Miljøengasjerte ungdommar

Rakel Celine Hurlen og Helena Indreeide Rognsø ønskjer å bidra til at bygdefolket gjer sitt for å ta vare på miljøet og kloden.

To tiandeklassingar er innom redaksjonen for å fortelje om miljøengasjementet sitt. Dei meiner det er heilt nødvendig at alle, også i Norddal kommune, gjer sitt for å bidra til å bevare kloden vår.

– Vi har lyst til å gjere Norddal kommune til ein betre kommune å bu i med tanke på klima og miljø, seier Helena Indreeide Rognsø og Rakel Celine Hurlen der dei kjem rett frå ordførarkontoret og ned til lokalavisredaksjonen. Dei er heilt klare på at om vi held fram slik som no, så vil ikkje kloden overleve.

Starte med oss sjølve

– Og vi må starte i det små, her heime, slår dei fast og håper på å få med seg mange i arbeidet.

Det dei først og fremst kjem til å ta tak i, er butikkane og Statens vegvesen.

– Når det gjeld Statens vegvesen, vil vi snakke med dei om brøytestikkene av plast. Det bør gå an å nytte brøytestikker av eit anna material, meiner Helena og legg til at dei også vil oppmode butikkane om å gjere det vanskelegare for kundane å velje plastnett.

– Dei kan selje nett av stoff i staden for plast og så kan dei ha fleire pappesker tilgjengelege for kundane. Slik det er no, vel folk plastnetta fordi dei er billigare og lettare tilgjengelege, seier Rakel. Begge synest at alle bør gå vekk frå plast og heller bruke tekstilnett, ettersom desse kan brukast om og om igjen.

– Det at eit slikt nett er litt dyrare å kjøpe, tener ein fort inn att ved å ikkje kjøpe plastnett kvar gong ein er i butikken, slår dei to jentene fast.

Konferanse

Det er ikkje berre å påverke bygdefolket til å tenkje og handle meir miljøvenleg dei to har sett seg føre å gjere, dei har også lyst til å arrangere ein konferanse i løpet av hausten der miljø og klima er tema.

– Der ønskjer vi oss innleiarar som kan dette med miljø og klima. Og så vil vi vise politikarane våre at folk bryr seg og at vi ikkje har all verda med tid om vi skal lukkast med klimakampen, seier Helena.

– Det er fullt mogleg for Erna (Solberg, red.anm.) å seie desse tinga høgt slik at andre statsleiarar ser at vi i Noreg bryr seg om klimaet. For arbeidet går alt for seint, meiner ho.

Hennar miljøengasjement vart vekt då ho såg filmen «Before the Flood», ein dokumentarfilm frå 2016 som handlar om klimaendringane.

– Filmen var til å grine av, det er kjempeskummelt å sjå kva som skjer, fortel ho og legg til at det ikkje gjer saka betre at vi har fått dokumentert både kvalar og andre dyr med magen full av plast, i tillegg til at vi er i ferd med å øydelegge både korallrev og anna som er viktig for kloden vår.

Dei seier ikkje at plast ikkje skal nyttast, men at det er fullt mogleg å nytte mindre plast enn kva som er tilfellet i dag.

– Og så må den plasten vi brukar resirkulerast, ikkje kastast i naturen, slår dei fast.

Fast plastryddedag

Av meir nære ting ser dei to jentene føre seg ein fast dag i veka – eller månaden – der folk samlast og plukkar søppel. Ein plastryddedag.

– Om folk ser kor mykje som ligg og flyt rundt om, kan det hende at dei tenkjer seg om før dei kastar frå seg noko neste gong. Og kanskje vi til slutt sleppe å ha slike ryddedagar, seier Helena.

– Og det kunne godt vere fleire søppeldunkar i Valldal sentrum. Det viser seg at folk framleis er ganske late – er søppeldunken langt unna, gidd dei ikkje gå dit, men kastar i staden frå seg søppelet andre stader, supplerer Rakel.

Begge to er utolmodige – dei vil fikse problema no og ber alle om å slutte å kaste frå seg søppel i naturen.

Dei har stor sansen for at Årim har innført fleire dunkar og meir kjeldesortering for husstandane.

– Det er kjempebra, men det treng ikkje stoppe der, meiner dei..

Positiv ordførarmøte

Dei to var storleg nøgde med besøket hos ordførar Arne Sandnes.

– Han er veldig engasjert og vil gjerne hjelpe oss så godt han kan, kunne dei fortelje og synest det er mykje artigare å halde på når folk er positive og vil delta. Jentene fortel at dei allereie har mange med på laget – og ramsar opp ei rekkje med namn, både på jamaldringar og vaksne som vil vere med å bidra.

Ordførar Arne Sandnes seier til Storfjordnytt at Norddal kommune i og for seg allereie er ei miljøkommune som også skal miljøfyrtårnsertifiserast, men at ein skal lytte når ungdommen ikkje synest det går fort nok.

– Initiativet til jentene er både flott og gledeleg. Vi skal alltid lytte til ungdommen og eg likar å få slike spark på leggen, seier han og legg til at han vil hjelpe til med å skipe til ein konferanse til hausten slik dei har skissert.

Noko anna ordføraren syntest var bra, var at jentene peikte på heilt konkrete ting vi alle kan gjere i det daglege, slik som dette med å gå vekk frå plastposar når vi handlar i butikkane.

– Dei har peikt på heilt handgripelege og openberre ting og eg set pris på at dei gjer oss medvitne på dette. Dette er eit fint initiativ som eg støttar heilt og fullt, slår ordføraren fast.

Å gjere litt er betre enn å ikkje gjere noko

Dei to jentene er i desse dagar ferdige på Valldal skule og frå hausten er planen at begge to skal byrje på Stranda vidaregåande skule. Dei ser det som naturleg at dei tek med seg engasjementet sitt vidare dit.

– Dette er eit aktuelt tema alle stader, seier dei.

Helena oppmodar alle til å sjå «Before the Flood» og fortel at filmen gav henne inspirasjon til å prøve å gjere noko.

– Alle ting startar i det små, vi må starte ein stad og jobbe og halde på sjølv om det tar tid, slår ho fast.

Om det er andre miljøengasjerte som vil jobbe saman med jentene for å snu tankesett og veremåte til bygdefolket, set dei stor pris på det – og dei er å finne på sosiale medier, og det er via sosiale medier dei kjem til å spre informasjon om det dei held på med.

– Og om vi ikkje lukkast med alle planane våre, så vil vi halde fram arbeidet likevel – vi må i det minste gje det eit seriøst forsøk, for å gjere litt er trass alt betre enn å ikkje gjere noko, avsluttar dei to.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no