandinavisk Cup, seier Martine som fort kan gå seg inn i U23-VM-diskusjonen. Selv om det betyr  at ho over tid må gjere det betre enn flesteparten av jentene som er eitt og to år eldre.

Martine ser ikkje på det som nokon umoglegheit, sjølv om nålauget for å få representere Noreg i Sveits er syltrangt. Hovudfokuset hennar er å prestere best mogleg i kvart einskild renn gjennom vinteren.

Har levert varene

Den tidlegare juniorandslagsløparen har så langt levert varene. Det har gått fort dei gongane ho har hatt startnummer på seg i vinter.

Både toppnivået og stabiliteten har vore betre enn det ein kan forvente seg av ein løpar som nettopp har tatt steget opp i seniorklassa. Martine ser ut til å takle den overgangen betre enn dei fleste.

Ho har i sommar og haust førebudd seg på at det vil bli mentalt og fysisk tøffare å konkurrere i seniorklassa.

– To bra distanserenn og ein sprint som var under pari. Det må bli mi oppsummering av renna på Gålå. Eg er svært nøgd med at eg går så bra som eg gjer i dei to lengste renna. Sprintprestasjonen var litt dårlegare enn forventa. Men totalt sett så er eg svært nøgd. Det er ingen tvil om at det har vore ein god sesongstart for meg, sjølv om eg ikkje har lagt opp til nokon formtopp i november. Eg har framleis fokus på mengdetreninga.

Har fått gode svar

– Kva betyr det for resten av sesongen og vinteren å få ein så god start, Martine?

– Det betyr mykje for sjølvtilliten å kome så godt i gang som eg har gjort. Eg føler eg har fått gode svar i fire av fem renn. Eg håper det er ein indikasjon på at den treninga eg har lagt ned held mål. Eg kjem til å sleppe opp på den inn mot renna i Finland med tanke på å ha best mogleg fartsressursar og form når eg for aller første gong skal konkurrere der, seier Martine som har gjort ein solid treningsjobb inn mot sesongen.

Det er ho allereie i ferd med å få uttelling for. 1997-modellen legg ikkje skjul på at det blir tråkka hardare til på samlingane til regionlandslaget Team Trøndelag, enn det som var tilfelle då ho var på juniorlandslaget. Sjølv om det også var bra kvalitet på samlingane, då landets beste tenåringar i langrennssporet førebudde seg til verdsmeisterskapen for juniorar.

Martine synest ho har vokse på at ho jamleg får trene saman med gode seniorløparar.

– Eg er glad for at eg får sjansen til å vere ein del av dette teamet. Det at eg har eit godt treningsmiljø og støtteapparat i ryggen, er heilt avgjerande for at eg skal ha nokon som helst moglegheit til å lukkast, seier den blide stordalingen.

Svein Halvor Moe