Med tunet fullt av blomster

Med god hjelp kjem dei gamle vindauga opp på lasteplanet før dei tek turen til miljøstasjonen i Djupøyna i Valldal. Frå venstre: Sander André Stennes, Rune Hårberg, Tove Anita Tafjord og Jonas Eik Øygaard.

Fire personar lempar store gamle vindauge opp på ein liten lastebil i Tafjord. To hundar minner dei på at det kjem eit menneske som dei kanskje ikkje veit om.

– Det er dei gamle vindauga til ungdomshuset i bygda. Då dei vart skifta ut tenkte eg at desse ville eg nytte til å lage drivhus av. Dei har ligge her sidan, det viste seg at dei vart for store og tunge og upraktiske å lage drivhus av. No er dei på veg til miljøstasjon i Djupøyna, seier Rune Hårberg.

Til å hjelpe seg har han mellom anna to sterke karar. Sander André Stennes er akkurat ferdig med læretida si og har no fått fast jobb i Tafjord kraftproduksjon som industrimekanikar. Jonas Eik Øygaard er frå Fiksdal og er lærling i industrimekanikarfaget. Begge har dei besteforeldre i Tafjord.

Blomsterprosjekt

Då vindauga ikkje vart nytta, sette Rune Hårberg opp eit drivhust i plast i staden og der inne kryr det av grøne vekstar. Nokre er planta frå frø og skal verte fine sommarblomster, i tillegg er det knollar som har kvilt seg ein vinter og no er klare for å farge kvardagen rundt huset der Rune Hårberg og Tove Anita Tafjord bur i Årjuvene i Tafjord. Knollane er for det meste begonia og så har han planta påfuglblomst.

– Dette er Apotekerkattost, det er ein kjempefin blomst og opphavleg ein gammal medisinplante. Kva dei skulle vere bra for veit eg ikkje. For meg er det ei glede å sjå kor fine dei er og eg likar å stelle med dei, desse blomstrane gjer mykje nytte for seg, seier Rune Hårberg.

Han likar å ha prosjekt på gang, oppstamming av fuchsia er eit av dei. Og rundt om står det som til vanleg er ein liten busk og vert leia opp ein støttestokk for til slutt å verte ei høg plante. Han viser Storfjordnytt ein ved oppkøyringa til huset, ein oppstamma fuchsia som rekk han over skuldrane.

Tre gongar fleire

Rune Hårberg stortrivst i Tafjord. Der får han dyrka interesser som jakt og friluftsliv og så er det eit varmt og godt klima til plantane han steller med. Vinden kan vere eit lite problem for dei store plantane. Han viser Storfjordnytt dit engletrompetane står og vindskadane er lette å sjå på dei store blada.

Han får låne litt plass av arbeidsgjevaren sin i Tafjord og set plantar i tunnelane i kraftstasjon 1 om vinteren. Der er det mørkt og passeleg temperatur og då går plantane i dvale.

Rune har alltid likt å stelle med blomster og rundt om på tunet kryr det av blomster i alle slags fargar.

– Om 14 dagar vert det tre gongar så mange blomster her. Bestemor, foreldre og tanter har det på same viset, så det er nok arveleg, smilar mannen med dei grøne fingrane i Tafjord.

Alfred Nilsen
alfred@storfjordnytt.no