Munter forteljarkveld med Harald Grytten og krakken

Harald Grytten hadde sjølvsagt med seg krakken sin til Martin Linge-huset for halvannan veke sidan og bergtok publikum med forteljingane sine.

Søndag for halvannan veke sidan inviterte Valldal Bygdekvinnelag til forteljarkveld på Martin Linge-huset. Og den som skulle fortelje, var sjølvaste Harald Grytten.

Krakken som Grytten er så kjent for å ha med seg når han skal seie noko, var sjølvsagt også med. Men før Grytten tok plass på krakken, var det nokre frå kulturskulen som opna det heile. Ane Maria og Elida song vakkert tostemt på «Tonight you belong to me» med Håkon Myklebust på gitar. Deretter var det Karianne Vikene og Håkon Myklebust sin tur med Bjørn Eidsvåg sin «Tenk om» og deretter «Benen i kors» av Lisa Ekdahl.

Om namn

Så ønskte Solveig Linge Stakkestad publikum velkomne til forteljarkveld med «by og land» som tema. At by og land var kveldens tema, fekk Grytten til å leike seg med særleg namn – og kvar namna eigentleg kjem frå. Men først måtte han fortelje litt om krakken.

– Eg byrja å bruke krakken i 1973, og den har snart følgt meg i 47 år, slo han fast og fortalde at han berre éin gong har falt ned frå den. Om han slo seg? Ikkje i det heile tatt, han landa i nokre mjuke fang som sat på første rad – og syntest det var heilt greitt å dette når det gjekk slik.

Grytten meinte å ha lagt merke til at sunnmøringar er over gjennomsnittet opptekne av utsikt – og at det attpåtil var liabygdaren og skomakaren Knut Gregorius Lied som i 1903 bygde den første Fjellstua i Ålesund. Og derifrå er det jo fin utsikt, men endå finare utsikt er det ifølgje Grytten frå «Kniven» som ligg bak Fjellstua. Her er det 360 gradars utsikt – og han tok publikum gjennom alle dei 360 gradane og fortalde om øyane og kommunane ein kan sjå derifrå.

– Ålesundarane trur dei stammar frå riksmålstalande englar som berre har dala ned frå oven, sa han og la til at flesteparten av ålesundarane ættar frå bygdene, men at det kan sitje langt inne å innrømme akkurat det.

Så tok han oss ein tur gjennom Kongens gate i Ålesund der namna på butikkane viste at mange frå bygdene inst i fjorden hadde slått seg ned og dreiv forretning i byen.

– Namna fortel ei ganske tydeleg historie om kvar folk kom frå. Men det var også mange som skifta namn for å bli litt «finare», fortalde Grytten. Å kome frå bygdene og inn til byen kunne by på mange problem. Språkproblem mellom anna. Heiter det «tvåge» eller «tue»? Ikkje alltid så lett å halde styr på når ein som ung jente frå bygda tek teneste hos ein «fin» familie …

Bybrannen

Grytten trur at om 25 år frå no er by og land blitt like kvarandre, på dei fleste vis. Og så litt om bybrannen 1904, ein kjem ikkje utanom med slikt besøk.

– Brannen er berre ei lita rynke i verdsaltet, men Ålesund har gjort den til ei stor hending, slo Grytten fast og la til at brannen berre kravde eitt dødsoffer.

– Og det var attpåtil sjølvforskylt, sa han.

– Brannen var ikkje så stor som vi trur, men det er rart kva vi kan øse oss opp til å tru. Gjenreisinga derimot, det er noko å skryte av, meinte han og viste til at det i løpet av tre og eit halvt år vart bygd om lag 700 hus.

Innimellom Grytten sine mange betraktningar kring by og land og brann fekk publikum i amfiet til å humre godt gjennom heile forteljarkvelden. Grytten er god til å formidle og sjølv om han har runda 80 og blir 81 år om to veker, er det heller ingenting å seie på husken og humoren. Det var med andre ord ei rett så fin søndagsstund i Valldal.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no