Meld frå om daude dyr

Er du ute på tur og går deg på ein slik ein som ikkje lenger er i live, ønskjer næringssjef Toralv Klokkehaug at du melder frå til han om funnet.

Tala over fallvilt siste år viser totalt 33 daude dyr, av desse er det 24 hjort og ni rådyr. Det er ganske normalt, men det som uroar næringssjef i Norddal kommune, Toralv Klokkehaug, er tala for april i år.

KORT SAGT

Fallvilt er dyr som har døydd eller som er avliva utanom den ordinære jakta.

Døme på fallvilt er dyr som er påkøyrde, er tekne av skred eller som har svolte ihjel.

Alle dyr eldre enn eitt år skal testast for skrantesjuke.

Kjem du over eit daudt dyr, meld frå til kommunen slik at kommunen kan registrere det i viltregisteret.

I perioden 1. april 2017 til 31. mars 2018 var det registrert til saman 33 daude dyr, 24 hjort og ni rådyr.

Åtte daude hjort er fasit så langt i april i år, eit tal næringssjefen i Norddal kommune synest er svært høgt.

Registreringsperioden går frå 1. april til 31. mars året etter. Det er i denne perioden registrert til saman 33 daude dyr, Klokkehaug er svært uroa over starten på ny registreringsperiode.

– Åtte daude hjort så langt i april, er mykje, seier han og undrar seg over kva årsaken kan vere.

Det kan vere vinteren, den har vore tøff for dyra – lang og kald med mykje snø.

– Og så er det veldig mykje hjortedyr i området, og når fôret skal delast på mange når tidene er harde som i vinter, så er nok det med på å auke talet på daude dyr.

Kva er fallvilt

Fallvilt er ei samlenemning for dyr som er funne daude eller avliva utanom den ordinære jakta. Klokkehaug kan fortelje at det kan dreie seg om dyr som er påkøyrde, tekne av skred, som har svolte ihjel eller som på anna vis har døydd utan å bli jakta på.

Alle slike dyr skal rapporterast inn til kommunen – som i sin tur rapporterer inn til viltregisteret.

– Og er det dyr som antas å vere eldre enn eit år, skal dei også undersøkast for skrantesjuke. Dermed er det ekstra viktig å rapportere inn slike funn, seier han.

Klokkehaug fortel at det ikkje er påvist skrantesjuke her i området, men at alt av elg, hjort, rådyr og villrein som er eldre enn eit år, skal testast.

– Skrantesjuke er ein dødeleg sjukdom med lang inkubasjonstid som vert overført frå dyr til dyr, anten ved direkte kontakt eller gjennom miljøet via spytt og urin. Dette er ein sjukdom vi ikkje vil ha, så det er viktig å teste dei, seier han. Ein skal også vere observant på dyr som er magre eller som, har andre teikn på redusert almenntilstand eller som oppfører seg rart. Hjerneprøve av dyra skal alltid takast, men det er også ønskjeleg med lymfeknutar frå svelget om det er råd å få til det. Kommunane har ettersøkspersonell som er kursa av Mattilsynet til slik prøvetaking.

Naturen ordnar opp

– Det er ganske spennande å jobbe med slikt som dette, seier Klokkehaug og seier at naturen har ein tendens til å ordne opp sjølv slik at det gjerne er dei store og sterke som overlever og som kan føre slekta vidare.

– Derfor er det viktig at vi i jakta er forsiktige og haustar på rett måte, seier han og legg til at kunnskap om dette er del av det ein blivande jegar vert kursa i i samband med jegerprøva.

Best mogleg forvaltning er målet

Om fallvilttala kan brukast til noko fornuftig? Det kan dei. Klokkehaug fortel at fallvilttala er til god hjelp når jaktløyve skal tildelast.

– Er det til dømes mange påkøyrslar i eit område, er det eit signal om at det er mykje dyr i området – slik at området kanskje kan få ei større kvote enn andre område, seier han.

Med tanke på ei rettast mogleg jakt, oppmodar han flest mogleg om å vere med i eit bestandsplanområde.

– Det gjev oss høve til ein meir langsiktig forvaltning enn slik det er no, seier Klokkehaug og legg til at det i Norddal kommune i dag er tre bestandsplanområde pluss nokre vald.

– Alle bør vurdere å bli med i eit bestandsplanområde, då kan ein jakte ikkje berre i valdet, men også i eit større område, seier næringssjefen som er oppteken av å sjå heilskapen i eit større område for ei best mogleg forvaltning av bestanden.

Meld frå!

Med tanke på dei høge tala så langt i april, vil han no ha hjelp frå lokale krefter, frå turgåarane.

– Når ein finn dyr som er tekne av ras eller som har gått seg fast i ein skrent eller har døydd på anna vis, er det viktig at det vert rapportert inn til kommunen som så registrerer funna i viltregisteret. Han oppmodar også turfolket som kjem over eit daudt dyr om samtidig å rapportere inn kvar dyret vart funne, kva ein har sett på staden, kva for dyr det er og dato for funnet.

Kommunen er ansvarleg for å informere om at folk skal rapportere inn slike ting. Klokkehaug meiner det er viktig å melde frå og ikkje berre snakke om daude dyr ein finn i naturen.

– Kan hende det kan gå litt sport i dette med å melde inn slike funn. Dette er god hjorteviltforvaltning, avsluttar han.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no