Mykje fint handverk

Ursula Vos, Gry Anette Bonsaksen og Lottie Eisma på plass på Stolen pub på Overøye med eit rikt utval av det dei lagar og sel. Dei ser heilt klart eit potensiale i alle dei som har hytter i området.

Lottie Eisma flytta inn i lokala i Stordal sentrum for om lag eit år sidan. Butikken hennar heiter Leporello og inneheld handverk av mange slag.

Lottie har lenge vore interessert i bøker og har i fleire år drive med bokbinding i kjellaren på huset der ho bur.

Spesielle bøker

– Det kan vere ei spesiell bok som får folk til å kome hit og vil ha ho reparert, seier Lottie Eisma. Det kan vere biblar, ei kokebok med handskrive notat få ei slektning. Minnebøker og fotoalbum er òg slikt som folk kjem med, legg ho til. Mottoet hennar er: Alt kan reparerast. Men ho lagar òg nye bøker i alle storleikar.

Mykje meir

Butikken hennar finn du på andre sidan av gata der Sparebanken Møre held til i sentrum av Stordal, og den inneheld så mykje meir enn berre bøker. Lottie driv med mange typar handverk. Strikkar, heklar, lagar smykke og broderer. Når Storfjordnytt kjem inn i butikken ein onsdag, syr ho sitjeunderlag i saueskinn. Fleire skinn heng rundt i butikken og fleire har ho dekorert med trykk. Skinna ho bearbeider kjem frå Australia, men ho har òg fleire saueskinn av norsk villsau.

– Dei er så mjuke og har så fine fargar, seier ho og viser fram eit flott skinn ho har sydd saman av tre villsau-fellar. Butikken er innhaldsrik og alt som er utstilt har Lottie laga. Tydeleg er det at ho ikkje sit mykje i ro med hendene i fanget. Ho er i butikken to dagar i veka, medan ho arbeider i barnehagen fire dagar.

Prøvar ut nye ting

Ho har ein nettbutikk på ein nettstad kalla epla.no og har planar om å starte opp eigen nettbutikk. Ho reiser på messer og stiller ut varene sine for sal og på den måten får ho prøvd ut det ho lagar. Ho får kontakt med andre som driv på med det same på den måten og villsauskinna er eit resultat av ein slik kontakt. Nyss kjøpte ho ein printer som kan printe på lerret og med den har planar for framtida.

Minimesse

No jobbar ho med nål, tråd og fingerbøll for å få ferdig sitjeunderlaga som ho skal ha med til Stolen Pub på Overøye der det skal vere ei minimesse. Saman med Bella Rosa som driv med gåver og interiør og Red Shoe som syr barneklede, skal ho stille ut varene sine der og la folk som ferierer på hyttene sine få sjå og kjøpe varene deira og samstundes marknadsføre tenestene sine.