«Møbelarbeidaren» presentert

Denne skissa vart godt teken imot av kommunestyrerepresentantane. Frå venstre: kunstnaren Ola Stavseng, Håvard Olsen, May Britt Stavseng og ordførar Eva Hove.

Det har vore arbeidd med eit skulpturprosjekt som skal markere betydninga av møbelindustrien i kommunen. Førre veke presenterte kunstnar Ola Stavseng ei skisse til skulptur for kommunestyret.

Ordførar Eva Hove (Ap) ønskte Ola Stavseng velkomen til kommunestyret og kunne fortelje litt om bakgrunnen for at Stordal kommune i februar løyvde pengar til utarbeiding av ei skisse til skulptur. Ho peikte på at eit slikt kunstprosjekt ville fylle to hensikter; å løfte fram møbelproduksjonen i bygda og å løfte fram kunstnaren.

– Det er et pluss for Stordal kommune å kunne ha ein skulptur av Ola Stavseng, det er jo heimkommunen hans, slo ho fast.

Sinking

Kunstnaren sjølv synest det er stas å ha blitt spurt og takka kommunen for å vere positive til prosjektet.

Utgangspunktet for motivet han har valt seg er å finne i kommunevåpenet til kommunen.

– Her finn ein illustrert ein gammal teknikk for det ein kan kalle hjørnesamanføying av tredelar, fortalde Ola Stavseng og la til at teknikken vert kalla «sinking» og vart mykje nytta i tradisjonell møbeltilverking.

– Det vi ser i kommunevåpenet må kallast ein fantasi eller parafrase over denne teknikken, sa han. Han fortalde at i kommunevåpenet framstår midtstolpen som noko som bind fast to sider, noko som kan tolkast som «den gyldne middelveg», å kome fram til lysingar som bind saman ulike interesser og elles vere eit uttrykk for at samhald gir styrke.

– Slik som i kommunevåpenet har eg gått tilbake til røtene for det som er møbeltradisjonen og møbelproduksjonen i Stordal, for som kjent har vi ein lang tradisjon både innanfor tømrarfaget og møbelfaget, fortalde han og la til at det heilt frå slutten av 1800-talet var snikkarskular i bygda.

– Her har vore mange dugande handverkarar og initiativrike gründarar i kommunen opp gjennom åra, slo han fast.

Oppleving av meistring

Når det gjeld skissa, håpte Stavseng i og for seg at den skulle tale for seg sjølv, men han fortalde og litt om kva han har tenkt.

– I utkastet har eg valt å framstille ein ungdom som utfører denne klassiske øvinga det er å utføre teknikken kalla sinking. Det var nærast ein obligatorisk øving for alle lærlingar og snikkarskuleelevar. Til og med i vår tid er denne øvinga på programmet i møbelfagutdanninga, så det er altså ikkje noko av antikvarisk karakter, fortalde han. Han har også lagt vekt på at det å forme noko med hendene i eit materiale som tre er stimulerande og nødvendig for formsansen og den estetiske sansen ein dyktig møbelarbeidar må ha.

– Handverksmessig presisjon og kvalitet er av grunnleggande betydning om ein vil skape noko, anten det er innan møbel eller på andre felt. Her i dette konkrete tilfellet er det tenkt at vi kan førestille oss at han prøver å samanføye delar til ei skuffe. Til det bruket var sinking mykje nytta, fortalde Stavseng. Han hadde også forsøkt å la denne ungdommen på skissa uttrykke både ei audmjuk innstilling ovanfor oppgåva han skal løyse, og ei viss glede over å sjå og oppleve at han meistrar arbeidsoperasjonen han er i gang med.

– Og sjølvsagt er det slik at ei slik innstilling og ei slik oppleving av meistring er grunnleggande viktig same kva ein driv med, meinte han.

I dagens samfunn der stadig meir avanserte maskinar og datastyrt teknologi er blitt reiskap for så å seie all produksjon, har Ola Stavseng valt å gå attende til røtene.

– Til liks med motivet i kommunevåpenet, håper eg å kunne ha sagt noko om at det er mennesket som er det sentrale og viktigaste i alle ting, sa han.

På almenningen

Når det gjeld plasseringa av ein statue, er han nøgd med at det er Almenningen som er vurdert som aktuell.

– Det er blitt ein veldig fin plass, eit ope rom med fantastisk fin utsikt over fjorden. Eg håper og trur det skulle vere mogleg å finne ei fornuftig plassering der nede, sa han og takka komiteen for positiv respons på arbeidet så langt og håpte på eit godt samarbeid vidare slik at prosjektet kunne bli fullført etter intensjonane.

Skissa var i målestokk 1:1, slik at møbelarbeidaren blir godt og vel i naturleg storleik, om lag 185 centimeter høg.

Kommunestyrepolitikarane likte det dei såg

Reaksjonane frå kommunestyrerepresentantane let ikkje vente på seg og alle som tok ordet, var svært nøgde med det dei hadde fått sett.

– Eg ønskjer sterkt at skulpturen får eit godt miljø å stå i, at det blir tenkt heilskap når dette skal realiserast, sa John Helge Larsen (Ap).

Også ordføraren sette pris på både presentasjonen og skissa. Ho sa at vegen fram til realisering kan vere lang, spesielt med tanke på finansiering. Ho fortalde at nemnda har sett på ulike offentlege kjelder for finansiering av kunst – og dei kan også tenkje seg å gå ut og be om gåvemidlar frå dei som kan vere interesserte i prosjektet.

– Kostnaden på dette veit vi ikkje i dag, men vi håper vi med god hjelp og gode krefter skal klare å realisere prosjektet som symboliserer tradisjonen møbelindustrien har hatt i kommunen, som framleis er livskraftig, om enn ikkje i same omfang som før, avslutta ho.

Eit samrøystes kommunestyre gjekk inn for innstillinga og godkjende med det Olav Stavseng si skisse til skulptur. Kommunestyret bad samstundes skulpturnemnda arbeide vidare for realisering av skulpturen og i dette ligg mellom anna å finne finansiering av prosjektet ved hjelp av gåvemidlar. Skulpturnemnda skal også avklare plassering på Almenningen.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no