Meininga med livet er lett å sjå i naturen

– No har eg rikeleg ved, ein mild vinter til no så ligg eg to framføre, seier Lars Johan lurt.

Lars Johan Nygård er i ferd med å tømme eit vedlass av traktoren ved vedaskotet i Anders-
garden på Midtbust.

I vedaskotet i Andersgarden er det to bur og åtte lag med ved lødd opp i kvart av dei. Vanlegvis nyttar Lars Johan eit av bura med ved til å varme opp husa om vinteren, men denne vinteren har han berre nytta halvparten.

Mild vinter

– Det har vore ein mild vinter og eg har ikkje varmepumpe eg kan skulde på heller, seier Lars Johan Nygård på sin humoristiske måte og lempar den siste strongen av traktoren. Mykje snø og dritvêr i det siste har gjort slik at sevja kom mannen som skulle i vedaskogen litt i forkjøpet, så nokre av strongane er tyngre enn dei har trengd å vere.

– I år vart eg 75 år og eg kjenner godt at eg ikkje er 70 år lenger, seier Lars Johan. Han reknar med å få ned resten av veden han har felt oppe i innmarksbeitet på eit lass. Han skottar opp mot vêret, han vil ikkje ha noko regn no. Traktoren han nyttar er ein Ford frå 1978 og dekka er frå same året. Han har kjettingar på dei av den grunn. I haugen med det som skal bli vinterved er det lønn, rogn, bjørk, hegg, or og ei gran òg.

– Det er ovanfor Breirobben eg hentar veden dette året, seier Lars Johan. Storfjordnytt lurer på kvifor robben har fått det namnet og får rask til svar. – Det er to robbar der og den er den breiaste.

Løsetpatent

Saman med ein bonde på Dyrkorn eig Lars Johan Nygård ein løsetpatent som kappar og kløyvar veden. Den set han opp framfor vedaskotet slik at han kan lø veden enkelt på plass. Å vere ute i naturen set Lars Johan Nygård stor pris på. Om det er hjortejakt, arbeid i vedaskogen eller berre å vere ute, så har naturen ein god verknad.

– Å daude i ein stol i stova kan ikkje vere noko særleg. Nei, då er det betre å kome seg ovanfor garden, seier humoristen i Andersgarden på Midtbust.

Å gå å sture og sparke småstein er ikkje noko for han, og skulle det kome ein dag som er tyngre enn andre, så går han ut ein tur, det hjelper alltid.

Alfred Nilsen
alfred@storfjordnytt.no