Mimrefest for Breidablik

Laurdag inviterte «Breidabliks venner» til eit nostalgisk attersyn på ungdomslagshuset Breidablik si historie og betydning for folk og liv i Stordal. Mange frå Stordal, og også elles,  har gode minne frå mellom anna bygdakveldar, julefestar, skotårsfestar, 17. mai-festar, pakkefestar, dansefestar, bryllup, basarar og bygdekino.

Mimrefesten var til ære for ungdomshuset Breidablik på Øvrebust i Stordal, som no ikkje lenger er i bruk. Kvelden var lagt opp som på festane på Breidablik var tidlegare, med program først, så mat og med dans til slutt.

Aktivt lag

Mange av dei som stod bak denne festen er dei same som for nokre tiår sidan var aktive i ungdomslaget og på Breidablik med oppsett av revy og program, folkedans med vidare. Breidablik er kalla opp etter guden Balder sin bustad.

Stordal ungdomslag bygde det første Breidablik i 1906, og innvielsesfesten stod 27. desember 1906. Mange andre lag og organisasjonar brukte etter kvart også huset. Reglane for bruk av huset var strenge, og måtte overhaldast. Lagsbladet til Stordal ungdomslag var kalla «Fram», og vart skrive på medlemsmøte i ungdomslaget frå 1893 og til siste nummer kom ut i 1983. I 1908 vart det for første gong skrive på nynorsk.

Folkedans var på denne tida viktig for ungdomslaget, medan vanleg pardans var begrensa i statuttane. Det var viktig å ha ein plass der ungdomane kunne møtast utanom preikesøndagane. Store stemne vart også lagt til Stordal, og under eit stemne i 1921 var det nesten 6000 tilreisande. Det vert sagt at på seinvinteren våren etter auka folketalet i Stordal. 

Etter kvart gjekk det rykte om att det vart brukt alkohol på ungdomshuset med det resultat at bedehuset vende huset ryggen, og det vert sagt at frontane her kunne vere ganske steile. Då andre verdskrigen kom plomberte politiet huset. Ungdomslaget vart då lagt ned, som på dei fleste andre stader i Noreg, men folk kom seg ulovleg inn gjennom ei luke på framsida av huset og kom saman i all stillheit likevel. Dei måtte då blende for vindua for ikkje å bli oppdaga.

Nytt hus

Det nye utvida ungdomshuset vart teke i bruk i 1955 etter fleire år med dugnadsarbeid, no også med toalett. Den gamle salen vart vidare brukt som matsal i det nye ungdomshuset. Dette vart no eit ungdomshus med stor sal, stor scene og sminkerom, og stetta riksteateret sine krav. I salen var det 300 seteplassar, og oppsettet av Anne Franks Dagbok hadde 4 framsyningar og 1200 solgte billettar. Det kom publikum til framsyningane heilt frå Ålesund, og alle framsyningane førte til at ein fort fekk betalt ned på lånet på det nye huset.

Opningsfesten for vegen mellom Dyrkorn og Stordal i 1956 var den første festen i det nye huset. Hovedretten var laks, kappa på bandsag på fabrikkane, og sagemasken laga dei suppe av. 

Det vart utover på 60- og 70-talet og også på 80-talet stor aktivitet på Breidablik, og det vart sett opp fleire teaterstykke og show, publikum kom frå fjern og nær, og Breidablik i Stordal var sett for å vere ei av dei beste revyscenene på sunnmøre. Av stykke som var sett opp kan nemnast «Tyven, tyven», «Rikmenns pengesorger», «Isflå» og «Tante Jutta frå Calcutta». Mange rikskjendisar besøkte Breidablik, som Kirsti Sparboe, Leif Juster, Benny Borg og Arve Opsahl.

Minnerikt program

Gjennom dramatisert opplesing frå innlegg, vedtak og referat frå møter i lagsbladet «Fram», forteljing av historiar, song og visualisering av tider som var gjennom kostymer og anna i sketsjar og film vart publikum tekne med attende til då ungdomslaget vart skipa i 1892 og inn i historia vidare fram til vår tid. Nokre songar frå ulike festar opp gjennom tida var henta fram og vart nytta til allsong. Siste festen på Breidablik var om lag rundt 1990, det var knytta litt usikkerheit til det nøyaktige årstalet.

Etter det særs gode og for mange minnerike programmet, var det servering av mat, og etter det igjen kunne folk svinge seg i dans til ut i dei små timar.

Hovedkomiteen ved Ragnhild Flåen seier dei vil takke alle som gjorde det mogleg å få til ein slik mimrekveld. Alle aktørar på og bak scena, dei som har stått for kulisser, lyd og lys, musikarar, kakebakerar og kjøkkenhjelp, rigging og golvlegging, og ikkje minst alle som var med og rydda etterpå. Totalt om lag 50 personar har vore involvert i å få i stand festen, og ein hadde ikkje komt i mål utan desse.

John Kristian Hjelle
john.kristian@storfjordnytt.no