Med eigen stemningsfull ballade til jul

Veronica Stennes Valdal går siste året på ungdomsskulen i Valldal og har no kome med eigen song, som du kan høyre på Spotify og iTunes.

Veronica Stennes Valdal er full av musikk, og i mange år har ho brukt stemma si til å uttrykke seg. No har ho laga ein eigen song, spelt han inn, og denne veka kan du finne han på Spotify og iTunes.

– Eg var med på ein musikkkonkurranse, men nådde ikkje heilt opp. Eg fekk likevel gode tilbakemeldingar og vart oppmuntra til å legge ut musikken min på Spinnup kostnadsfritt. Spinnup eir ei nettside driven av Universal Music, der dei som vil bli høyrt, kan laste opp musikken sin og bli distribuert på strøymetenestene Spotify og iTunes.

Studio i Ålesund

Sidan den tid har ho tenkt litt på det å lage eigen musikk, og så nynna ho fram ein låt, song han inn på mobilen sin og fekk sidan litt hjelp til å sette akkordar på han av far sin. Til å reinskrive teksten har mora vore god å ha, men låten har ho laga sjølv.

Songen er ein ballade, heiter «My Favoritt Time of Year» og startar i C-dur.

For tre veker sidan bestemte ho seg for at denne songen ville ho spele inn. Ho enda opp i studioet til Lydkjelleren i Ålesund, der Øystein Lund Olafsen spelte piano for ho. Det er berre hennar stemme og pianoet på songen. Ho stilte godt førebudd, og det tok ikkje mykje meir enn éin time å legge på songen for henne.

Kjensler

– Songen handlar om kjenslene mine for jula. Det er ei stemningsfull og fin tid for meg. Han handlar òg om å vente på noko spesielt, på fleire vis. 

– Det er ikkje berre å bestemme seg for å skrive ein song. Eg skriv om det eg føler, og eg skal heilt sikkert lage fleire, seier Veronica Stennes Valdal.

No skal songen vere ferdig miksa og klar for Spotify og iTunes denne veka. Det er noko Veronica er godt nøgd med – å få musikken sin distribuert. Elles skal ho synge songen sin på julekonsertane i Norddal og Valldal før jul og i tillegg på to julebord i Valldal. 

Alfred Nilsen
alfred@storfjordnytt.no