Mat og underhaldning frå mange land

Interessa for å smake på mat frå andre land var stor, og køa for å sleppe fram til matbordet var lang.

Rundt hundre personar var samla på Røde Kors-huset i Eidsdal tysdag kveld. Der var det mat å smake på og folk å snakke med frå så mange stader.

Eidsdal-Norddal Røde Kors stod som arrangør av den internasjonale kulturkvelden og var storleg nøgd med interessa også denne gongen, og det sjølv om det hadde vore litt stille kring arrangementet.

– Det er alltid spennande å sjå kor mange som kjem, men oppmøtet i kveld er vi nøgde med, sa Asgeir Storås.

Han viste til at tilsvarande kveldar har vore arrangerte to gonger før, og at det var ein fare for at folk ville synest at dette er noko dei har vore med på og derfor halde seg heime. Som alltid er det gledeleg å sjå at folk frå alle bygdene i kommunen tar turen til arrangement som dette.

Spennande mat

På langbordet var det rettar frå åtte land – varme og kalde. Det gjekk flittig unna med maten, og bygdefolket i kommunen skal ha ros for at dei hoppar uti det og prøver også det meir eksotiske som ei indisk gryte som var merkt «sterk». Storfjordnytt testa også mange av dei ulike rettane – og jammen var det mykje godt å fylle magen med. Det einaste bladfyken ikkje torde å smake på, var den svenske surstrømmingen.

Det var ikkje berre fastbuande som var på plass denne kvelden. Storfjordnytt fekk auge på to ukjende som snakka amerikansk, det var Caroline og Peter som til vanleg bur i Colorado i USA. Dei fortalde at dei har budd halvannan månad på garden til Ingvild og Martin Nystad og at dei fann fram til staden gjennom Work Away.

– Det er ein billeg måte å reise på, i tillegg til at vi får lære kultur og folk å kjenne på ein heilt annan måte enn om vi skulle ha reist på ein vanleg ferie, seier dei to, som i det vanlege livet heime i Colorado er lærarar på high school. Han som matematikklærar, ho som spesiallærar. På spørsmål om kva som har overraska mest med opphaldet i Norge, svarar dei kontant: vêret.

– Vi hadde venta oss mykje regn, men det har vi nesten ikkje sett snurten av, sa dei to.

Song og musikk

Kulturskuleinnslag frå scena var det også, og her var det gjort ein artig vri. Alle ungane som deltok hadde ein mor eller ein far – eller begge foreldra – frå eit anna land. Slik som til dømes Inga Oline og Ingvar med svensk mamma, Elina med finsk pappa, Tora med tyske foreldre og Wiktoria med polske foreldre. Alle saman spelte og song dei små musikkstykke frå foreldra sitt heimland.

Leiar av Eidsdal-Norddal Røde Kors, Ragnhild Døving, nytta høvet til å takke for at så mange hadde vore med på lysvandring til Blåhornet førre veke.

– Det var heilt magisk, med måneskin og nordlys samtidig, fortalde ho. Om nokon vil sjå, ligg det ein filmsnutt frå hendinga på Youtube. I tillegg minte ho om TV-aksjonen på søndag og oppmoda folk om å ta vel imot bøsseberarane.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no