– Meld deg på UKM

10. klasse i Stordal arrangerer UKM

Oskar Vinje Græsmo frå 10. klasse ved Stordal skule minner om at påmeldingsfristen til UKM i år er 14. februar.

Tradisjonen tru er det tiande klasse som arrangerer Ungdommens Kulturmønstring (UKM) også i år. Oskar Vinje Græsmo er pressekontakt og fortel at aldergrensa for dei som kan vere med på den lokale mønstringa i Stordalshallen er 10 til 20 år. Det heile skjer i Stordalshallen søndag 21. februar.

Han fortel at alle ungdommar som har noko dei har lyst til å vise fram, kan melde seg på. Det kan til dømes vere dans, teikning, song, film og mykje meir.

Det er allereie fleire som har sagt seg interesserte i å vere med på UKM. Han nyttar også høvet til å invitere alle til å vere publikum på UKM, her blir det både kaker og kaffi og anna godt.

Randi Flø
randi@storfjordnytt.no