Martine gjekk fort i NM

Martine Lorgen Øvrebust har delteke i sitt første senior-NM, med gode resultat. Foto: Svein Halvor Moe.

Martine Lorgen Øvrebust var usikker på forma då ho gjorde unna dei siste førebuingane til senior-NM i langrenn i Vang. Det skulle vise seg at den var betre enn ho trudde.

– Eg er godt nøgd med NM sjølv om eg ikke gikk nokon toppløp. Det gjekk nok litt fortare i sesongopninga på Beitostølen. Men då var eg også i veldig bra slag, sa Martine etter at ho hadde gjort seg ferdig med si aller første NM-veke etter at ho tok steget opp i seniorklassa.

Martine får etter all sannsynlegheit mange moglegheiter til å forbetre dei plasseringane ho oppnådde i Vang-terrenget førre veke. 20-åringen har nemleg ikkje tenkt å gje seg med det første.

Lorgen Øvrebust er klar på at ho satsar så lenge ho har framgang og motivasjon til å gjere den treningsjobben som er nødvendig for å prestere. Martine har inn mot sin første seniorsesong trena meir og hardare enn nokon gong. Det har så langt gjeve resultat for den tidlegare juniorlandslagsløparen. Stordal-talentet har i vinter gått fortare enn nokon gong. Ho har fått uttelling for treningsjobben gjennom sommaren og hausten.

Har meir inne

Det er stor skilnad på å vere ein god junior og fersk senior. I juniorklassa var Martine blant dei beste sjølv om ho ikkje hadde nokon toppdag. I seniorrenna må ho hente fram sitt beste for å ha moglegheit til å knive i toppen eller høgt oppe på resultatlistene. Det handlar om å treffe med formen. Ein annan skilnad på junior- og seniorklassa er at det er langt fleire viktige renn i seniorklassa. Det er utfordrande å vere i toppform frå i november til langt ut i april.

For eitt år siden handla det om å byggje opp ein formtopp til uttakingsrenna til junior-VM og deretter prestere i junior-VM. Litt seinare på vinteren handla det om å gå fort i junior-NM. Denne sesongen er det både norgescup, Skandinavisk Cup og andre renn som Martine har lyst til å prestere i. No ventar ein god treningsperiode for førsteårssenioren Det med tanke på at ho skal vere best mogleg førebudd til andre halvdel av sesongen.

Skandinavisk Cup

Norgescup i Åsen og Nannestad er det neste store for Martine som også har blinka seg ut Skandinavisk Cup-helga i Trondheim. Det er også eit arrangement som ho har lyst til å prestere i. Planen er at den nasjonale sesongen skal avsluttast i Finnmark i starten av april. NM del to i Alta er et arrangement ho og dei andre utøvarane på regionlandslaget satsar på. I Nord-Noref er det mellom anna ein 30-kilometer som bør passe den kapasitetssterke utøvaren bra.

Svein Halvor Moe