Midtsommardagar er blitt 18 år

Sist helg var full av aktivitetar og opplevingar i Norddal. Arrangørane gjorde slik dei pleier, noko som lagar god stemning når folk samlast i bygda.

Dei starta tidleg fredag med seminar på paktarstova. Der var det òg utstilling av arbeida til biletkunstnaren Simon Wågsholm. Tema for utstillinga var natur og naturbruk. Klosteret på prestegarden hadde litt seinare ei urtevandring i hagen sin.

Kyrkjekonserten fredagskvelden har lang tradisjon og denne gongen var det lokale musikarar som heldt konsert. Vêret laga seg til og medan musikarane laga tonar og stemningar inne i kyrkja, skein kveldssola på fjorden og lys strøymde inn gjennom vindauge og opne dører.

Handverksmarknaden i nausta greier gong på gong å trekkje mykje folk. Heilt i starten var vêret grått og det så litt tynt ut med folk, men så kom varmen, solglytt og folk. Arrangørarane tek ein liten inngangsbillett på marknaden for vaksne og om lag 400 personar hadde løyst billett. Dette saman med den energiske kafé- og grillgjengen gjer at arrangement balanserer økonomisk. Laurdagskvelden vart avslutta med jonsokdans ute ved grendahuset.

Søndag var det familietur til Herdalssetra med natursti, leik og aktivitetar saman med Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv. Til slutt søndag var det ei Vesper-gudsteneste på klosteret. 

Alfred Nilsen
alfred@storfjordnytt.no