Meir innartiar enn skivebom

Norddal Senterparti hadde årsmøte denne veka. Starten av møtet var ope for alle som hadde lyst til å høyre professor Nils Aarsæther sine betraktningar om kommunestruktur generelt og nye Fjord kommune spesielt.

Det er professor Nils Aarsæther sin konklusjon på utfordringa frå ordførar Arne Sandnes: «Fjord kommune – innartiar eller skivebom?»

Storleiken betyr ingenting for kvaliteten på dei kommunale tenestene, det er gode og dårlege tenester både i store og små kommunar. Det slo professor Nils Aarsæther fast då han gjesta Norddal Senterparti sitt årsmøte denne veka og kallar det eit paradoks at det ikkje let seg gjere å finne ut av om tenestene er best i dei små eller dei store.

Men når folk blir spurde, så scorar dei små betre enn dei store – med unnatak av på brann og bibliotek.

Mange interesserte

Mange, også folk som ikkje er del av Norddal Senterparti, hadde funne vegen til kommunestyresalen denne kvelden for å høyre professoren tenke høgt kring kommunereforma generelt og Fjord kommune spesielt.

Også stordalsordførar og leiar av fellesnemnda, Eva Hove, var på plass. Med solid glimt i auget kunne ho fortelje at dette var første gongen ho deltok på eit senterpartimøte, men at ho ikkje skulle bli så lenge at ho tok skade av det.

Svake sider

Aarsæther syntest ikkje det er så rart at Norddal og Stordal har søkt seg saman og tok utgangspunkt i swot-modellen som mange nok kjenner att frå tidlegare stadier med kommunereforma. Han hadde i det høvet kika på nye Fjord kommune – sterke og svake sider, framtidsmoglegheiter og truslar.

– På den svake sida vil Fjord kommune framleis vere veldig liten, sa han og sa at som liten vil kommunen framleis stri med det han kalla habilitetsproblema til små avstandar.

– Etter kvart vil alle kjenne alle også i Fjord kommune, misunning og dårleg praksis rir dei små og familiære kommunane, meinte han.

I tillegg meinte han det å ha nye Ålesund kommune så nær kunne bli eit problem, både når det gjeld å halde på gode fagfolk og når det gjeld spenningsforhold mellom bygdene.

– Og Norddal kommune har allereie problem med å handtere eit par bygder, sa han.

Sterke sider

På den andre sida vil ein få laga ein bygdekommune der kommunestyrepolitikarane vil kunne forstå eit problem anten det er i den eine eller den andre delen av kommunen. Det blir verre i ein bykommune, eller sentrumskommune der svært få – om nokon – vil kjenne heile geografien i kommunen.

Aarsæther meiner det slett ikkje er nokon dårleg ide å lage ein litt større bygdekommune.

Frivilligheita er viktig

Ein litt større kommune vil framleis ha nærleiksfaktoren og den vil framleis kvile på betydninga av frivilligheita.

– Ingen samfunn kan greie seg utan frivilligheita. Når den går dårleg, så dør bygdene – det vil ikkje ramme byane like sterkt, slo han fast.

– Sterke versus svake sider gir ingen openberr minus til samanslåinga. Og eg trur dei sterke sidene vil kome i pluss. Avstandsfaktoren har eg ikkje tatt med, men det er ikkje langt å køyre, mente han.

Grøn trussel

Verste trusselen i framtida vil ifølgje Aarsæther vere den sentrale satsinga på grøn bypolitikk og det grøne skiftet. Han er redd det heilt kan ta vekk merksemda kring bygdene ettersom det blir brukt mykje midlar på å gjere byane grønare. Det vil gjere at folk i stadig større grad vil søkje seg til byane for å bu og jobbe der og distrikta vil tape.

Nils Aarsæther slo fast at det er eit faktum at «folk flest», også ungdommen, trekkjer til dei store byane.

– Trendane rår vi ikkje over, sa han.

– Men om interessa for reiseiv og hytteliv og natur held seg, vil Fjord kommune score bra – og om ”det gode livet” er i frivilligheita, vil den nye kommunen også gjere det bra, meinte han og grunngav det med at det mest spennande ein har i den nye kommunene er reiseliv og naturliv.

– Det er kvalitetar som bysamfunnet ikkje kan svare på.

Aarsæther sa at eit liv i byen, i ei leilegheit er særs klimavenleg, med tilgang på trikk og bane og buss. Men professoren antyda at det ikkje er sikkert at livet i byane vil halde fram med å vere like attraktivt, dermed ligg det nokre moglegheiter for framtida som kan vere positivt for Fjord kommune om ein greier å gjere seg attraktiv for dei som ikkje driv med landbruk men som likevel vil bu naturnært.

– Dette er spennande, for bytanken er sterk. Men strengare restriksjonar på bilbruk og slike ting, kan tene distrikta, meinte han og viste til misnøyen mot MDG i Oslo.

Endå litt større?

Når det gjeld spørsmålet om den nye kommunen kanskje skulle ha vore endå litt større, så meiner Aarsæther at det på eitt eller anna tidspunkt er lurt å setje strek.

– Og så er det ikkje for seint å snu i framtida. Om Fjord kommune om nokre år ser at ein er for liten, så er eg overtydd om at kommunen vil vere velkommen til å sondere nye konstellasjonar, sa han. Men no framover meiner han at det er viktig å får prøvd Fjord kommune før ein tek stilling til vegen vidare.

Diskusjon

Eva Hove peikte på det Aarsæther trekte fram som potensielle sterke sider og moglegheiter som det som var viktig for henne då ho gjekk inn for å bli del av eit litt større heile.

Der professoren syntest det var litt rart å dyrke salat i «fiskelort», parerte ho med å seie at ho er kry av at dei i Stordal gjer nettopp det.

– Det er viktig med ein kommune som evner å leggje til rette for lokal næringsutvikling. I små kommunar er det ikkje slik som på større stader som veks i kraft av eigen tyngde.

Ho trur at Stordal og Norddal saman kan oppretthalde gode tenester, men ho ser også dei svake sidene Aarsæther var inne på.

Per Magnus Berdal synest det er vanskeleg å meine noko om kva som vil skje, men meiner at den største utfordringa for nye Fjord kommune vil vere å oppretthalde folketalet, eller det han kalla «den kritiske masse» som gjer at det går an å halde oppe til dømes frivilligheita.

– Og så har vi ei utfordring med omsyn til spesialtenester som Nav, barnevern og PPT. Vi blir møtt med at vi om ikkje lenge blir slukt av nye Ålesund. Eg trur ikkje på det heller, sa Berdal som meinte at den største trusselen vil vere om det frå nasjonalt hald vil bli ført ein distrikspolitikk som gjer at ein ikkje greier å drifte kommunen.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no