Musikk og nye venner

Storkorpset med musikantar frå skulekorpsa i Skodje, Stranda, Eidsdal og Valldal og under leiing av Anders Jørgen Gjerde, heldt ein strålande konsert for dei frammøtte.

I helga var det stort korpstreff i Valldal, der både skulekorpsmusikantar og aspirantar fekk møtest, øve saman, spele konsert saman og ikkje minst, bli kjende med kvarandre.

Valldal hornmusikklag stod som arrangør av korpshelga der Valldal skulekorps, Eidsdal Musikkorps, Stranda skulekorps og Skodje skulekorps deltok. Det gjorde også aspirantane til dei fire korpsa.

Heile laurdagen vart det øvd og øvd, søndagen også, men då var det meir finpuss med tanke på konserten om ettermiddagen.

Anders Jørgen Gjerde hadde ansvaret for øvinga med skulekorpsmusikantane, medan Jan Helge Andreassen hadde ansvaret for aspirantane. Begge dei to dirigentane gjorde ein framifrå jobb med å få fire korps til å høyrest ut som eitt.

Også aspirantane høyrdest etter kvart ut som dei hadde spelt mykje lenger enn dei hadde gjort, og det er rett og slett imponerande å sjå kva lag Jan Helge har med dei minste. Klare beskjedar vert gjevne – utan at han får ungane mot seg og utan å sjølv misse tolmodet. Men som han sa då konserten tok til, han synest han er heldig som får lov til å tilbringe tid saman med ungane.

– Det stel ikkje energi, tvert om det gir meg energi, slo han fast.

Litt tid til å vere ute og øve på å marsjere var det også før konserten tok til, og også her var det Jan Helge som heldt på. Og det var artig å sjå på forvandlinga frå uryddige rekkjer med aspirantar til glade musikantar på rekkje og rad og sånn nokolunde i takt.

Valldal skulekorps opna konserten med mellom anna fleire ABBA-låtar før dei avslutta avdelinga si med tittelmusikken frå ”Game of Thrones”. Deretter var det aspirantkorpset sin tur, og det var aspirantane sjølve som fortalde kva dei skulle spele – først Martin, så Tobias, deretter Elida og til slutt Ruben. Dei hadde også tatt høgde for at dei måtte til med ekstranummer, og spelte siste songen ein gong til.

Felleskorpset med dei fire skulekorpsa avslutta konserten – dei hadde brukt øvingshelga til å konsentrere seg mest om marsjar ettersom det framover er høgsesong for slikt.

I tillegg var musikk-kafeen slik ein usuikk-kafe skal vere, med kaffi og kaker, lodd og premiar. Ungane sjølve var storleg nøgde med øvingshelga, og fleire kunne fortelje at dei hadde fått nye vennar i løpet av dei to dagane.

Når ein skal øve på å marsjere, er det greitt å starte med små grupper. Her forsøker Jan Helge Andreassen å få dei unge korpsmusikantane til å forstå kva ei rett line er.

Når ein skal øve på å marsjere, er det greitt å starte med små grupper. Her forsøker Jan Helge Andreassen å få dei unge korpsmusikantane til å forstå kva ei rett line er.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no