Mykje folk og lite snø

Dei aller minste er ferdige med sitt løp og no er det dei som skal gå mot klokka sin tur til å starte.

I løypene til Valldal idrettslag på Omenås vart det arrangert Valldalsmeisterskap skjærtorsdag.

Med smått og stort var det 120 deltakarar med på skirennet på Omenås og mange gjestar vert med på ein slik dag når arrangementet er i påska. Utflytta valldalingar kjem heim med born og vener og nyttar høvet til ei sosial samling kombinert med idrettsglede i oppkøyrte løyper.

Snø må det vere

I fjor vart rennet gjennomført på Grønningsætra på grunn av snømangel, då var det ikkje i påska og om lag 70 deltok. Året før det igjen var det snø, fint vêr og påske og arrangørane hadde 150 deltakarar. Kristi Linge Stakkestad, leiar i skigruppa er godt nøgd med rennet i påska. Meiningane er fleire om kva tid rennet skal gjennomførast. Mange av dei som er engasjerte, ønskjer òg å ha fri i påska, men folk stiller på og gjennomfører arrangement uansett når det måtte vere. Elles har Valldal idrettslag køyrt opp fine løyper både på Nedstestølen, Øvstestølen, Slettvikane, Høghjelle og Valldalsetra.

Åtte år og yngre

Den aller største gruppa som stilte til start var dei små. Dei gjekk ei oppløpsside med oppmuntring frå speaker og frå foreldra. Når dei passerte målstreken fekk dei varm saft og ein medalje. Jonas på fem år var godt nøgd med eige løp og stod saman med tvillingsøstrene sine i målområdet.

– Når eg går her neste år er eg seks, svarer han på spørsmålet om kor gammal han er.

Pappa Jogeir Gjerde synest det er ein fin tradisjon som familien gjerne deltek på når dei er heime i Valldal i påsketider. På tid Og etter kvart som alderen stig, vert løypene lengre, trykket større og tidene knappe. Det var byger med snø denne dagen, når Storfjordnytt var til stades var det opplett og grei gli.

Alfred Nilsen
alfred@storfjordnytt.no